Kvifor skreiv dei seg Tysland????

Moderator: MOD_Rogaland

Svar
gj08969
Innlegg: 48
Registrert: 8. mars 2009 kl. 16.40
Sted: ORRE

Kvifor skreiv dei seg Tysland????

Legg inn av gj08969 » 25. juni 2009 kl. 19.52

Har ei lita gåte eg ikkje er i stand å finne løysinga på:
Det gjeld Andreas Olsson (f. 1844 på Herredsvela i Ogna flytta som liten til Klampen i Bjerkreim son av Ole Halvorson frå Hadvarshom/Eikeland i bygda og Berthe Andersdotter frå Steinsland/Homse) g. 1874 med Olene Torgirsdotter (f. 1839 på Apeland i Bjerkreim - dotter av Torgir Pederson frå Ognedal og Thori Olsdotter frå Hetland)

Eg er ikkje i stand å finna nære slekts-/famileband eller anna (tenarskap o.l.) som knyttar Andreas eller Olene til Tysland, einast er at Svend Pederson frå Tysland var forlovar då dei gifta seg. Men ved folketellinga i 1900 (Stavanger) skreiv Anders og Olene seg Tysland.

Nokon som har ei forklaring på dette?

Legg og ved ei uleseleg kyrkjebokside frå Ogna (utflytte) som eg ei stund trudde kunne bidra til å forklare spørsmålet over. Trur ikkje lenger det har noko med saka å gjera, men kunne likevel vore interessant å vite kva det eigentleg står under punkt 4 i lista?


MVH
Bjørn Svela
Du har ikke de nødvendige tillatelsene for å vise filene som er tilknyttet dette innlegget.

gj08969
Innlegg: 48
Registrert: 8. mars 2009 kl. 16.40
Sted: ORRE

Re: Kvifor skreiv dei seg Tysland????

Legg inn av gj08969 » 29. juni 2009 kl. 23.41

Litt meir "mat" om nokon kjenner seg kalla til å hjelpa med denne gåta.

Jfr. fleire kjelder er Andreas fødd på husmannsplassen Foraholen under Herredsvela. Fleire kjelder seier og at familien flytte til Klampen / Ytre Kalveskog kring 1852

Jfr fleire kjelder døydde to sysken til Andreas på Klampen (Hans og Elen) i 1855. Mor til Andreas (Berthe) døydde og i 1855 - samband med fødselen til Elen.

Lisbeth Risa skriv i Bjerkreimsboka at enkjemannen flytte frå Klampen kring 1860, men jfr digitalarkivet flytte Andreas Olsen Klampen saman med faren Ole Halvorsen til Klampen i september 1859 (frå Ogna).

Familien er ikkje på Klampen ved ft 1865.

Eg finn ikkje Andreas konfirmert korkje i Ogna eller Bjerkreim.

Finn han heller ikkje døypt korkje i Ogna eller Bjerkreim, men for meg er store deler av kyrkjebøkene frå Ogna uleselege, jfr utklypp i det førre innlegget mitt :-)


PS: Eg trur neppe eg er i slekt med denne Andreas (med mindre han - lite sannsynleg - er "uekte" son av Svend Pederson eller broren Peder på Tysland), men sidan eg er fødd og oppvaksen på Tysland hadde det vore kjekt å få løyst denne gåta.

gj08969
Innlegg: 48
Registrert: 8. mars 2009 kl. 16.40
Sted: ORRE

Re: Kvifor skreiv dei seg Tysland????

Legg inn av gj08969 » 30. juni 2009 kl. 0.09

Om Tyslands-namnet:

Eg har lenge trudd at alle som heiter Tysland stamma frå garden Tysland i Bjerkreim. I stor grad er nok dette tilfelle, då Tysland er einaste garden som framleis finst med namnet og har gjort det i "nyare" tid.

Men det har funnest gardar/plassar kalla Tysland både i Brunkeberg (Vest-Telemark), Asker, Skui i Akershus og i Nes på Hedmark (og kanskje i Grenlandsområdet).

dn23027
Innlegg: 4250
Registrert: 7. oktober 2008 kl. 4.10
Sted: MANDAL

Re: Kvifor skreiv dei seg Tysland????

Legg inn av dn23027 » 30. juni 2009 kl. 0.10

Dåpen til Andreas, nr 10 venstre side, født 28. juni 1844, døpt 21 juli 1844, : http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... _side=-130, foreldre Ole Halvorsen og Birthe Andersdatter. Noen andre bør ta fadderne,- jeg tror det blir mye rart om jeg forsøker.

mvh
Linda W

gj08969
Innlegg: 48
Registrert: 8. mars 2009 kl. 16.40
Sted: ORRE

Re: Kvifor skreiv dei seg Tysland????

Legg inn av gj08969 » 30. juni 2009 kl. 0.20

Synest det var meir enn imponerande at du klarte foreldra sine namn :-) Eg har sett denne oppføringa, men ikkje tort å tru at det verkeleg stod Ole Halvarson og Berte Andersdtr der. Korleis kunne ein mann med ei slik handskrift få lov til å føra kyrkjebok :-)

dn23027
Innlegg: 4250
Registrert: 7. oktober 2008 kl. 4.10
Sted: MANDAL

Re: Kvifor skreiv dei seg Tysland????

Legg inn av dn23027 » 30. juni 2009 kl. 0.48

:) den er ikke den verste håndskriften , har sett enda verre. Er dette Ole Halvorsen og datteren Berthine i ft1865 (person nr 6 og 7)? Ole og Berthe fikk nemlig en datter Berthine i 1851.

http://www.digitalarkivet.no/cgi-win/We ... =1947#ovre

Og da er det nok Andreas og søsteren Amalie som er tjenestefolk her i ft1865. http://www.digitalarkivet.no/cgi-win/We ... =3007#ovre Lurer på hvor Tysland kommer inn,- ser dårlig ut ennå, for de later til å bo på alle andre gårder.

mvh
Linda W

gj08969
Innlegg: 48
Registrert: 8. mars 2009 kl. 16.40
Sted: ORRE

Re: Kvifor skreiv dei seg Tysland????

Legg inn av gj08969 » 30. juni 2009 kl. 9.44

Takk for hjelpa.

Den Ole du har funne på Vassbø er heilt sikkert Andreas sin far, og Efraim er son åt Ole. Men eg er ikkje sikker på om Berthine er dotter av Ole og Berthe - har du funne dokumentasjon på dette?

Andreas (og systera Amalie) som tenar på Laksesvela i 1865 er nok og rett. Laksesvela er grannegard til Tysland - kan hende han seinare var tenar på Tysland i nokre av dei udokumenterte åra fram til han gifte seg i 1874?

I 1875 var Andreas og Olene på vitjing hjå Olene si syster på Ognedal (også grannegard til Laksesvela og Tysland) i følgje Lisbeth Risa (Bjerkreimsboka) - dei var då busette i Stavanger.

I så fall blir eit mogleg svar på gåta at Andreas var tenar på Tysland (hjå Svend Pederson ?) då han gifte seg og valde å ta Tyslands-namnet då dei like etter busette seg i Stavanger?

dn25408
Innlegg: 117
Registrert: 12. juli 2010 kl. 7.28
Sted: STAVANGER

Re: Kvifor skreiv dei seg Tysland????

Legg inn av dn25408 » 31. juli 2010 kl. 7.08

Hei Bjørn

Hvis du ser på folketellingen for 1900 så finner du en Andreas Tysland i Skudesneshavn også,men har undersøkt om farfar eller olderfaren til Andreas kom fra Tysland gjerne det var familien på morssiden.
Mvh
Ketil.Lassen

dn25408
Innlegg: 117
Registrert: 12. juli 2010 kl. 7.28
Sted: STAVANGER

Re: Kvifor skreiv dei seg Tysland????

Legg inn av dn25408 » 31. juli 2010 kl. 7.11

Hei igjen
Glemte å si at jeg søkte i Digitalarkivet under søk i alle baser,der søkte jeg på Tysland :D
Mvh
Ketil

Brukeravatar
Eva Helene Erntsen
Innlegg: 3230
Registrert: 10. januar 2006 kl. 12.51
Sted: SKIEN

Re: Kvifor skreiv dei seg Tysland????

Legg inn av Eva Helene Erntsen » 31. juli 2010 kl. 13.02

Tror nok den siste setningen din er den mest sannsynelige løsningen på gåta.

I så fall blir eit mogleg svar på gåta at Andreas var tenar på Tysland (hjå Svend Pederson ?) då han gifte seg og valde å ta Tyslands-namnet då dei like etter busette seg i Stavanger?

Jeg har flere slike eksempler i min base, folk har tatt navn etter steder hvor de knapt har bodd (ett år eller så). I tidligere tider var gårdsnavnet etter patronymet bare en adresse, ikke etternavn i vår forstand. Derfor kunne Ole Olsen Åsen fort bli til Ole Olsen Dalen når han skiftet bosted. Framover mot århundreskiftet ble det mer og mer vanlig å ta gårdsnavnet som fast etternavn. Så +/- 1900 kan det være mange "navneskifter" og mye å lete i. Har vært borti en barneflokk med fire forskjellige etternavn.

dn25408
Innlegg: 117
Registrert: 12. juli 2010 kl. 7.28
Sted: STAVANGER

Re: Kvifor skreiv dei seg Tysland????

Legg inn av dn25408 » 31. juli 2010 kl. 18.46

Hei Bjørn
Nå har jeg løst gåten for deg.Det har seg sånt at søster til olderfaren Nils Andersen til Berthe Andersdtr som het Joren var gift med Peder Larson(Svela st 50.3) og som bodde på Tysland 15.Og at Sven Pederson er forlover er at disse familiene er inngifte på Ognedal.Dette er også min familie som bor på Svela st.50. :D
Mvh
Ketil.Lassen

Svar

Gå tilbake til «Bjerkreim»