Nils (Nilsson) Kløgetvedt f. 1864 - busett i Stavanger

Moderator: MOD_Rogaland

Svar
gj08969
Innlegg: 48
Registrert: 8. mars 2009 kl. 16.40
Sted: ORRE

Nils (Nilsson) Kløgetvedt f. 1864 - busett i Stavanger

Legg inn av gj08969 » 16. mars 2011 kl. 10.52

Vil gjerne koma i kontakt med etterkomarar etter denne Nils Kløgetvedt.

Han og kona Oluffine Nilsdtr. f. 1867 på Slettebø i Bjerkreim flytte tidleg til Stavanger og fekk minst 3 barn der. Dei tre eg kjenner til er Guri f. 17.11.1889, Bertha f. 29.4.1892 og Nakor Oskar Gustav f. 11.12.1900.

Nils hadde ei syster, Ingeborg, f. 17.3.1863. Ingeborg fekk ein son utanom ekteskap med min oldefar Anders Larsson Svela f. 18.6.1868 på Slettebø i Bjerkreim. Ho gifta seg aldri og fekk ikkje andre born. Nils Kløgetvedt i Stavanger arva huset hennar (midt i Bjerkreim sentrum, ved kyrkja) i 1941(?).

Denne sonen, kalla Anders Laksesvela i Norge og Andrew Swela i USA, f. 15.11.1886 i Bjerkreim og d. 12.12.1947 i Ingomar/Forsyth, Rosebud, Montana.

Anders/Andrew er altså nevø av Nils Kløgetvedt og halvbror til mi bestemor.

Andrew har ikkje etterkomarar etter seg, men historia hans er interessant og eg søkjer derfor kontakt med Nils Kløgetvedt sine etterkomarar, då eg trur Kløgetvedt-familien kan ha hatt kontakt med Andrew - noko min familie trukeg ikkje hadde.

Merk: Tilsvarande etterlysning er og posta under Stavanger i forumet

Svar

Gå tilbake til «Bjerkreim»