Legg inn
av Ivar Ståle Ertesvåg » 16. april 2014 kl. 17.42
SAS er vel Statsarkivet i Stavanger.
Når vi blar i kyrkjeboka her, ser vi at så godt som alle vart jordfesta same dag som dei vart gravlagde - altså var den vanlege "moderne" praksisen innført. Ommund er eit unnatak (det einaste eg kan sjå i farta).
Grunnen kan vere at dei venta på fråsegn/løyve frå amtmannen.
Eg er litt usikker på korleis regelverket var i 1912. I eldre tid var det slik at sjølvmordarar ikkje vart gravlagde på kyrkjegarden. Seinare vart dei gravlagde på kyrkjegarden, men i stille, utan seremoni (jordfesting), og etter kvart med jordfesting. Ei tid var det slik at ein vurderte om sjølvmordet kom av sinnssjukdom o.l. Slike avgjerdsler var lagde til amtmannen. I 1912 kan det framleis ha vore slik at amtmannen skulle uttale seg om at liket av ein sjølvmordar kunne jordfestast. Det kan ha vore ein formalitet, men det ville uansett ta litt tid.
Dersom du kjem deg på SAS og får sett på embetsarkivet til soknepresten, vil det truleg ligge eit brev (eller fleire) der om saka. Er du heldig, vil brevjournalen vere så detaljert at du kan finne brevet der. Elles må du leite gjennom alle brev frå den aktuelle perioden (som rett nok er relativt kort - dersom mappa for 1912 er ordna strengt kronologisk).