Johannes Christianson from Finnøy

Moderator: MOD_Rogaland

Svar
gj03628
Innlegg: 2
Registrert: 9. september 2006 kl. 13.22
Sted: OSLO

Johannes Christianson from Finnøy

Legg inn av gj03628 » 9. september 2006 kl. 13.34

Hei.
Eg held på med å grava litt i fleire mogelege kandidatar til forfar til ein kjenning i USA.
Som vanleg er ikkje forståelsen av norsk språk og geografi heilt på topp der borte, så vi er i gong med eliminasjonsmetoden for å prøva å finna ”rett mann”.
Det vi veit at personen vi leitar etter heiter Johannes Christiansson og er fødd i 1850.
Han skal vera fødd/døypt på Finnøy.

"It is an outer island just west of Molde and south
of Kristiansund. It is in the county of Rogaland. And is about 13 nautical miles (24 km) north of Stavanger. In More Og Romsdal.
He sailed from Stavanger on April 27, 1868 (which was the year I had figured that he left Norway) on a ship named the Heros and sailed to Quebec landing on June 2, 1868."

Eg har ikkje funne nokon Johannes Christiansson som passar på Finnøya i Møre og Romsdal. Derimot er det døypt ein Johannes Christansen 3. mars 1850 på Finnøy i Rogaland. Denne Johannes var fødd utanfor ekteskapet 26. desember 1849. Mora var Malene Johannesdotter og faren Christian Ludvig Bruun. Dette har eg funne i ”Digitalarkivet” sin skanna versjon av kyrkjeboka for Hesby, Talgje og Finnøy side 19. Diverre klarar eg ikkje å lesa gardsnamna som står i kyrkjeboka på nettet. Det ser ut til at det står eitt eller anna om ”Kobbervig” i teksta om Christian Ludvig Bruun.

Mitt spørsmål her er om det er nokon andre som har kjennskap til denne Johannes Christensen (Christianson) slik at vi om mogeleg kan eliminera eller gå vidare med dette namnet.

Takk for hjelpa.

Johannes Risnes

Brukeravatar
8317
Innlegg: 358
Registrert: 4. desember 2004 kl. 17.49
Sted: PORSGRUNN

Re: Johannes Christianson from Finnøy

Legg inn av 8317 » 15. september 2006 kl. 23.24

I Finnøy Bygdebok bind II finner jeg på side 251 på plassen Gåsvika under Lauvnes følgende: Her bodde i 1865 Kalena Johannedotter som husmann uten jord. Ho var dotter til Ingeborg Knutsdotter ( husmann nr. 12 ovenfor), f. Bergebeide (6.5). .........
Malena fikk i 1850 sonen Johannes og gav opp omreisande skolelærar Kristian Ludvig B ruun som barnefar ( han var fra Koparvik i 1850) .....
alena og sonen bodde her til 1868, då dei reiste til Amerika. Sonen er då kalla "Johan Chr., 18 år". (Med .... har jeg hoppet over noen linjer). Flere Finnøy aner bør dermed finnes i Finnøybøkene. Lykke til

Svar

Gå tilbake til «Finnøy»