hei, vel møtt i forumet
(ikkje så ofte det er sambygdingar her...)
I dette laget er fødslar i 1933 ganske "nytt"; t.d. er dåpsinnførsler i kyrkjebøkene på Digitalarkivet sperra for innsyn frå og med 1930 av personvernomsyn.
I "Gravminne" (lenkja til Magne) finn eg ein Leiv Øien, Arbeider, Ranheim f.26.7.1930 -d.12.10.1998, Trondheim, gravlagd på Moholt. (I databasen er dødsdato lik gravferdsdato, så éin av desse datoane må vere feil.)
Søk på Id. 797667 så kjem du direkte.
Anne-Marie finn eg ikkje... Men når eg søkjer på døde i 2010 i Trondheim, finn eg ingen. Databasen er tydelegvis ikkje oppdatert.
Men... i skattelistene 2008 finn eg ei Anne-Marie Øien f. 1933, busett Melhus kommune
(rett sør for Trondheim). I 2009 finn eg berre dei fem andre med det same namnet (landssøk).
Er du sikker på at det var i 2010 ho døydde? Kan det ha vore i 2008?
Det kan tenkjast du kan få opplyst kva som står i kyrkjeboka dersom du kontaktar kyrkjekontoret i Tveit sokn i Kristiansand.
http://www.kirken.no/?event=showSokn&pSoknId=s05010401
Ut får det du skriv, kan det vere at nettopp her står ting som ikkje er "frie" opplysningar.
Det føreset også at du finn nokon som har tid til å finne fram den gamle kyrkjeboka og sjå etter.
Alternativt kan du kontakte Statsarkivet i Kristiansand.
http://www.arkivverket.no/arkivverket/A ... istiansand
Dei har fått avlevert klokkarboka. Ho er skanna og lagd ut:
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_id=166
men er altså sperra for vanleg innsyn frå 1930.
Igjen kan det vere ting dei ikkje kan formidle, men du kan be om å få det dei kan seie.
Det ville sikkert hjelpe å vite meir, t.d. fødselsdato. Rimelegvis har du onkler/tanter i live som kan vite noko.
Merk at du ikkje bør seie noko om nolevande her på forumet.