Ny bok om slekter i Sunndal på Nordmøre

Relatert til slektsforskning. Reklame tillates ikke andre steder i Slektsforum

Moderator: MOD_kjopsalg

Svar
Knut Sæther
Innlegg: 3046
Registrert: 23. januar 2007 kl. 11.36
Sted: Øksendal

Ny bok om slekter i Sunndal på Nordmøre

Legg inn av Knut Sæther » 6. november 2024 kl. 9.38

Boka «Familiar og slekter i Sunndal 1700–1900» er eit nytt oppslagsverk som supplerer dei fem første binda av det eksisterande bygdebokverket for kommunen, nemleg Sunndalsboka, som kom ut i åra 1965-1968. Med utgangspunkt i desse bøkene presenterer ho ny informasjon om enkeltpersonar, familiar og slekter i den aktuelle tidsperioden. Og ikkje minst viktig: Folk som ikkje har kome med i bygdeboka, blir løfta fram i lyset. Skjebnen til mange av dei sunndalingane som flytta til andre kantar av landet (f.eks. til kyststroka og til Nord-Norge) utgjer elles ein sentral del av innhaldet. Kvar busette dei seg? Kven gifta dei seg med, og kva heitte barna dei fekk? Desse utflyttarane og etterkommarane deira er følgt fram til 1910.
Denne nye slektsboka byggjer på ei rekkje kjelder (kyrkjebøker, folketeljingar, skifteprotokollar, tingbøker, militære ruller m.m). Ho vil vera til nytte ikkje berre for dei i Sunndal kommune som er på jakt etter meir kunnskap om røtene sine, men òg for etterkommarar av sunndalingar som i si tid etablerte seg andre stader i Norge. Ein del lesarar vil nok finne slektsgreiner dei ikkje har kjent til.
Boka er på 764 sider, og kostar 400 kroner. Sendt som postpakke kjem det 73 kroner i tillegg. Bestilling kan skje her i forumet ("Kjøp og salg"), eller via e-post - [email protected] eller SMS - 924 06 885. Betaling ved levering. Bruk Vipps (92406885) om ikkje anna blir avtala.

 
 
 
Du har ikke de nødvendige tillatelsene for å vise filene som er tilknyttet dette innlegget.

Svar

Gå tilbake til «Kjøp og salg»