det spørs litt kor "gamle" desse kyrkjebøkene skal vere.
I 1877 vart det innført eit kyrkjebokskjema med datoar for død, "naar begravet" og
"naar jordfæstet", som her:
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... _side=-274
(bøker etter eldre skjema kunne brukast fram til dei var utskrivne, men
ikkje lenger enn til 1886, ifl. resolusjonen som er trykt fremst i protokollen
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... dx_side=-4
)
Her er "begravet" at liket vert lagt i jorda - dette var det familie og grannar som tok seg av og det skulle gjerast innan nokre få dagar (meiner hugse det var 5 dagar, men finn ikkje referanse for dette i farta). "Jordfestet" er når presten utfører embetshandlinga, og kastar jord på liket/kista. Dette kunne vere ved gravlegginga, men vanlegvis seinare. Skikken ymsa litt omkring i landet, men ofte var det på første preikesundag etter gravlegginga. Det kunne også gå fleire veker - i spesielle tilfelle fleire månader.
Før 1877 hadde dei eit kyrkjebokskjema med to datoar; "dødsdag" og "begravelses-datum", som her
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... _side=-168
Slik var det i det første skjemaet, som vart innført i 1812 (og teke i bruk i åra etterpå).
Her ser det ut til at praksis varierer noko. Nokre prestar førte inn datoen for embetshandlinga - altså jordfesting - som "begravelses-datum". Dette kan vi sjå av at flestalle datoane er på helgedagar og at dei ofte er ei tid etter dødsdatoen. Andre har teke skjemaet bokstaveleg og ført inn datoen for gravlegging. Etter kvar har mange prestar gjort som Ulstein-presten i dømet ovanfor: ført inn to datoar under "begravelses-datum". Den første må då vere gravlegging, den andre jordfesting.
I endå eldre bøker, påbyrja før 1812, gjorde presten som han syntest best. Men pålegget var å føre bok over embetshandlingar - og det var jordfestinga. Men vi finn sikkert døme på at prestar førte inn dødsdatoar også.
Presten i Borgund frå 1800 førte inn "naar Begravelse" (til venstre) og "naar gravfæstelse" (til høgre).
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... _side=-146
Ved første tanke kunne dette vere gravlegging og jordfesting; men det kan det neppe vere - sidan ikkje alle har dato for "gravfæstelse". Her kan "Begravelse" vere jordfesting og "Gravfæstelse" må vere likpreike (som dei etterlatne kunne be presten halde, men som kosta pengar - jordfesting skulle vere gratis).