Historier om sterke mannfolk og kvinnfolk

Moderatorer: MOD_Kildereg, MOD_Generellt

Svar
Brukeravatar
Helge Bjerkevoll
Innlegg: 3156
Registrert: 10. desember 2004 kl. 22.15
Sted: REKDAL
Kontakt:

Historier om sterke mannfolk og kvinnfolk

Legg inn av Helge Bjerkevoll » 18. juli 2008 kl. 11.33

Mange er vel dei gjetord som har gått og går om sterke menn, og kanskje også sterke kvinner rundt omkring i landet.

Hadde det vore ein ide å samla inn disse historiene (om det ikkje er gjort?) som eg vil tru det finns mange av både i bygdebøker og i andre skriftlige kilder. DIS-forumet må da vel være eit godt egna sted til å samle denne frodige fortellertradisjonen til våre forfedre.
Så kunne kanskje nokre kreative sjeler laga ei bok eller publisere ein artikkel på nettet om alle dei sterke karar og kvinner rundt omkring. Vi bør vel sette ei grense og ikkje ta med personer fødd etter 1900?

Sjølv vil eg starte med ei par historier frå bygdeboka i mitt eige sokn. Frå Gard og Slekt Fiksdal Sogn av Olav Rekdal.
(reknar med at dette ikkje kjem i konflikt med åndsverkslova).

Kristen Pederson Rekdal (Kristen på Myrå) 1878-1949
Kristen var i ungdommen kjend for sin store styrke, og for so vidt ogso for sitt friske pågangsmot. Typisk for han er soleis den sanne forteljinga om då han var på "sirkus" i Ålesund, der ein bjørnetemjar viste fram ein tam bjørn og baud 50 dale til den som kunne legge bjørnen i ryggtak. Kristen var den einaste som gjekk fram og slo labbane kring bjørnen. Han fekk ikkje åt bjørnen med makt, men prøvde so å manøvrere han bort i ein lukekant i gulvet, for å få han til å drive over ende. Men då temjaren såg det var fare på ferde sette han ti åt bamsen at han fekk ikkje kveldsmat om han tapte. Då slo bjørnen kloa ti han Kristen og flengde sund trøya hans. Med di laut dei skiljast. Kristen fekk iallfall erstatning for trøya.
Kristen skulle ogso bere ein mjølsekk i korre handa og ein med tennene samtidig.

Hans Kristenson Rekdal (Hans på Sanda) 1822-1882.
Han Hans på Sanda skulle vere ein kjempekar, om enn ikkje så mykje høgvoksen. Ein gong tok han ein storokse og bar frå båten og opp på slaktebua i Molde, og det skulle være ei utruleg svær bør. Gjetord har det au gått om ei neverbør han kom bærande heim frå Markinj med ein kveld. Men mest navngjeten for styrken sin vart han nok etter den jonsokaften han bar ein gamal færing ifrå Nakkesjønå og langt avgårde oppgjenå, til der jonsokbrisen skulle vare, det har vore sagt heilt oppe på Nakkja - medan det sat ein gut oppi båta og spela fele.

Ser også at Hans Rekdal (f. 1857), ein av sonene til Hans på Sanda kom til Ålesund og om han er det sitert:
"Han Hans var storvaksen og fryktele sterk, et ualminnelig godt menneske..."

Så godtfolk fram med den gode historia om sterke kvinner og menn, nå enten det er ein slektning eller nokon du tilfeldig har kome over. Ja kanskje lever det og historier om våre forfedre som ikkje har kome på papiret ennå.

Vh Helge

dn22533
Innlegg: 279
Registrert: 5. mars 2008 kl. 19.54
Sted: HARSTAD

Re: Historier om sterke mannfolk og kvinnfolk

Legg inn av dn22533 » 29. juli 2008 kl. 22.01

I min familie er det historiene om Store-Jo.John Larsen Rudi fra Rudi gård i Ringebu.Når hesten ikke klarte lasset tok Jo over .Yeah right !Han var postfrakter i Gudbrandsdalen før han kom hit.Han ble overfalt av 4 røvere og slo ihjel 3 av dem.Han var på plattformen da Brandts og Struensee ble henrettet i Danmark.Fy det var stygt var eneste kommentar til barn og barnebarn.
Skal vi ta sånne utsagn med en klype salt eller et kilo ? Det finnes dungevis av Sterke-Nilser og Store-Joer i hele landet.Hvor mye tror vi på det ?
Hilsen Odd Einar Tømmerås

Brukeravatar
Vidar Holum
Innlegg: 734
Registrert: 18. november 2004 kl. 10.28
Sted: KLØFTA
Kontakt:

Re: Historier om sterke mannfolk og kvinnfolk

Legg inn av Vidar Holum » 30. juli 2008 kl. 9.52

Hei
Her har dere litt om Karl Norbæk fra Ullensaker, sirkusdirektør og Norges sterkeste mann.
http://www.holum.net/gen/norbek.htm

Dere kan også lese om han i denne boken:
Karl Nordbeck's liv og kampe.
Hvordan han blev Norges sterkeste mann.
Med forord av Oscar Mathisen og Karl Norbeck.
I kommisjon hos: C. Dahl's Bok & Kunsttrykkeri Kristiania 1923
Hilsen
VidarH via Slektsforum DIS Norge.

Midt i problemet befinner muligheten seg.
Besøk http://www.holum.net eller (http://www.kroa.net er dessverre lagt ned)

Svar

Gå tilbake til «Generelt»