Matrikkelrevisjonen 1863. Kva ligg i 'Foring' ?

Moderatorer: MOD_Kildereg, MOD_Generellt

Svar
Kjell Remø
Innlegg: 202
Registrert: 23 nov 2016 18:14:08
Sted: LEIKANGER

Matrikkelrevisjonen 1863. Kva ligg i 'Foring' ?

Legg inn av Kjell Remø » 17 okt 2019 10:38:01

Hei !

Sjå om Melbø, Elias Pedersen. Øvst på høgre side, høgre spalte står: Foring: 1 Hest, 5 Kjør, 6 Faar.

RA, Matrikkelrevisjonen av 1863, F/Fe/L0282: Ulstein (Vartdalstranden), 1863
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/ma20101001610628

Eg vil tru tal dyr på eit bruk i 1865 skulle vere omlag det same som to år tidlegare.

Teljinga for Melbø i 1865 viser følgjande tal dyr: 1 hest, 12 storfe, 10 sauer og 10 geiter.
FOLKETELLING 1865 VARTDAL. RA, Folketelling 1865 for 1516P Ulstein prestegjeld, 1865, s. 57. Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/ft20090803320427

(3-4 stikkprøver på andre bruk syner same misforhold.)

Stikkprøver syner og at det ofte ikkje er samsvar mellom 'Kubidaler Hø' og tal dyr til 'Foring'.

Misforholdet mellom reelt dyrehald og foring er for dei bruka eg har sett på svært stort.

Kva ligg i begrepet ‘Foring.’ ?

mvh Kjell

Ivar Ståle Ertesvåg
Innlegg: 4943
Registrert: 12 des 2004 13:08:07
Sted: TRONDHEIM
Kontakt:

Re: Matrikkelrevisjonen 1863. Kva ligg i 'Foring' ?

Legg inn av Ivar Ståle Ertesvåg » 17 okt 2019 11:42:11

"Foring" er den buskapen ein kan fore over året (altså gjennom vinteren).

Eit stikkord kan vere svelteforing.... https://nn.wikipedia.org/wiki/Sveltef%C3%B4ring
Tala i matrikkelen er for rimeleg foring.
Tala i folketeljinga er den faktiske buskapen ved teljingstidspunktet (31. des);
ikkje den buskapen som ville hatt det bra gjennom vinteren.

Sjå elles forklaringa heilt bak. https://www.digitalarkivet.no/ma20101001610640
Det finst sikkert ein meir detaljert instruks/forklaring også.

Eit anna stikkord kan vere skatt.
Ein betalte ymse skattar og tyngsler etter landskylda. Meir fór, fleire dyr, høgare landskyld, meir skatt...
Altså ville brukarane ha så låge verdiar som mogeleg i matrikkelen.

Kjell Remø
Innlegg: 202
Registrert: 23 nov 2016 18:14:08
Sted: LEIKANGER

Re: Matrikkelrevisjonen 1863. Kva ligg i 'Foring' ?

Legg inn av Kjell Remø » 17 okt 2019 13:36:08

Hei !

Mange takk Ivar !

Eg tenkte på svelteforing, men avviket var så stort at eg slo det frå meg.

Rundt om på gardane må det ha vore svelteforing med stor S !
Eg kan nemne at ved ei eksekusjonsforretning hos Elias Pedersen på Melbø i mai 1871 heitte det at 'Kreaturene paa Grund af Sultefodring var i en yderlig tilstand'.

Eg forstår at brukarane av skattemessige årsaker ville ha så låge tal som muleg i matrikkelen, men brukarane hadde vel neppe så mykje dei skulle ha sagt ?

mvh Kjell

Ivar Ståle Ertesvåg
Innlegg: 4943
Registrert: 12 des 2004 13:08:07
Sted: TRONDHEIM
Kontakt:

Re: Matrikkelrevisjonen 1863. Kva ligg i 'Foring' ?

Legg inn av Ivar Ståle Ertesvåg » 17 okt 2019 17:44:55

Kjell skrev:Eg forstår at brukarane av skattemessige årsaker ville ha så låge tal som muleg i matrikkelen, men brukarane hadde vel neppe så mykje dei skulle ha sagt ?


Namna på dei fem komitemedlemene står på siste sida (lenkje i innlegget mitt).
Eg tenkjer du finn att alle fem som brukarar lenger framme i boka.

Svar

Gå tilbake til «Generelt»