Pontoppidan-'Sandhed til gudfryktighed'

Moderatorer: MOD_Kildereg, MOD_Generellt

Svar
Kjell Remø
Innlegg: 202
Registrert: 23 nov 2016 18:14:08
Sted: LEIKANGER

Pontoppidan-'Sandhed til gudfryktighed'

Legg inn av Kjell Remø » 20 jun 2019 19:30:27

Hei !

‘Sandhed til gudfryklighed’ av Erik Pontoppidan var obligatorisk lærebok ved undervisning av konfirmantar frå 1738 til 1794.

Etter den tid gjekk boka gradvis ut av undervisinga. Søk på nettet gjev litt sprikande svar på kor lenge boka var i bruk.

Eg vil tru at her var det store regionale forskjellar, men er det nokon som veit sånn ca. kor lenge boka vart brukt i undervisinga på Sunnmøre ?


mvh
Kjell Remø

Ivar Ståle Ertesvåg
Innlegg: 4943
Registrert: 12 des 2004 13:08:07
Sted: TRONDHEIM
Kontakt:

Re: Pontoppidan-'Sandhed til gudfryktighed'

Legg inn av Ivar Ståle Ertesvåg » 20 jun 2019 22:03:47

Jostein Fet skriv litt om dette i "Lesande bønder" (Univ.forl., 1995) s. 166-169.
Han viser til Johannes Buset i Tidskr. for Sunnmøre historielag 1946.
Obligatorisk var ho vel ikkje så lenge, men i allmenn bruk det meste av 1800-talet,
og ho vart brukt etter 1900 (omarbeidde utgåver 1864 og 1897).

Kjell Remø
Innlegg: 202
Registrert: 23 nov 2016 18:14:08
Sted: LEIKANGER

Re: Pontoppidan-'Sandhed til gudfryktighed'

Legg inn av Kjell Remø » 20 jun 2019 22:54:13

Hei !

Takk Ivar !

Til all lukke får eg tilgang på nettet til både 'Lesande bønder' og Tidskr. for Sunnmøre Historielag.

Mest brukte lærebok i 150 år ser eg Fet skriv. Då var det mange som rakk å verte 'pint under Erik Pontoppidan.'


mvh Kjell

Svar

Gå tilbake til «Generelt»