Tolking av innhald i skifte frå Sunndal 1678

Moderatorer: MOD_Kildereg, MOD_Generellt

Svar
gj04325
Innlegg: 2565
Registrert: 23 jan 2007 11:36:49
Sted: FØRDE

Tolking av innhald i skifte frå Sunndal 1678

Legg inn av gj04325 » 20 jan 2013 17:35:43

Denne saka gjeld korleis noko av innhaldet i eit skifte skal tolkast.

For å gje nødvendig bakgrunnsinformasjon siterer eg nedanfor det meste av det som står i bygdeboka (Sunndalsboka bind 3 s. 50) om brukaren Lars Olsson I på garden Hol i Sunndalen, og etterfølgjaren hans Lars Ingebrigtsson:

Lars Olsen I (1642-65). Han var f. ca. 1608. Var 2 ganger gift. Hans første kone er ikke kjent ved navn. Hans annen hustru var Sigrid Anbjørnsdatter, en datter av grdbr. Anbjørn Åker. Barn av første ekteskap: Beret, ble grdbrkone på Innviken? Av annet ekteskap: 1) Anbjørn f. ca. 1654, ble grdbr. på Tredal bruk nr. 4. 2) Nils f. ca. 1655, ble visstnok grdbr. på Løken bruk nr. 6. 3) Ole f. ca. 1758, ble sin fars ettermann på Hol. 4) Hågen f. ca. 1659, levet i 1665, men må være død ung.
Lars Olsen I døde omkr. 1665.
Lars Ingebrigtsen (1666-78). Han var f. ca. 1605. Hadde tidligere vært gift (hans første hustru er ukjent) og hadde fra dette ekteskap 4 barn: Ole, Mons, Beret og Gjertrud. Nå giftet han seg med enken Sigrid Anbjørnsdatter. Med henne hadde han sønnen Ingebrigt.”

Så langt bygdeboka. I 1678 var det skifte etter Sigrid Anbjørnsdotter - folio 118, høgre side:

http://arkivverket.no/URN:sk_read/24636/123/

Etter presentasjonen av tid og stad i innleiinga, står det vidare at dette var eit skifte

”effter Sal. affdøde Sigrii Anbiørnsdaatter til Rigtighet mellem hindes Effterladte Mand Lauritz Ingebrigts. paa dend Ene, och dend Sal. Quindes Børn afled med hindes første Sal. Mand Lauridtz Olluffsen nemblig Anbiørn, Olluff och Niels Lauridtzsønner med tillige Effterladte Mand affled Ingebrigt Lauridtzen, samme Thid som bemeldte Sirrii Anbiørnsdatter kom i Echteskab med Lauridtz Olluffsen hafer hand 4 Børn med hans forrige Sal. Quinde nemblig Olluff og Maans Lauridtzsønner, item Birgette och Giertrud Lauridtzdøttrer, disse paa dend anden side.” (Mi understreking.)

Dei fire sistnemnde barna her er vel dei som i bygdeboka er ført opp som barn til Lars Ingebrigtsson. Men kan det vere rett at det var han som var faren? Kven viser pronomenet hand i skiftet tilbake til – Lauritz (Lars) Ingebrigtsson eller Lauridtz (Lars) Olluffssen (Olsen)?

Ein viktig grunn til at eg spør, er at Ole Larsson Hol (son til Lars Olsson I ovanfor) i eit tingboksnotat frå 1695 er ført opp med desse søskena: Anbjørn, Nils, Mons, Ole, Gjertrud og Brit (kanskje var det eit søsken til - utydeleg skrift!) - sjå folio 77b (andre avsnittet på venstre side):

http://arkivverket.no/URN:rg_read/28698/79/

Eg tek gjerne imot synspunkt på problematikken.

Helsing Knut

Tore Kristiansen
Innlegg: 3976
Registrert: 18 nov 2004 09:47:39
Sted: KRISTIANSUND N

Re: Tolking av innhald i skifte frå Sunndal 1678

Legg inn av Tore Kristiansen » 20 jan 2013 18:13:14

Så vidt jeg kan se, Knut, står det på neste side i andre avsnitt
Birette Lauridtz daatter fordrer arf Effter hindiss Sahl. Fader, Lauridtz Ollufssen item dend Sahl. Quinde Sigrij Anbiørns daatter hafde till Echte Nemblig,

Da må det vel bety at de fire siste barna var Lars Olsens barn fra hans første ekteskap.
:) Tore

gj04325
Innlegg: 2565
Registrert: 23 jan 2007 11:36:49
Sted: FØRDE

Re: Tolking av innhald i skifte frå Sunndal 1678

Legg inn av gj04325 » 20 jan 2013 22:34:12

Eg hadde vel ein mistanke om at det i dette tilfellet måtte vere ein feil i bygdeboka. Men for meg var det mest opplysningane i tingboka som gjorde utslag, og ikkje skiftet, som eg syntest var noko tvetydig i innleiingsdelen.

I bygdeboka står både Lars Olsson I og etterfølgjaren Lars Ingebrigtsson oppført med ei dotter Beret (Brit). Men ho var altså barn til den førstnemnde, slik som Mons, Ole og Gjertrud.

Takk for hjelpa!

Helsing Knut.

Svar

Gå tilbake til «Generelt»