ophavsret

Moderatorer: MOD_Kildereg, MOD_Generellt

Svar
dn26036
Innlegg: 129
Registrert: 14 jan 2011 15:49:13
Sted: Danmark

ophavsret

Legg inn av dn26036 » 25 nov 2011 15:06:25

Kan nogen svare på lovligheden til at viderebringe digitale fotos af malerier fundet på nettet f.eks på egen hjemmeside: Min norske oldefar var kunstmaler - død i 1889. Hans malerier er spredt privat og i museer - optræder også på nettet ved auktioner, hvor malerierne kan ses digitalt. Har jeg lov til digitalt at offentliggøre det jeg finder afbildet rundt omkring - evt. uden at spørge nuværende ejere - private eller offentlige - om lov - ?

Ivar Ståle Ertesvåg
Innlegg: 4944
Registrert: 12 des 2004 13:08:07
Sted: TRONDHEIM
Kontakt:

Re: ophavsret

Legg inn av Ivar Ståle Ertesvåg » 25 nov 2011 17:11:02

Først: Eg er ikkje jurist.
Dinest: Det du gjer i Danmark er underlagt dansk lov; og det du gjer Noreg er underlagt norsk lov. I dette tilfellet er lovene samordna, så det gjer liten skilnad.

Oldefar er død for meir enn 70 år sidan, så vernetida for åndsverka hans har gått ut. Kven som helst kan altså fotografere eller reprodusere måleria hans. (Den som eig måleriet kan hindre at nokon får fotografere det, men det vert ei anna sak.)

Eit fotografi kan vere eit åndsverk, men eit fotografi av eit måleri vil normalt ikkje vere rekna som "verk". Fotografiske bilete (som ikkje er "verk") er også verna etter Åndsverkslova. Vernetida er 15 år etter at opphavsmannen dør; men minst 50 år etter at biletet er teke.

Ifl. Gisle Hannemyr, http://hannemyr.com/faq/legal_dm05.shtml#fverk , er det uklart om eit fotografi av eit bilete har vern på denne måten.

Litt resonnering på eiga hand: Eg vil tru at når ein fotograf skulle fotografere eit måleri for eit galleri, utstilling, katalog, e.l. ville han legge ned ein del arbeid i lyssetjing, bakgrunn osv.
Då ville det fotografiske biletet vere verna etter 50-års-regelen.
Men dersom nokon på galleribesøk tok eit bilete av måleriet slik det hang, ville det kanskje ikkje vere verna.

Med andre ord.... er fotografiet så godt at du synest det er bra nok, så er det sannsynlegvis verna i 50 år.

dn26036
Innlegg: 129
Registrert: 14 jan 2011 15:49:13
Sted: Danmark

Re: ophavsret

Legg inn av dn26036 » 25 nov 2011 21:58:14

Stor tak for forklaringen.
Venlig hilsen fra Danmark

Svar

Gå tilbake til «Generelt»