Straff for betling etter fattiglovene 1845 /1863

Moderatorer: MOD_Kildereg, MOD_Generellt

Svar
Kjell Jan Remø
Innlegg: 300
Registrert: 23. november 2016 kl. 18.14
Sted: LEIKANGER

Straff for betling etter fattiglovene 1845 /1863

Legg inn av Kjell Jan Remø » 7. januar 2025 kl. 22.14

Ein bror av min tipp-oldefar var i tida frå 1858 og framover innom det som var av tvangsarbeidsanstaltar i Norge.
Eg har funne at han 6. gangar vart arrestert for betleri, og dømd etter fattiglovene for ‘kjøbstedene’ av 1845 (§ 33) og 1863 (§ 59).

Strafferamma var den same etter begge lovene.
Vedlagt link til § 59 i 1863- lova.  (Otto Mejlænder. Aldmindelig Norsk Lovsamling 2det Bind 1861-1885)
https://www.nb.no/items/9a01048b3e6bacd02d6a31fa27d08043?page=123&searchText=%22%20fattigloven%20af%20%201863%22

Strafferamma såg slik ut:

Gitt at tukthus var tilgjengeleg, var straffa ved 1. gangs betleri 2 mnd i tukthus,
deretter eit påslag på 2 mnd pr. gang inntil 1 år. (Kunne doblast om den dømde vandra frå plass til plass)

Var det ikkje tilgang til tukthus var straffa ved 1. gangs betleri  berre 3-7 dagar på ‘Vand og Brød’,
2. gang vart straffa auka til 5-10 dagar. Deretter var det 8-15 dagar pr. gang.

Spørsmal: Kva er logikken bak den ekstremt store skilnaden mellom dei to alternativa?

Sjå og vedlegg.
 
Jens_Betling.docx
 
 
 
Du har ikke de nødvendige tillatelsene for å vise filene som er tilknyttet dette innlegget.

Brukeravatar
Paul Johan Hals
Innlegg: 13093
Registrert: 17. oktober 2007 kl. 20.33

Re: Straff for betling etter fattiglovene 1845 /1863

Legg inn av Paul Johan Hals » 8. januar 2025 kl. 19.32

Maten.
Det var adskillig billigere å fø en person på vann og brød enn på annen kost.
I noen tilfelle kunne en innsatt velge å sone på vann og brød og derved få soningstiden nedsatt.

Mvh Paul

Kjell Jan Remø
Innlegg: 300
Registrert: 23. november 2016 kl. 18.14
Sted: LEIKANGER

Re: Straff for betling etter fattiglovene 1845 /1863

Legg inn av Kjell Jan Remø » 8. januar 2025 kl. 21.15

Hei !

Takk for innspel Paul !

Tvangsarbeid skulle i prinsippet vere sjølvfinansierande.
Kostnadene ved å putte ein tiggar i fengsel fall tilbake på samfunnet.

Likevel er mishøvet mellom alternativa enorm.

Personen eg har sett litt nærare på, ba eit par gangar om å få sone på vatn og brød, men fekk avslag.
For han måtte det vere som å vinne i lotto å få bytt ut  månader på tvangsarbeid med  dagar bak murane.

I Trondheim vart han konsekvent sett til tvangsarbeid.
I Ålesund var det langt til tukthus og kostbart å transportere han dit. Dermed fengsel
I Drammen vart han dømd ein gang til tvangsarbeid og ein gang til vatn og brød.
Kanskje var tukthusa i Christiania den eine gangen fullsette ?

Likevel...
Det var i alle fall vesentleg meir fornuftig å gå på fylla i Ålesund enn i Trondheim !

mvh Kjell
 
 
 

Svar

Gå tilbake til «Generelt»