Lokalval 1881

Moderatorer: MOD_Kildereg, MOD_Generellt

Svar
Kjell Jan Remø
Innlegg: 302
Registrert: 23. november 2016 kl. 18.14
Sted: LEIKANGER

Lokalval 1881

Legg inn av Kjell Jan Remø » 27. januar 2022 kl. 15.21

Hei !

I 1881 var det suppleringsval til formannskapet i Levanger. Stemmene går med eit unntak til menn med fine titlar. Unntaket er ei stemme gitt til ‘Fattighuslem Spilkevig’. (Sjå side 2, venstre spalte heilt nede)
 https://www.nb.no/search?q=spilkev*&mediatype=aviser&fromDate=18811223&toDate=18811223

På dette tidspunkt var stemmeretten langt frå ålmenn. ‘Fattighuslem Spilkevig’ var ein av dei som definitivt ikkje hadde stemmerett. Av ein eller annan grunn, har ein mann frå det øvre sosiale sjikt gitt si stemme til ein ‘fattighuslem’.

I samband med dette har eg to spørsmål.   
           1.       Eg tvilar sterkt på at Spilkevig var valbar. Er teorien rett ? (I så fall litt rart at stemma vart godkjent)   
           2.       Korleis skjedde lokalvala ? Dette var før partilistene si tid. Møtte ein berre opp på fastsett plass og skreiv nokre namn på ein lapp ?

NB: I januar 1886 var det på ny val i Levanger, denne gangen til byens ‘repræsentantskab’. Også denne gangen får Spilkevig ei stemme. I tillegg ser det ut til at ein stemmesetel til har namnet Spilkeviig ført opp, men denne setelen er ikkje godkjent. (Side 4, venstre spalte langt nede)

  https://www.nb.no/search?q=spilkev*&mediatype=aviser&fromDate=18860105&toDate=18860105
 
 

Brukeravatar
Astrid Mollan
Innlegg: 6505
Registrert: 1. mars 2009 kl. 18.46
Sted: KRISTIANSUND N

Re: Lokalval 1881

Legg inn av Astrid Mollan » 27. januar 2022 kl. 17.21

Astrid M

Kjell Jan Remø
Innlegg: 302
Registrert: 23. november 2016 kl. 18.14
Sted: LEIKANGER

Re: Lokalval 1881

Legg inn av Kjell Jan Remø » 27. januar 2022 kl. 17.29

Hei !

Takk for tilbakemelding.
Sida som lenka viser til har eg allereie studert, men den gir ikkje svar på det eg lurde på.


mvh Kjell 

Brukeravatar
Astrid Mollan
Innlegg: 6505
Registrert: 1. mars 2009 kl. 18.46
Sted: KRISTIANSUND N

Re: Lokalval 1881

Legg inn av Astrid Mollan » 27. januar 2022 kl. 17.59

Her må det vel en jurist til for å svare, men jeg tolker det slik at det var først i 1882 kommunene måtte følge felles regler, lover. Det vil si at i 1881 kunne kommunene ha egne regler, men ikke i 1886. 
 
Astrid M

Svar

Gå tilbake til «Generelt»