Spørsmål om forflytting

Moderatorer: MOD_Kildereg, MOD_Generellt

Svar
gj14894
Innlegg: 37
Registrert: 17. oktober 2011 kl. 19.33
Sted: Hvalstad

Spørsmål om forflytting

Legg inn av gj14894 » 16. mai 2012 kl. 21.55

Hei, vet ikke om dette er riktig sted å poste dette spørsmålet, men prøver likevel. Jeg driver for øyeblikket med slektforskning av min farfars side. Helt fram til 1600-tallet eller 1500-tallet så holder familien seg i et område, mens etter det så flytter familien mye. Er dette naturlig og mulig, eller har jeg gjort noe feil?

Ivar Ståle Ertesvåg
Innlegg: 5729
Registrert: 12. desember 2004 kl. 13.08
Sted: TRONDHEIM
Kontakt:

Re: Spørsmål om forflytting

Legg inn av Ivar Ståle Ertesvåg » 17. mai 2012 kl. 0.51

Det må vel vere rett stad å poste, skulle eg meine...

Men noko allmennt svar på sprørsmålet ditt finst ikkje.

Ja - det var heilt sikkert mange som flytta på seg. Men nei - å konkludere frå eit generelt tilhøve (flytting) til ein enkeltperson let seg ikkje gjere. Kanskje han var den eine som heldt seg i ro når alle andre flytta - eller den eine som flytta når alle andre heldt seg i ro.

Elles: Frå 15- og 1600-talet har vi lite/ingen sikker kjennskap til slektstilhøve om dei fleste. Det er nokre unnatak, men dei utgjer eit lite mindretal av forfedrene.
Det kan hende du er heldig og kan følgje nokre av unnataka.

Det andre er at slekta til farfar din må ha mange titals greiner på 1500-talet. Å snakke om "familien" - i eintal - vert litt underleg dersom det einaste som knyter dei saman er at dei fekk ein sams etterkomar 4-500 år seinare.

gj14894
Innlegg: 37
Registrert: 17. oktober 2011 kl. 19.33
Sted: Hvalstad

Re: Spørsmål om forflytting

Legg inn av gj14894 » 18. mai 2012 kl. 12.40

I slektstreet mitt og i dette spørmålet om forflytting så snakker jeg om min farfars forfedere, ikke om søsken, tanter.......

Ivar Ståle Ertesvåg
Innlegg: 5729
Registrert: 12. desember 2004 kl. 13.08
Sted: TRONDHEIM
Kontakt:

Re: Spørsmål om forflytting

Legg inn av Ivar Ståle Ertesvåg » 18. mai 2012 kl. 14.22

det er mange hundre personar som er forfedre til farfar din, og som levde på 15- og 1600-talet. Då har vi ikkje talt med tanter, sysken osv.

I utgangspunktet har vi 1024 7-tipp-oldeforeldre, som er om lag det vi snakkar om tilbake til kring 1600. Det vert færre i praksis, sidan kvar kan ha fleire plassar i "treet". På den andre sida er det "plass" til 6-8 ættledd på 200 år (15- og 1600-talet).

Det er heilt sikkert nokon av desse som flytta. Og det er sikkert nokon som knapt nok reiste ut av heimbygda nokon gong i livet.

Svar

Gå tilbake til «Generelt»