England Census 1881. Kan nokon sjekke originalkilde for meg?

Moderator: MOD_Emigranter

Svar
Berit Ryvik Skartland
Innlegg: 9
Registrert: 10. januar 2005 kl. 22.28
Sted: Vikebygd, Vindafjord.

England Census 1881. Kan nokon sjekke originalkilde for meg?

Legg inn av Berit Ryvik Skartland » 13. juli 2017 kl. 17.10

Treng hjelp - Folketelling i England & Wales 1881

Er det nokon som har tilgong til originalkjeldene for Folketeljing for England & Wales 1881?

Eg har funne ein som eg trur kan være min tippoldefar Søren Hagerup Johannessen fødd 1850.

I Census England og Wales 1881: Fødd år og stad kan stemme, men førenavnet er skriven som ”Toren” i staden for Soren. Det kan være ei feiltolking av bokstaven S? Skulle gjerne visst kva det står i originalkjelda.

Eg fann:

Toren Johannesen, Birth 1850 i Tromsoe, Norway. Residence Clee With Weelsby, Lincolnshire, England.
Her bur han saman med tre andre sjømenn frå Norge.

Citing this Record:
"England and Wales Census, 1881," database with images, FamilySearch (https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:Q27K-9QHV : 18 August 2016), Toren Johannesen in household of Arnold Helgesen, Clee With Weelsby, Lincolnshire, England; from "1881 England, Scotland and Wales census," database and images, findmypast (http://www.findmypast.com : n.d.); citing p. 0, Piece/Folio 3276/33, The National Archives, Kew, Surrey; FHL microfilm 101,774,961.

Meir info om han:
Søren Hagerup Johannessen f 1850 i Balsfjord, Troms.
Han var sjømann.
"Register til sjømannsrulle Tromsø 1868-1899:
Id 465. Søren Hagerup Johannessen f. 1850.04.16, i Balsfjord. Nr. 295, Kilde 3, Annotasjonsrulle. 1868-1899." Det står ingen ting om kva tid han vart registrert der, påmønstra eller avmønstra. Eg har ikkje klart å finne han att nokon stad.

Melde utflytting til Trondheim i 1875.

Finn han ingen stad i noko register etter det før i 1889, i kirkebok for Balsfjord: Melding om at han døde 20.12.1888 Gravlagt 03.01.1889, Jordfestet 22.09.1889. , ”Falden over bord frå skibet ”Duen” af Kragerø i det Caraibiske Hav”
Skuta har eg funne i registeret i Kragerø, men ikkje navnet hans nokon stad.

Veit at han var gift, kona Fredrikke og sonen budde i Kragerø i FT1900. Det var kontakt med etterslekta hans i nokre år.

Online
Brukeravatar
Astrid Mollan
Innlegg: 6437
Registrert: 1. mars 2009 kl. 18.46
Sted: KRISTIANSUND N

Re: England Census 1881. Kan nokon sjekke originalkilde for

Legg inn av Astrid Mollan » 13. juli 2017 kl. 18.54

Det står Soren.
Du har ikke de nødvendige tillatelsene for å vise filene som er tilknyttet dette innlegget.
Astrid M

Online
Brukeravatar
Astrid Mollan
Innlegg: 6437
Registrert: 1. mars 2009 kl. 18.46
Sted: KRISTIANSUND N

Re: England Census 1881. Kan nokon sjekke originalkilde for

Legg inn av Astrid Mollan » 13. juli 2017 kl. 19.14

Jeg tar med denne også.
Name: T Johannessen
Age: 26
Birth Year: abt 1854
Birth Place: Norwich
Event Date: 18 Jul 1880
Port of Registry: Liverpool, Lancashire, England
Ship Name: Oneota
Official Number: 59163
Reference Number: 387CRE/643
SAVE Cancel
Source Information
Du har ikke de nødvendige tillatelsene for å vise filene som er tilknyttet dette innlegget.
Astrid M

Berit Ryvik Skartland
Innlegg: 9
Registrert: 10. januar 2005 kl. 22.28
Sted: Vikebygd, Vindafjord.

Re: England Census 1881. Kan nokon sjekke originalkilde for

Legg inn av Berit Ryvik Skartland » 14. juli 2017 kl. 0.05

Tusen takk, Astrid!
Det var raskt svar.
Då veit eg at det mest sannsynleg er han.

Den mannskapslista du la ved, kvar fins dei?

Eg veit at Søren var med skipet "Duen" av Kragerø, og at han fall overbord og drukna i "det Caraibiske hav" 20.12.1888.

Eg har funne skipet og skipperen, men ikkje mannskapet. Skipperen påmønstra 12.11.1888 og målet var England. Avmønstra 10.01.1889
Mønstringsjournal Kragerø 1884-1910 s. 44-45 Digitalarkivet, Sjøinnrullering, Kragerø Mønstringsjournal nr. 2

Søren melde utflytting frå Balsfjord til Trondheim i 1875. Han vart gift, fekk ein son i 1882, og kona og sonen budde i Kragerø i FT 1900.

Finn han ingen stad i noko register etter 1875, før i 1889:
I Kyrkjeboka for Balsfjord står det:
Søren Hagerup Johannessen, Gift sømand, død 20.12.1888, gravlagt 03.01.1889, jordfestingsdato 22.09.1889. “Falden overbord fra skib Duen af Kragerø i det Caraibiske hav”. K: ”Meldt af indrulleringschefen i Tromsø.

Eg veit ikkje kvar han vart gravlagd, det var nok i utlandet ein stad. Om han då ikkje fekk ei våt grav.

Online
Brukeravatar
Astrid Mollan
Innlegg: 6437
Registrert: 1. mars 2009 kl. 18.46
Sted: KRISTIANSUND N

Re: England Census 1881. Kan nokon sjekke originalkilde for

Legg inn av Astrid Mollan » 14. juli 2017 kl. 12.07

Jeg abonnerer på ancestry.com hvor jeg fant mannskapslisten.
Astrid M

Online
Brukeravatar
Astrid Mollan
Innlegg: 6437
Registrert: 1. mars 2009 kl. 18.46
Sted: KRISTIANSUND N

Re: England Census 1881. Kan nokon sjekke originalkilde for

Legg inn av Astrid Mollan » 14. juli 2017 kl. 13.14

Hva het skipperen?
Astrid M

Berit Ryvik Skartland
Innlegg: 9
Registrert: 10. januar 2005 kl. 22.28
Sted: Vikebygd, Vindafjord.

Re: England Census 1881. Kan nokon sjekke originalkilde for

Legg inn av Berit Ryvik Skartland » 14. juli 2017 kl. 14.44

Han heitte Andersen. Førenamnet veit eg ikkje. Det ser ut som C. A. Andersen.

Hadde funne avmønstringsprotokollen oppdaga eg i går. Men ikkje påmønstringa. Lurer og på om det er notert nokon stad når mannskap omkom på skipa.

Har hatt pause ei stund, då eg tilfeldig fann denne "Toren", og måtte finne ut av det sporet. ;)
Du har ikke de nødvendige tillatelsene for å vise filene som er tilknyttet dette innlegget.

Svar

Gå tilbake til «Andre land - ukjent»