Kven var G.S. Johnson

Moderator: MOD_Emigranter

Svar
8966
Innlegg: 96
Registrert: 30 des 2007 09:32:12
Sted: BRYNE

Kven var G.S. Johnson

Legg inn av 8966 » 27 apr 2020 22:14:32

Time gard og ætt bind III Serigstad Husmannsplass 8 Sandvika. Side 342.

Her står det om familien til Jonas Olson Norheim. Etter det eg kan forstå, emigrerte heile familien til Amerika omkring 1860. Eg har ein del informasjon om Ane som gifta seg med Tønnes Hansson Gilja. Dei slo seg til slutt ned i Sandnes Township, Yellow Medicin County i Minnesota og var blant dei første som kom til Sandnes Township. Det var Tønnes som bestemte at området skulle heita Sandnes, noko det heiter den dag i dag. I Amerika brukte dei slektsnamnet Hanson.

I private papir som eg har fått frå slekt i USA står det at G.S. Johnson var syster til Ane. Dette får eg ikkje til å gå opp. G.S. Johnson vart vistnok ein rik mann, den rikaste i Yellow Medicine County. Men eg er usikker på om dette er familiært skrøyd. Eg kjenner ikkje hans fulle namn eller når han vart født. Eg har også ein del andre opplysningar som eg har funne på internett som tyder på at broren Ingebret Johnson fekk ein viktig posisjon blant dei første settlarane i Yellow Medicine County. Men «broren» G.S. er ei gåte. Kven var han, og kor kom han frå ?
Her forklarer eg samanhengen i dette søket.
Osmund Gudmundson Velde (1843-1922) reiste første gong til Minnesota, Fillmore County i 1866. I 1972 returnerte han til heimbygda i Vats. Eit år seinare for han tilbake til Amerika. Årsaken var at han fekk brev frå forretningsmannen G.S. Johnsen som innstendig ba han om raskt å returnere til Yellow Medicin County for å hjelpa til med å starte ein butikk. Men han reiste først til Fillmore County og kryssa grensa med oksespann som var den vanlegaste måten på den tida. Her blei han også kjent med Sandnesmannen Tønnes Gilje, og Osmund gifta seg med dottera Kristine Tønnesdtr Gilje, som valgte Dena som kortform. Det var stort sett nordmenn som slo seg ned i Sandnes Township med overvekt av folk frå Rogaland. Alt dette er årsaken til at eg trur at G.S. Johnsen var frå Rogaland, i alle fall norsk. Men det gjer det ekstra vrient når så mange endra namnet etter at dei kom til Amerika. Osmund Velde la på ein Y i slektsnamnet slik at det blei Veldey. Det hadde vore kjekt å fått løyst gåta: Kven var G.S. Johnson.

Eg hadde ei etterlysing i 2017 som ikkje ga resultat. https://slektsforum.slektogdata.no/view ... p?t=140603

8966
Innlegg: 96
Registrert: 30 des 2007 09:32:12
Sted: BRYNE

Re: Kven var G.S. Johnson

Legg inn av 8966 » 28 apr 2020 18:49:34

Terje skrev:Time gard og ætt bind III Serigstad Husmannsplass 8 Sandvika. Side 342.

Opplysningen om at G.S.Johnson er søster til Ane Jonasdtr. Serigstad, født 3. mars 1830 har eg frå boka "The Ikdal Family Hitstory" av J. Hart Rosdail. Side 281. Boka kom ut i 1947, reprint i 2013.

Eg hadde ei etterlysing i 2017 som ikkje ga resultat. https://slektsforum.slektogdata.no/view ... p?t=140603

8966
Innlegg: 96
Registrert: 30 des 2007 09:32:12
Sted: BRYNE

Re: Kven var G.S. Johnson

Legg inn av 8966 » 29 apr 2020 22:44:59

Eg har kome fram til at G.S. Johnsen kan væra denne personen:

George S. Johnson was born December 18, 1838, in Newark, New Jersey. From 1861 to 1863 he served in Company F, 57th New York, and from January to August, 1865, in Company E, 33d New Jersey. In October, 1865, he located on his farm on section 24 of this town. Married in 1859, and his wife died in 1862. Mary Sharp became his wife in 1866.

Desse opplysningane har eg funne i historien til Yellow Medicine County.

Eg ser ikkje bort frå at han har norske foreldre, men eg klarer ikkje spora dei opp.

Astrid Mollan
Innlegg: 4301
Registrert: 01 mar 2009 18:46:27
Sted: KRISTIANSUND N

Re: Kven var G.S. Johnson

Legg inn av Astrid Mollan » 29 apr 2020 23:56:44

Name: G. S. Johnson
Gender: Male
Marital status: Married
Race: White
Age: 77
Birth Date: 18 Dec 1838
Estimated birth year: 1838
Birth Place: New Jersey
Death Date: 11 Jan 1916
Death Place: Olympia, Thurston, Washington
Burial Place: Ship To Centralia
Father: George T. Johnson
Mother: Mary H. Sharp
FHL Film Number: 1992415
Reference ID: rn 11

Faren engelsk står det.

Name: George T Johnson
Gender: Male
Age: 39
Birth Year: abt 1811
Birthplace: England
Home in 1850: Clinton, Essex, New Jersey, USA
Occupation: Butcher
Industry: Food stores, except dairy products
Real Estate: 5000
Line Number: 40
Dwelling Number: 303
Family Number: 327
Household Members:
Name Age
George T Johnson 39
Sarah M Johnson 36
George Johnson 12
Mary F Johnson 10
Sarah E Johnson 8
Eliza S Johnson 6
James T Johnson 3
Lucinda M Johnson 0
Catharine Wade 68
Save

Name: Mary H. Sharp
Gender: Female
Birth Place: New Jersey
Spouse: George T. Johnson
Child: G. S. Johnson
Save

https://www.findagrave.com/memorial/94318463

PS. Jørgen ble ofte til George i Amerika.
Du har ikke de nødvendige tillatelsene for å vise filene som er tilknyttet dette innlegget.
Astrid M

8966
Innlegg: 96
Registrert: 30 des 2007 09:32:12
Sted: BRYNE

Re: Kven var G.S. Johnson

Legg inn av 8966 » 30 apr 2020 10:44:42

Tusen takk.

Svar

Gå tilbake til «USA/Canada»