Utvandring til America i 1888

Moderator: MOD_Emigranter

Svar
dn27834
Innlegg: 1658
Registrert: 24 nov 2011 21:45:13
Sted: ØVRE SURNADAL

Utvandring til America i 1888

Legg inn av dn27834 » 16 nov 2011 15:27:56

Søstrene til bessfar min, ho Gina, f 1865 og Oline, f 1868, frå Helgestugu på Breivegen i Sør-Fron, Oppland, utvandra til Amerika med reisemål Wisconsin frå Kristiania med Sparta 12.10,1888. Margit i Amerika har funne ankomst til Amerika via Queenstovn, Irland og Liverpool, England, datert til 29.10.1888, fortsatt med reisemål Wisconsin, sjå tråden frå tidlegare:
https://slektsforum.slektogdata.no/view ... p?t=100233

Da eg skulle rydde opp i papira mine og arkivere det innsamla, kunne eg ikkje finne dokumentasjon for avreise frå Kristiania, det må eg ha forlagt. Så gjekk eg inn på "Emigranter fra Kristiania" men kunne ikkje finne att avreisa for desse søstrene. Eg finn ikkje avreiser frå andre halvår 1888, heile 1889 og første halvår 1890. Når desse 2 åra manglar innlagt, kor kan eg ha funne den avreisedatoen da? Den "passer" jo med det Margit fann av ankomst amerikansk jord, og eg er mest komfortabel med å ha dokumentasjon for opplysningane.

På førehand takk.

Mvh
Wenche

Brukeravatar
dn19075
Innlegg: 8112
Registrert: 27 apr 2005 21:05:11
Sted: BRØNNØYSUND

Re: Utvandring til America i 1888

Legg inn av dn19075 » 16 nov 2011 16:40:13

Sjekk den andre lista - Emigranter fra Oslo.

Ser ut som det er Oslo lista du har utdrag fra i den debatten.

dn27834
Innlegg: 1658
Registrert: 24 nov 2011 21:45:13
Sted: ØVRE SURNADAL

Re: Utvandring til America i 1888

Legg inn av dn27834 » 16 nov 2011 22:22:35

Hei Hanne Line
Tusen takk skal du ha, eg visste ikkje at det fans to stader å finne emigrasjon/utvandring, men det er kanskje fra eller via som gjer forskjellen? Nei det er jo forskjellen Kristiania eller Oslo,

1000 1000 takk, fann att dokumentasjonen for gammeltantenes avreise.

Mvh
Wenche

Brukeravatar
Margit Bakke
Innlegg: 6309
Registrert: 31 mai 2006 02:50:42
Sted: USA
Kontakt:

Re: Utvandring til America i 1888

Legg inn av Margit Bakke » 17 nov 2011 03:30:26

Kvar side nedunder viser maskimalt 10 funne postar. Du kan bla mellom desse sidene ved hjelp av knappane over.
Harbour No. Year Month Day Given name Last name Sex Position Occupation Age Residence Destination Remarks Foreigner Freight Line

76652 Oslo 5940 1888 Okt. 12 Oline O. Helgestuen f u P. 20 S. Fron Sparta, Wis. 5947 Norsk Spd: 179.00 Rollo
76664 Oslo 5952 1888 Okt. 12 Gina O. Helgestuen f u P. 22 S.fron New York 5959 Norsk Spd: Rollo
Margit in Minnesota
http://norwaytoamerica.blogspot.com
http://norwaytominnesota.blogspot.com
"If you have questions, just ask!"

dn27834
Innlegg: 1658
Registrert: 24 nov 2011 21:45:13
Sted: ØVRE SURNADAL

Re: Utvandring til America i 1888

Legg inn av dn27834 » 17 nov 2011 09:41:37

Margit
Tusen takk skal du ha, men nå har eg vorte så "flink" sjølv at eg har klart å finne det etter opplysningane eg mottok i går.
Nå må eg berre leite opp nye opplysningar om kor dei slo seg ned i Amerika for å kome vidare.
Men Margit, forstår du norsk? Ellers gje beskjed så skal eg prøve på engelsk.

Beste helsing
Wenche

Brukeravatar
Margit Bakke
Innlegg: 6309
Registrert: 31 mai 2006 02:50:42
Sted: USA
Kontakt:

Re: Utvandring til America i 1888

Legg inn av Margit Bakke » 17 nov 2011 16:34:50

I understand some, I usually use google translate. Norwegian is fine if that is the easiest for you.
Margit in Minnesota
http://norwaytoamerica.blogspot.com
http://norwaytominnesota.blogspot.com
"If you have questions, just ask!"

Svar

Gå tilbake til «USA/Canada»