Gartnar/frukthandlar Bertelsen i Kristiania

Christiania/Kristiania by og kommune samt Aker herred/kommune fra 1814

Moderator: MOD_Oslo

Svar
12397
Innlegg: 18
Registrert: 28 mai 2005 18:24:38
Sted: MOLDE

Gartnar/frukthandlar Bertelsen i Kristiania

Legg inn av 12397 » 28 mai 2019 21:29:15

Eg veit følgjande:

Klokkerbok for Sandviken prestegjeld (Bergen)1892-1901:
Georgina Samueline Olsen frå Nordfjordeid gifter seg med mek. verksarbeider Ole Bertelsen frå Fane 24.08.1901. Begge er oppgitt med 1877 som fødselsår.

I 1910-folketeljinga bur dei i Brogate 7 i Kristiania kjøpstad:
Ole Bærtelsen, f. 20.02.1877. Gartner. Frå "Bærgen"
Gina Bærtelsen, f. 11.12.1878 frå Nordfjord.

1913 Kristiania Adressebok: "O. Berthelsen, anlægsgartner, frugthandl. Rusel.v.40"
1915 er han framleis anleggsgartnar og frukthandlar i Rusel.v 40, men bur då i Rathkesgt 12.
1918 Kristiania Adressebok: "O Bertelsen, anlægsgartner, Meltzersgt 9"
1927 er han "frugt- og grønthandl." Meltzersgt 9, men bur Hammerst.g.34.
Same opplyst i 1933.

Nokon som kan hjelpe meg vidare? Nokon som tilfeldigvis kjenner til familien?
Eg er interessert i dødsdatoar og eventuelle etterkomarar.
Iflg. mi gamle mor(97) skulle paret iallfall ha ei datter, Margrete Liv.

gj21916
Innlegg: 1993
Registrert: 26 jun 2014 19:13:20
Sted: KOLBEINSVIK

Re: Gartnar/frukthandlar Bertelsen i Kristiania

Legg inn av gj21916 » 28 mai 2019 22:15:02

ved søk hos https://www.nb.no/ på "gina bertelsen"
treff i Aftenposten 3/2 1932, s 7
Min kjære hustru Gina Bertelsen f. Myklebust døde idag fra Liv og meg. Oslo 30. januar 1932. Ole Bertelsen.
Sist redigert av gj21916 den 29 mai 2019 09:29:42, redigert 1 gang totalt.
mvh Grete A.K.

12397
Innlegg: 18
Registrert: 28 mai 2005 18:24:38
Sted: MOLDE

Re: Gartnar/frukthandlar Bertelsen i Kristiania

Legg inn av 12397 » 29 mai 2019 00:10:58

Tusen takk for hjelpa!
Eg har ikkje kome på at eg kunne søkje via aviser på Nasjonalbiblioteket. No opna det seg nye dører for meg. Fantastisk!

gj25675
Innlegg: 4101
Registrert: 29 mai 2016 12:36:13
Sted: DRØBAK

Re: Gartnar/frukthandlar Bertelsen i Kristiania

Legg inn av gj25675 » 29 mai 2019 06:45:01

Dette kan være Ole, fra Aftenposten 30.7.1957

Hilsen
Matthias
Du har ikke de nødvendige tillatelsene for å vise filene som er tilknyttet dette innlegget.

Solveig R. Håklev
Innlegg: 2854
Registrert: 04 des 2004 07:42:38
Sted: RASTA

Re: Gartnar/frukthandlar Bertelsen i Kristiania

Legg inn av Solveig R. Håklev » 29 mai 2019 09:21:56

Fra dødsfallsprotokollen,nederst her

https://media.digitalarkivet.no/view/27372/94

12397
Innlegg: 18
Registrert: 28 mai 2005 18:24:38
Sted: MOLDE

Re: Gartnar/frukthandlar Bertelsen i Kristiania

Legg inn av 12397 » 29 mai 2019 11:10:58

Tusen takk også til Matthias og Solveig!
Eg er overvelda!
For første gong ser eg svart på kvitt at der var ei lita jente som heitte Margrete Liv Bertelsen! Berre mamma som har snakka om henne; ingen andre som har kjent til Bertelsen-familien.
Eg gleder meg til å besøkje mi 97 år gamle mor og presentere dette for henne.
Og så kjem det med i fotoslektsboka som ei i slekta er i ferd med å lage!
No går turen til Molde bibliotek for å lese Aftenposten og A-magasinet. Eg oppdaga at eg ikkje kom inn på denne avisa på Nasjonalbiblioteket anna enn frå eit bibliotek, men kva gjer det, når eg veit kvar eg skal søkje.

Solveig R. Håklev
Innlegg: 2854
Registrert: 04 des 2004 07:42:38
Sted: RASTA

Re: Gartnar/frukthandlar Bertelsen i Kristiania

Legg inn av Solveig R. Håklev » 29 mai 2019 11:17:21

Vedr dødsfallet til Ole Bertelsen i 1957.

Du kan kontakte Statsarkivet i Oslo for utskrift av det som står i dødsfallsprotokollen.
Der vil Margrete Liv være nevnt som etterlatt,mulig det også står fullt navn og hvor hun bodde da.

12397
Innlegg: 18
Registrert: 28 mai 2005 18:24:38
Sted: MOLDE

Re: Gartnar/frukthandlar Bertelsen i Kristiania

Legg inn av 12397 » 29 mai 2019 11:34:23

Takk igjen, Solveig!
Det vil eg gjere.

Svar

Gå tilbake til «Oslo, Kristiania og Aker fra 1814»