Ahne og Alfred Nordby, budde i Oslo

Christiania/Kristiania by og kommune samt Aker herred/kommune fra 1814

Moderator: MOD_Oslo

Svar
dn27834
Innlegg: 1658
Registrert: 24 nov 2011 21:45:13
Sted: ØVRE SURNADAL

Ahne og Alfred Nordby, budde i Oslo

Legg inn av dn27834 » 27 okt 2011 12:03:27

Gammeltante Ahne finn eg ikkje dødsfall for, mannen Alfred Nordby finn eg ikkje korkje født eller dødsfall for. Tante reiste inn til oslo før FT 1910, men eg finn ikkje att dei ved den FT.
Her er tante ved FT 1900:
http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ft ... 017&lnr=00
(Oppført med Kristiansdtr. men feilskrift faren var Lars)

Og her er det eg har fått samla om dei to:
1 Alfred Nordby,
d. 1940????
bur. Nordre Gravlund, Sagene, Oslo?????
& Ahne Larsdtr Holen, (brukte også etternamnet Listadvolden el. Volden)
b. 24 Jan 1887, Holen, Hundorp (Sør-Fron kommune)
cen. 1900, Listadvolden, Hundorp
ch. 20 Feb 1887, Sør-Fron Kirke
con. 4 May 1902, Listadvolden, Hundorp

Kildeinformasjon: Oppland fylke, Sør-Fron, Ministerialbok nr. 3 (1881-1897), Fødte og døpte 1887, side 61. nr 6
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... x_side=-68
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1 ... 650732.jpg




FT 1900 frå Listadvolden

http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ft ... 017&lnr=00

Så har eg konfirmasjon til Ahne 2. mai 1902

Kildeinformasjon: Oppland fylke, Sør-Fron, Klokkerbok nr. 4 (1896-1911), Konfirmerte 1902, side 151.nr 61
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... _side=-144
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1 ... 660352.jpg

Eg finn dei ikkje under Gravminner Dis eller Gravferdsetaten i Oslo, men ved å gå inn på skiftesaker for Oslo, fann eg i 1940:
http://arkivverket.no/URN:sk_read/27251 ... ium&mode=0
der eg tydar: 617 II 8/4-1940 Alfred Nordby vognfører. Eg veit ikkje kva yrke "min" Alfred hadde, og eg veit ikkje kva eg kan få vidare ut av det eg har funne fram til, for å kunne sjå om denne Alfred er den riktige.

Grunnen til at eg gjekk inn på 1940, er at ein onkel av meg fortalde at tante Ahne og ungane: Astrid, Liv og Einar kom til Dalen (heimen til bessforeldra mine i Sør-Fron) første krigsvåren, 1940, da ho ikkje ville opphalde seg i Oslo som enkje under dei første krigshandlingane.

Eg har ikkje adressa der tante Ahne budde, men det foresvever meg at dei ei tid budde på Sagene, men så er det som eg minnes Vålerenga også. Alle søskena til mor mi hadde mellomstasjon hos tante Ahne når dei fekk seg arbeid i Oslo frå 1930-talet av. Og eg var ikkje nokon brevskrivar med adressekjennskap før mykje seinare!

Er det nokon som kan hjelpe meg vidare. Eg tykkjer Oslo er ein vanskeleg kommune å finne fram i i søket på slektningar, sjølv om eg har budd der i nær 20 år tidlegare.

Beste helsing
Wenche

Carsten Henrik Schanche
Innlegg: 2794
Registrert: 09 des 2004 18:49:14
Sted: JESSHEIM

Re: Ahne og Alfred Nordby, budde i Oslo

Legg inn av Carsten Henrik Schanche » 27 okt 2011 12:38:28

Aftenposten 22-5-1967:

Vår inderlig kjære mor, bestemor, svigermor, oldemor, søster, svigerinne og tante Ahne Nordby sovnet stille inn idag i troen på sin Frelser. Oslo 20.mai 1967.

Einar og Randi

Astrid og Willy

Liv

Barnebarn og oldebarn

Bisettes i Vestre krematorium, nye kapell, fredag 26.mai kl.12.

dn27834
Innlegg: 1658
Registrert: 24 nov 2011 21:45:13
Sted: ØVRE SURNADAL

Re: Ahne og Alfred Nordby, budde i Oslo

Legg inn av dn27834 » 27 okt 2011 13:52:42

Takk takk til Carsten Henrik for dødsannonsa til gammeltante Ahne.
Nå gjenstår det "berre" å tolke skifteprotokoll til Alfred død 1940 for å finne om det var min
Alfred.
Er det nokon som kan hjelpe meg med det?

Beste helsing
Wenche

dn27834
Innlegg: 1658
Registrert: 24 nov 2011 21:45:13
Sted: ØVRE SURNADAL

Re: Ahne og Alfred Nordby, budde i Oslo

Legg inn av dn27834 » 27 okt 2011 18:52:45

Carsten Henrik, du som kom inn på Aftenposten sine dødsannonser lengere opp her i innlegga for 1967, kjem du inn på 1940 også? Kan du finne annonsa for den Alfred Nordby som i skiftesak Oslo, døydde 8/4-1940, med etterlatt ektefelle Ahne og barn Einar, Astrid og Liv, for å sjå om det stemmer?

Og er det nokon som kan seie meg korleis eg finn kor dei budde i Oslo ca 1915-1940 og om dei flytta etter 1940? Eg får ikkje til å finne fram i Adresselister i Oslo, så hvis nokon kan hjelpe meg med det, ville eg bli så kjempeglad.

På førehand takk.

Beste helsing
Wenche

Carsten Henrik Schanche
Innlegg: 2794
Registrert: 09 des 2004 18:49:14
Sted: JESSHEIM

Re: Ahne og Alfred Nordby, budde i Oslo

Legg inn av Carsten Henrik Schanche » 27 okt 2011 19:09:06

Aftenposten 13.april 1940:

Min kjære omsorgsfulle mann, vår snilde far, svigerfar, bror, svoger og onkel Johan Alfred Nordby døde fra oss idag på Lovisenberg sykehus. Oslo 11.april 1940.

Ahne Nordby, f. Wolden

Einar og Randi

Astrid og Arne

Liv

Barn og svigerbarn

Begravelsen foregår på Nordre gravlund tirsdag 16.april kl.13.

Carsten Henrik Schanche
Innlegg: 2794
Registrert: 09 des 2004 18:49:14
Sted: JESSHEIM

Re: Ahne og Alfred Nordby, budde i Oslo

Legg inn av Carsten Henrik Schanche » 27 okt 2011 19:19:49

Her finner du vognfører i Sporveiene J.A.Nordby i adresseboka for 1940

http://arkivverket.no/URN:db_read/db/39 ... big&mode=0

dn27834
Innlegg: 1658
Registrert: 24 nov 2011 21:45:13
Sted: ØVRE SURNADAL

Re: Ahne og Alfred Nordby, budde i Oslo

Legg inn av dn27834 » 27 okt 2011 19:34:47

Carsten Henrik

"Jag trodde änglarna fans bare, bare i himmelen"
Men nå er dei også her på forumet.

1000 1000 takk, nå fekk eg enda ein bit på plass, nå er det neste generasjon eg må leite etter, dei veit eg ikkje eingong kva heiter, men det blir nok ei råd.

Beste helsing
Wenche

Svar

Gå tilbake til «Oslo, Kristiania og Aker fra 1814»