Har kome i kontakt med ein Sør-Afrikanar via skype som deler mitt etternamn.
Eg finn det lite truleg at me er i slekt, faktisk så er det usannsynleg. Men iallefall som
ein god Nordmann så har eg påtatt meg oppgava å sjå om eg kan framskaffe nokre opplysningar til han.
Etter det som han kan fortelje meg så heitte Bestefaren Vilhelm Hermansen, han kom angivelig i frå vestfold, eller nærmare bestemt Nøtterøy. Han emigrerte til SA, Cape Town rundt 1920, og gifta seg der med ei boerjente.
Eg har leita litt rundt i diverse arkiv, men eg er heilt fersk på dette så eg har funne fint lite anna en dette:
Konfirmant Vilhelm Anker Hermansen m Vindtveten Kjøbmandsskjær 04.05 1898 12.06 1898 Att. af 21.06 1900
Kan dette være bestefaren? Han seier så at son til Vilhelm heiter Ingward? noko som han er fortalt skal være eit slags slektsnavn. Han nemner dessutan Herman Hansen som eit navn i ein samanheng, noko som etter kvart skal ha blitt til Hermansen.
Håpar at nokon kan gi meg litt informasjon om korleis eg skal finne fram i alle arkiva, eller om nokon kunne kikka litt på dette å kome med nokre svar?!
På førehånd takk
Alf Helge Hermansen