Legg inn
av Ole Bjørn Darrud » 19. juni 2011 kl. 20.07
Hei,
Hjartdalssoga II s 529
Tåterhus
Uttale: "tåterus"
Tåterhus blei truleg rydda på 1820-talet, og
hadde folk i mest 100 år frametter.
1) Gunleik Tovson, brukar frå 1822, f 1794
g 1822 m Anne Torjusdtr. f 1793 på Espeli i
Tuddal d 1871 her. Born: 1 Margit f 1822 g
1847 m Ola H. Sud-Skårnes, sjå Geitebudalen.
2 Kari f 1824 d 1826. 3 Jon f 1827, sjå 2). 4
Ragnhild f 1830 d 1832. 5 Tov f 1833 sjå 2a). 6
Ragnhild f 1835 d 1871 g 1865 m Nils Kjetilson
Haugetuft, Heddal, til Løkka ved Haugetuft.
Foreldra til Anne var Torjus Anundson Flugon
og Kari Årsteinsdtr. Espeli. Kari hadde kår
hjå Anne og Gunleik, og døydde i Tåterhus i
1830.
Jenta Aslaug Tovsdtr. Tåterhus, f i Tuddal,
alder ikkje oppgjeven, blei forsørgt av fattigkassa.
Aslaug hadde arbeidd på gardar i Heddal i
fleire år, og ho hadde dessutan "ført et omflakkende
Liv". Etter kvart kom fattigkommisjonen
til at ho heller burde få stønad frå Heddal, og
det var langvarige drøftingar mellom dei to
kommunane. Til sist blei ho sett bort på redusert
stønad. Utgiftene til dei fattige steig sterkt i
denne tida. Det var fleire vanskeleg stilte som
trong hjelp, og fattigloven frå 1845 sette nye
krav til det offentlege. Samstundes var det sett
eit skarpt skilje mellom dei "verdige" og "uverdige
trengende". Det er tydeleg at fattigkommisjonen
meinte Aslaug hadde levd "uverdig",
mest som lausgjengar. Det blei ikkje tatt nådig
opp.
Tåterhus låg i storskogen mot Gransherad,
og der tassa både bjørn og ulv i førre århundret.
Anne kom ut for bjørn nokre dagar før ho gjorde
barsøl. Etter gamal folketru vakta bjørnen på
slike. Ho gjette i Kåsa nedanfor Tåterhus. Da
530
kom ein bjørn byksande ut frå skogen, og det
var så vidt Anne fekk redda seg opp på ein høg
stein. Der sat ho, og kyrne fôr til skogs. Karane
som drog ut på leiting, fann dei att ved Elgevad.
Dei hadde vore i tak med bjørnen, det låg hårdottar
på horna. Seinare på sommaren skal bjørnen
ha vore til burstroppa på Tåterhus fleire
gonger.
Mannen Gunleik skulle til Omnes å smie. I
mørkret på morgonkvisten flaug fleire skrubbar
på han. Gunleik slo frå seg med ei øks, medan
han dekte seg bak ei furu. Han berga seg, men
den sundhogne furua sto lenge som eit minne.