Ragna Kristoffa

For etterlysn. som ikke kan plasseres på undernivå

Moderator: MOD_Nord-Trøndelag

Svar
dn29286
Innlegg: 50
Registrert: 10. februar 2013 kl. 0.09
Sted: SPARBU

Ragna Kristoffa

Legg inn av dn29286 » 22. februar 2013 kl. 16.10

Min oldemor heter Ragna Kristoffa (av og til med C). Jeg vet at hun levde fra 1873 til 1954
http://digitalarkivet.no/cgi-win/WebCen ... =5734#ovre


Det ser for meg ut om om hun først får et barn med Kristian Valstad. Barnet heter Johan Peder født 7 september 1892. Finner ikke ut hvor det blir av han Noen som vet noe om dette?

Ragna Kristoffa står oppgitt som født i trondheim ..men jeg finner henne ikke videre. Finner litt ulike etternavn på henne, men i Johan Peders dåpsregister står hun oppgitt med et mellomnavn jeg ikke kan tyde og hallan(regner med at hallan her henviser til bodsted, selv om hun ettervert får navnet hallan)

Hun gifer seg etterhvert med den langt eldre johan arnt hallan
- hvorfor gifter hun seg ikke med barnefaren tro?
- jeg har hørt at Joan Arnt må si fra seg odelen til gården på grunn av giftemålet - er det sansynlig?

Er det sansynlig at Johan Arnt har et ekteskap før dette ettersom at han var i 50 åra da han giftet seg med den unge Ragna

Mange spørsmål :)

Ivar Ståle Ertesvåg
Innlegg: 5017
Registrert: 12. desember 2004 kl. 13.08
Sted: TRONDHEIM
Kontakt:

Re: Ragna Kristoffa

Legg inn av Ivar Ståle Ertesvåg » 22. februar 2013 kl. 17.26

Vel møtt i forumet.

Det vil vere til hjelp for hjelparane om du fortel nøyaktig kva du veit om Ragna og familien.
Til dømes er det nyttig å vite
- kvar vart Johan Peder fødd/døypt,
- kvar og når vart Ragna og Johan gifte,
- i kva for andre kjelder har du funne Ragna eller Johan eller barna,
- andre ting...

Både omtrentlege og nøyaktige opplysningar (gjerne med lenkje til kyrkjeboka, om du har funne innførsla) kan vere nyttige.

Det var mange grunnar til at eit foreldrepar ikkje vart gifte.

Det høyrest ikkje truleg ut at Johan måtte "gje frå seg odelen"; det er ikkje slik ein odelsrett vert til og går tapt ... Men det kan ligge ei historie bak som tilsynelatande gjev same verknad.

Dersom Johan (eller Ragna for den del) hadde vore gift før, skal det stå i kyrkjeboka ved vigsla deira.



Kan det vere Ragna som er døypt her?
http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcen ... k=716#ovre

dn29286
Innlegg: 50
Registrert: 10. februar 2013 kl. 0.09
Sted: SPARBU

Re: Ragna Kristoffa

Legg inn av dn29286 » 22. februar 2013 kl. 17.37

Johan Peder er født 7 september(?) i 1892.
Døpt i vinne (verdal) trolig også født der

Når Ragna og Johan Arnt gifte seg vet jeg ikke, men de får sitt første felles barn Inga Joansdatter (hallan) i 1898 så de gifter seg trolig før det. Mest sansynlig i verdal (vinne) evt i Levanger.

Finner dem i folketellingen for 1900 og for 1910

Ragna er født 12.01 1872 og dør 21.01 1954

Johan Arnt er født 2.1.1840 og dør 30.3, 1923

Kan jeg på noen måte finne ut hvorfor han ikke får ta over gården også?

Ivar Ståle Ertesvåg
Innlegg: 5017
Registrert: 12. desember 2004 kl. 13.08
Sted: TRONDHEIM
Kontakt:

Re: Ragna Kristoffa

Legg inn av Ivar Ståle Ertesvåg » 22. februar 2013 kl. 17.44

Johan Peder døypt her (klokkarbok for Vinne)
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... x_side=-52

foreldre "Pige Ragna Kristoffersdatter Hallan og Kristian Valstad Hallan".
Det tyder på at dåpsinnførsla frå Vår Frue er rett Ragna.

Første barn 1898 - då leitar vi rett før det, og vips Vigsel her:
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... x_side=-79

Johan var "Ungk."; far til Ragna er kalla Kristoffer Løkke; ho er fødd i Trondhiem 1873.
Sist redigert av Ivar Ståle Ertesvåg den 22. februar 2013 kl. 17.50, redigert 1 gang totalt.

dn29286
Innlegg: 50
Registrert: 10. februar 2013 kl. 0.09
Sted: SPARBU

Re: Ragna Kristoffa

Legg inn av dn29286 » 22. februar 2013 kl. 17.49

kan sikkert være henne selv om fødselsåret avviker med et år, det er vel ikke like nøye alt her, er det vel.

- betyr dette at far får barn med en pike og at konen er fadder?
Og hvilket yrke bedkrives på far her Musket


Og er det sansynlig at hun settes bort og at det er henne jeg finner igjen her
http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcen ... merk=10172

Ivar Ståle Ertesvåg
Innlegg: 5017
Registrert: 12. desember 2004 kl. 13.08
Sted: TRONDHEIM
Kontakt:

Re: Ragna Kristoffa

Legg inn av Ivar Ståle Ertesvåg » 22. februar 2013 kl. 17.54

Guri skrev:kan sikkert være henne selv om fødselsåret avviker med et år, det er vel ikke like nøye alt her, er det vel.

- betyr dette at far får barn med en pike og at konen er fadder?
Og hvilket yrke bedkrives på far her Musket


Og er det sansynlig at hun settes bort og at det er henne jeg finner igjen her
http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcen ... merk=10172


Pige = ugift kvinne; kone = gift kvinne (men ikkje gift med barnefaren....)
Musket[-er]: militær (muskett er eit gevær), http://no.wikipedia.org/wiki/Musketer

dn20182
Innlegg: 2092
Registrert: 23. mars 2006 kl. 10.28
Sted: FYRESDAL

Re: Ragna Kristoffa

Legg inn av dn20182 » 22. februar 2013 kl. 19.06

Dete emnet bør flyttast herfrå og til rett forum. Kanskje moderatoren kan ordne det?
Venleg helsing Kjetil

dn29286
Innlegg: 50
Registrert: 10. februar 2013 kl. 0.09
Sted: SPARBU

Re: Ragna Kristoffa

Legg inn av dn29286 » 22. februar 2013 kl. 19.20

hvordan gjør jeg det og hva er rett forum?

Brukeravatar
Marit Sørli
Innlegg: 7362
Registrert: 25. juni 2007 kl. 20.15

Re: Ragna Kristoffa

Legg inn av Marit Sørli » 22. februar 2013 kl. 19.33

Riktig plassering av denne etterlysningen er egentlig under Nord -Trøndelag -Stjørdal / Verdal-distriktet.
https://slektsforum.slektogdata.no/index.php?c=117

Moderator for dette området kan flytte temaet .

Finner Johan Arnt Hallan her i 1865-tellinga :
http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft ... 8339005526

Nå er etterlysningen flyttet :)

Brukeravatar
dn04977
Innlegg: 1752
Registrert: 14. november 2004 kl. 18.33
Sted: SØVIK
Kontakt:

Re: Ragna Kristoffa

Legg inn av dn04977 » 22. februar 2013 kl. 19.41

Har flytta temaet som anbefalt :D

Kjekt at dei "lokal" kjente legger inn i tråden kvar dei meiner emnet skal flyttast til, det sparer oss moderatorer for mykje arbeid - Så takk for det :-)

Mvh
Ingmar 8)
mvh Ingmar Seth

Slektsblogg: http://ingmarsblogg.blogspot.com/

Slektsdatabase: http://ingmarseth.net/

Ivar Ståle Ertesvåg
Innlegg: 5017
Registrert: 12. desember 2004 kl. 13.08
Sted: TRONDHEIM
Kontakt:

Re: Ragna Kristoffa

Legg inn av Ivar Ståle Ertesvåg » 22. februar 2013 kl. 19.43

For å få emnet flytta, kan du gå "opp" eit nivå, altså klikke på "Informasjon om Slektsforum" over (eller under) her, der det står
Slektsforum -> Om Slektsforum -> Informasjon om Slektsforum -> Ragna Kristoffa

Så klikkar du på det som står bak "Moderator" øvst i forumet, og skriv ei melding til moderator.

Rett delforum er vel Etterlysning - Nord-Trøndelag - Verdal.

.........

For å finne Johan Arnt sitt tilhøve til garden, trengst det ein del lokalkunnskap og ein del informasjon som ein kan finne i realpanteregisteret og panteboka.

Aller først må ein finne ut om det er rett at han ikkje tok over garden - det kan tenkjast at "folkeminnet" hugsar feil.
Dinest må ein finne ut om far (evt. farfar, evt andre nære slektningar) til Johan faktisk var eigar av garden; det var mange som bygsla (dvs. leigde) garden, sjølv om familien hadde budd der i fleire ættledd. Slekta må ha budd ei tid på garden (30 år?) for å opparbeide odel.
Så må ein få greie på om Johan var eldste son og først i "arverekkja".

Mange bygdebøker inneheld denne informasjonen - eg kjenner ikkje til Vinne/Verdal.

Dersom alt dette er på plass, og ein har avklara at Johan Arnt faktisk stod først til å ta over ein odelsgarden, må ein sjå på kven som tok over garden i staden.
Det kan tenkjast far gjekk konkurs, evt. hadde stor gjeld (men ikkje gjekk konkurs) og kreditorane tok over. Dersom odelsarvingen ikkje har pengar til å kjøpe garden, er det lite hjelp i odelsrett.
Likeins dersom det var mange arvingar (og dermed mindre arvelut på kvar) kunne det verte tungt for odelsguten å skaffe pengane til å kjøpe ut medarvingane.

Ivar Ståle Ertesvåg
Innlegg: 5017
Registrert: 12. desember 2004 kl. 13.08
Sted: TRONDHEIM
Kontakt:

Re: Ragna Kristoffa

Legg inn av Ivar Ståle Ertesvåg » 22. februar 2013 kl. 20.28

Det ser ut til at det er noko i "familieminnet" ....

Panteregisteret for Hallan søndre http://www.arkivverket.no/URN:tl_read?i ... x_side=-59

Det ser ut til at far Johannes hadde skøyte på garden før dette registeret vart påbyrja; altså må du til registeret for Stjør- og Verdal for å finne det.

1884: skjøte frå far Johannes til sønene Johan Arnt og Ole for kr. 4600 og kår.
Kåret er verdsett til 4000,- og avløyst 1917 med dødsattest for Johannes og kone Gurine.

1897: Deling av garden i to; Hallan vestre (bruk nr. 2) frådelt med skyld 1 mark 84 øre; "restbruket" (bnr. 1) Hallan søndre har 11,05
Skjøte frå Johan Arnt og Ole til sistnemnde for kr. 2000,-

Hallan vestre her (til høgre)
http://www.arkivverket.no/URN:tl_read?i ... _side=-126
1897, skild frå bnr1.; skjøte frå Johan Arnt og Ole til Johan Arnt for kr. 1000,-
Skilnaden i pris har (mellom anna) å gjere med at bnr.1 (Ole) skulle dekkje
kåret til foreldra.

Johan Arnt tok altså over ein mindre del (14,3%) av farsgarden; gnr. 273 bnr.2. Det er der dei bur i 1900-teljinga som er lenka inn ovanfor.

1923: Johan Arnt er død, og Rangna får løyve (bevilling) til å sitje i uskifte.

1948: ein parsell (sannsynlegvis hustomt, skyld 0,03 mark)

Det er ikkje noko som tyder på at Ragna ikkje sit med garden i 1948; nyare hendingar må vere førte i ein nyare protokoll (eller i "Grunnboka" med lausbladsystem).

........

Registeret gjev berre utdrag frå alle dokumenta, og tilvising til kvar i Panteboka det er å finne. Om det står noko der som kan forklare kvifor Johan Arnt ikkje tok over hovudbruket, er vel tvilsamt. Men det kan ha hatt noko med betalingsevne å gjere.

Ettersom han var eldst (og far/farfar sannsynlegvis vore eigar i 30 år) kunne han kravd å få garden på odelsrett. ...

dn29286
Innlegg: 50
Registrert: 10. februar 2013 kl. 0.09
Sted: SPARBU

Re: Ragna Kristoffa

Legg inn av dn29286 » 5. mars 2013 kl. 13.40

Tusen takk for masse god hjelp. Er hjemme fra en ukes ferie, så nå gleder jeg meg til å se på alt dette.

Svar

Gå tilbake til «Stjørdal-Verdal-Leksvik-distriktet - ukjent kommune»