Garden Kvalheim på Sunnmøre - kvar finn eg den ?

For etterlysn. som ikke kan plasseres på undernivå

Moderator: MOD_Møre_og_Romsdal

Svar
Harald Lorentz Bakke
Innlegg: 952
Registrert: 2. september 2006 kl. 13.56
Sted: DAVIK

Garden Kvalheim på Sunnmøre - kvar finn eg den ?

Legg inn av Harald Lorentz Bakke » 3. februar 2013 kl. 10.26

I bygdeboka for Gloppen bd. V (Breim) s. 186 og 187 er det eit par som er nemnt busett på garden Kvalheim på Sunnmøre.
Det gjeld Anders Antonson Hole og Anne Andersdtr. Hole som gifte seg i Gloppen 1781

Ved søk finn eg ikkje nokon gard på Sunnmøre i 1801 som heiter Kvalheim/Qvalem så no undrar eg på om garden kan ha eit anna namn i FT-1801, evt kvar dette paret budde.

Ivar Ståle Ertesvåg
Innlegg: 5496
Registrert: 12. desember 2004 kl. 13.08
Sted: TRONDHEIM
Kontakt:

Re: Garden Kvalheim på Sunnmøre - kvar finn eg den ?

Legg inn av Ivar Ståle Ertesvåg » 3. februar 2013 kl. 11.34

Kanskje Kvalheim (ytre/indre) i Vågsøy?

På Sunnmøre finst Kvalsund og Kvalsvik (Herøy), Kvalstein (Borgund) og Kvalen (Rovde)

Harald Lorentz Bakke
Innlegg: 952
Registrert: 2. september 2006 kl. 13.56
Sted: DAVIK

Re: Garden Kvalheim på Sunnmøre - kvar finn eg den ?

Legg inn av Harald Lorentz Bakke » 3. februar 2013 kl. 11.51

Eg har undersøkt både i selje + alle sunnmørsprestgjelda i FT-1801 utan å finne dei.

Ivar Ståle Ertesvåg
Innlegg: 5496
Registrert: 12. desember 2004 kl. 13.08
Sted: TRONDHEIM
Kontakt:

Re: Garden Kvalheim på Sunnmøre - kvar finn eg den ?

Legg inn av Ivar Ståle Ertesvåg » 3. februar 2013 kl. 12.14

Då må du kanske finne kjelda for opplysninga i bygdeboka (kanskje eit skifte?), og sjå kva som eigentleg står der.

gj09903
Innlegg: 658
Registrert: 26. august 2009 kl. 19.51
Sted: SYKKYLVEN

Re: Garden Kvalheim på Sunnmøre - kvar finn eg den ?

Legg inn av gj09903 » 3. februar 2013 kl. 13.05

Det er skifte etter ein Anders Antoniussen på Kvalen (Rovde) i 1790. Enka heiter Anne Andersdtr.: http://arkivverket.no/URN:sk_read/24570/281/

gj09903
Innlegg: 658
Registrert: 26. august 2009 kl. 19.51
Sted: SYKKYLVEN

Re: Garden Kvalheim på Sunnmøre - kvar finn eg den ?

Legg inn av gj09903 » 3. februar 2013 kl. 13.23

Denne tråden handlar om personane frå skiftet på Kvalen: https://slektsforum.slektogdata.no/view ... hp?t=79399

Harald Lorentz Bakke
Innlegg: 952
Registrert: 2. september 2006 kl. 13.56
Sted: DAVIK

Re: Garden Kvalheim på Sunnmøre - kvar finn eg den ?

Legg inn av Harald Lorentz Bakke » 3. februar 2013 kl. 20.09

Hjerteleg takk Inge.
Det er folket på Kvalen i Rovde eg har lett etter.
Måtte ta ein pause pga besøk idag, men hadde funne eit skifte etter bror til Anders Antonsen frå 1815 der det gjekk fram at Anders var død og etterlet seg to døtrer Kari (28) og Adrianne (25) og no fekk eg bekrefta kvar dei budde. :D

Svar

Gå tilbake til «Sunnmøre - ukjent kommune»