Garden Kvalheim på Sunnmøre - kvar finn eg den ?

For etterlysn. som ikke kan plasseres på undernivå

Moderator: MOD_Møre_og_Romsdal

Svar
20544
Innlegg: 949
Registrert: 02 sep 2006 13:56:48
Sted: DAVIK

Garden Kvalheim på Sunnmøre - kvar finn eg den ?

Legg inn av 20544 » 03 feb 2013 10:26:02

I bygdeboka for Gloppen bd. V (Breim) s. 186 og 187 er det eit par som er nemnt busett på garden Kvalheim på Sunnmøre.
Det gjeld Anders Antonson Hole og Anne Andersdtr. Hole som gifte seg i Gloppen 1781

Ved søk finn eg ikkje nokon gard på Sunnmøre i 1801 som heiter Kvalheim/Qvalem så no undrar eg på om garden kan ha eit anna namn i FT-1801, evt kvar dette paret budde.

Ivar Ståle Ertesvåg
Innlegg: 4943
Registrert: 12 des 2004 13:08:07
Sted: TRONDHEIM
Kontakt:

Re: Garden Kvalheim på Sunnmøre - kvar finn eg den ?

Legg inn av Ivar Ståle Ertesvåg » 03 feb 2013 11:34:59

Kanskje Kvalheim (ytre/indre) i Vågsøy?

På Sunnmøre finst Kvalsund og Kvalsvik (Herøy), Kvalstein (Borgund) og Kvalen (Rovde)

20544
Innlegg: 949
Registrert: 02 sep 2006 13:56:48
Sted: DAVIK

Re: Garden Kvalheim på Sunnmøre - kvar finn eg den ?

Legg inn av 20544 » 03 feb 2013 11:51:03

Eg har undersøkt både i selje + alle sunnmørsprestgjelda i FT-1801 utan å finne dei.

Ivar Ståle Ertesvåg
Innlegg: 4943
Registrert: 12 des 2004 13:08:07
Sted: TRONDHEIM
Kontakt:

Re: Garden Kvalheim på Sunnmøre - kvar finn eg den ?

Legg inn av Ivar Ståle Ertesvåg » 03 feb 2013 12:14:11

Då må du kanske finne kjelda for opplysninga i bygdeboka (kanskje eit skifte?), og sjå kva som eigentleg står der.

gj09903
Innlegg: 658
Registrert: 26 aug 2009 19:51:20
Sted: SYKKYLVEN

Re: Garden Kvalheim på Sunnmøre - kvar finn eg den ?

Legg inn av gj09903 » 03 feb 2013 13:05:34

Det er skifte etter ein Anders Antoniussen på Kvalen (Rovde) i 1790. Enka heiter Anne Andersdtr.: http://arkivverket.no/URN:sk_read/24570/281/

gj09903
Innlegg: 658
Registrert: 26 aug 2009 19:51:20
Sted: SYKKYLVEN

Re: Garden Kvalheim på Sunnmøre - kvar finn eg den ?

Legg inn av gj09903 » 03 feb 2013 13:23:54

Denne tråden handlar om personane frå skiftet på Kvalen: https://slektsforum.slektogdata.no/view ... hp?t=79399

20544
Innlegg: 949
Registrert: 02 sep 2006 13:56:48
Sted: DAVIK

Re: Garden Kvalheim på Sunnmøre - kvar finn eg den ?

Legg inn av 20544 » 03 feb 2013 20:09:42

Hjerteleg takk Inge.
Det er folket på Kvalen i Rovde eg har lett etter.
Måtte ta ein pause pga besøk idag, men hadde funne eit skifte etter bror til Anders Antonsen frå 1815 der det gjekk fram at Anders var død og etterlet seg to døtrer Kari (28) og Adrianne (25) og no fekk eg bekrefta kvar dei budde. :D

Svar

Gå tilbake til «Sunnmøre - ukjent kommune»