Gardar på Sunnmøre

For etterlysn. som ikke kan plasseres på undernivå

Moderator: MOD_Møre_og_Romsdal

Svar
Ivar Ståle Ertesvåg
Innlegg: 5496
Registrert: 12. desember 2004 kl. 13.08
Sted: TRONDHEIM
Kontakt:

Gardar på Sunnmøre

Legg inn av Ivar Ståle Ertesvåg » 22. november 2011 kl. 19.08

... ikkje "ukjend kommune", men "alle kommuner":

Mest til eige bruk, men det skadar ikkje om det er til nytte for andre.
Eg har hatt liggande ei liste med gardsnamn på Søre Sunnmøre: http://folk.ntnu.no/ivarse/gard.html

No har eg laga ei liste over gardsnamn på Nøre Sunnmøre også, inndelt etter sokna før 1950
http://folk.ntnu.no/ivarse/slekt/nsunngard.htm
Skriftformene er stort sett henta frå matrikkelutkastet 1950; det forklarar ein del halv- og heildanske former.

Eg har betre kjennskap til søre luten enn til nøre, men begge listene kan utan tvil verte betre. Om nokon føler seg kalla til å kommentere skriftformer, hjelpetekstar (geografi m.m.) og andre opplysningar (grenseendringar), noterer eg flittig...

Du kan godt kommentere her i forumet eller på e-post (du finn sikkert adressa) - ikkje bruk PM.

Brukeravatar
Helge Bjerkevoll
Innlegg: 3141
Registrert: 10. desember 2004 kl. 22.15
Sted: REKDAL
Kontakt:

Re: Gardar på Sunnmøre

Legg inn av Helge Bjerkevoll » 22. november 2011 kl. 20.53

Fin og nyttig oversikt Ivar.

Gardsnavna i Vatne Sogn som jeg kjenner best til ser ut til å være godt i samsvar med de betegnelser som bygdebokforfatter Slyngstad har brukt.
Nr 86 Skorbreidvik ser ut til å ha fått forandra navnet til Skoravik i skriftlige kilder på slutten av 1800-tallet. (uttale skø`ravikja).
Strandagardene i Vatnefjorden var 3 garder. Fram til 1912 da Midstrand og Ytrestrand i 1912 i følge bygdeboka for Vatne vart formelt "sameina til eit bruk og ein gard".

Ellers er å merke seg for de som leter i kildene er at garden Eik administrativt hørte til Vestnes åtting og Romsdal fogderi frem til 1839 da garden ble overført til Sunnmøre fogderi. Noe vi bl.anna kan se av fogdens manntall 1664-65 og manntallet 1701. Men kirkelig har garden i allefall hørt til Vatne så langt tilbake en har kirkebøker (starter 1699).

dn14369
Innlegg: 369
Registrert: 6. februar 2005 kl. 20.46
Sted: TRONDHEIM
Kontakt:

Re: Gardar på Sunnmøre

Legg inn av dn14369 » 22. november 2011 kl. 22.10

Eg er usikker på kva lista skal brukast til, men skriftformene i Gaardnavne XIII er vel ikkje heilt ajour med dagens. Det er ikkje heilt sikkert mine er det heller, men på 50-talet, då eg lærde å skrive, var ein del namn litt annleis i lokalgeografien. Det eg skriv gjeld stadnamn, som ikkje må forvekslast med skrivemåte for avleidde slektsnamn!

Haram:
1. Myklebust
2. Uksnøy
11. Austnes
16. Sæt
21. Lauka
23. Hurla (hokj. eint. nom. bunden form))
25. Myra
26. Reiten

Ein interessant forskjell er at ein del av namna, som stadreferanse, vart bøygde etter bruk (nominativ - dativ). I Haram gjaldt det i alle fall nr 5,15,22,23,25,26,29.

Nokre vart ikkje bøygde, slik eg minnest: nr 1,3,6,7,8,9,10,11,12,17,18,19,20,24,27,28.

Nokre namn med 'dobbelbruk' (ikkje berre gardsnamn) kan vere vanskeleg å kategorisere på denne måten (Fjørtoft: Gardsnamn og Fjørtofta: øy med fleire gardar på. Øynamnet vart bøygt, som alle andre, om gardnamnet vart det, veit eg ikkje)

Nokre andre 'avvik', etter mitt minne:

Vatne:
82. Bjørlykke
83. Skår
86. Skårbrevik
98. Kroksætra
108. Tennøy (Hannibalsøya var ukjend for meg)

Nokre frå Borgund:
9. Eikenos
50. Åse
99. Fylling(?)
171. Gryta
173. Uggedal
178. Terøya
180. Bjørnøya
181. Kalvøya

Giske:
125. Djup, Dyb (Har aldri sett det med G-, men Gju- og Dju- gir vel same resultat)

Skodje:
25. og 26. kjenner eg berre i ubunden form: Berg

Generelt:
Dei fleste (alle?) med hokjønnsord: -strand, -øy, -sæter, -li, -vik, og som Rygh skriv med hankjønnsending, har vel ei anna form no. Han fekk vel heller ikkje med alle diftongane. '-øen' er vel no '-øya', eller '-øy'.

Ivar Ståle Ertesvåg
Innlegg: 5496
Registrert: 12. desember 2004 kl. 13.08
Sted: TRONDHEIM
Kontakt:

Re: Gardar på Sunnmøre

Legg inn av Ivar Ståle Ertesvåg » 22. november 2011 kl. 22.59

takk for innspel så langt. Ei oppklaring

Eg er usikker på kva lista skal brukast til, men skriftformene i Gaardnavne XIII er vel ikkje heilt ajour med dagens.


Det er til bruk i (lokal-)historisk samanheng; når eg (eller andre) treng å finne eller lokalisere eit gardsnamn. Til dømes når eg/nokon vil finne kvar Myklebust eller Uksnøy kan vere. Difor tek eg gjerne med avvikande skriftformer, og når slektsnamn har ei spesiell form, tek eg med den i klammer.
Eg vil gjerne ha med namn som har vore brukt tidlegare, sjølv om dei har gått ut av bruk.
(Hannibalsøy er tydelegvis eit slikt namn).

dn14369
Innlegg: 369
Registrert: 6. februar 2005 kl. 20.46
Sted: TRONDHEIM
Kontakt:

Re: Gardar på Sunnmøre

Legg inn av dn14369 » 23. november 2011 kl. 22.57

Det blir ei anna sak! Dei eldre formene eg har sett i kyrkjebøker og andre kjelder er alle å finne i 'Gaardnavne', bortsett frå forma 'Ostnæs' som vart brukt om 11. Austnes. For 16. er det 'Sæt' og 'Set' som har vore brukt. For 29. har eg inntrykk av at Hansgard/Hansgård vart brukt meir (før?) om Årsundet.

Brukeravatar
Helge Bjerkevoll
Innlegg: 3141
Registrert: 10. desember 2004 kl. 22.15
Sted: REKDAL
Kontakt:

Re: Gardar på Sunnmøre

Legg inn av Helge Bjerkevoll » 24. november 2011 kl. 21.25

Sitat:
108. Tennøy (Hannibalsøya var ukjend for meg)

Hannibalsøy nr 107, i dag kalla Løvøy. Løvøy i Vatnefjorden fraflytta 1950. (Kilde Vatne Bygdebok II)

I Stordal vil vel noen stusse på 81 Midbostad og 82 Øvrebostad.
Stordalsoga bruker Midtbust og Øvrebust. Som slektsnavn er vel også dette det vanlige.

gj14300
Innlegg: 72
Registrert: 4. juli 2011 kl. 22.27
Sted: Bergen

Re: Gardar på Sunnmøre

Legg inn av gj14300 » 25. november 2011 kl. 21.27

Norddal, moderne skrivemåte:
9. Myklebust
16. Høghjelle
22.Hoel
25. Bjørstad
31. Selboskar
47. Osvik

dn31698
Innlegg: 4
Registrert: 30. juli 2014 kl. 11.59
Sted: EIDSVOLL

Re: Gardar på Sunnmøre

Legg inn av dn31698 » 3. februar 2016 kl. 11.09

På Fjørtofta snakkar ein om Søre Fjørtoft Nøre Fjørtoft og Otterlei.
Somme stader har ein og skilt ut Davika og Fuglevika og Bakken

Ivar Ståle Ertesvåg
Innlegg: 5496
Registrert: 12. desember 2004 kl. 13.08
Sted: TRONDHEIM
Kontakt:

Re: Gardar på Sunnmøre

Legg inn av Ivar Ståle Ertesvåg » 3. februar 2016 kl. 13.05

På Fjørtofta snakkar ein om Søre Fjørtoft Nøre Fjørtoft og Otterlei.
Somme stader har ein og skilt ut Davika og Fuglevika og Bakken


Takk for tilbakemelding.
Matrikkelgardane er vel Fjørtoft og Otterlei. Likeins etternamna - det er vel ingen som heiter Søre Fjørtoft (el. likn. som Sø(ndre)refjørtoft)?

I matrikkelutkastet frå 1950 http://www.dokpro.uio.no/cgi-bin/stad/matr50
og matrikkelen 1886 http://www.rhd.uit.no/matrikkel/matrikkel.aspx
ser eg at Fjørtoft nordre er ført opp som bruksnamn for Fjørtoft bnr.1-8, Fjørtoft søre for bnr.9-17
og Bakken for bnr.18.
Davika er bruksnamn for Otterlei bnr. 1 og 2, Otterlei for bnr.4-9 og 11-13, Gjerdet for brn.10 og Fuglevika for bnr. 3 og 14.
Høgare bnr. enn 18 (Fjørtoft) og 14 (Otterlei) har kome til etter 1886.

Eg ser at Davik og Fuglevik er brukte som etternamn (brukarar i matrikkelutkastet).
Er det nokon som heiter Bakken (etter Fjørtoft bnr.18) eller Gjerde (etter Otterlei bnr. 10)?

Svar

Gå tilbake til «Sunnmøre - ukjent kommune»