Frøya, Bremanger

Moderator: MOD_nyhetsgrupper

Svar
Ivar Ståle Ertesvåg
Innlegg: 4944
Registrert: 12 des 2004 13:08:07
Sted: TRONDHEIM
Kontakt:

Frøya, Bremanger

Legg inn av Ivar Ståle Ertesvåg » 15 aug 2004 21:08:17

Eg har sett litt i Albert Joleik si "Bremanger bygdebok - soga fram til
1801" (1969).

Om gardane som i matrikkelen heiter Ytre, Nedre og Øvre Frøya (gnr 3, 4,
5) brukar han namna Frøyna Utigard, Nigard og Uppigard. Nokre kjelder
han siterer frå før 1650 brukar (danske) former av desse sistnemnde, men
elles kan det sjå ut til at dei skriftlege kjeldene nyttar Ytre, Nedre
og Øvre.

Har Utigard, Nigard og Uppigard vore nytta i talemål og skrift på øya,
eller er det noko Joleik har (re)konstruert?

takk for svar

Svar

Gå tilbake til « no.fritid.slektsforsking.diverse»