TMG 8

Moderator: MOD_Slektsprogrammer

Svar
dn07176
Innlegg: 478
Registrert: 20 sep 2005 20:19:11
Sted: TRONDHEIM

TMG 8

Legg inn av dn07176 » 15 mai 2012 15:45:52

Eg har oppgradert min TMG v7 til v8, og er stort sett godt fornøgd. Det er eit par ting som irriterer litt, og eg lurte på om andre har det same:

Project explorer
I v7 var det slik at om eg skifta til ein anna person vart denne personen automatisk aktiv i prosjektutforskaren. Dette var ein nyttig funksjon, m.a. for å sjå om eg har registrert andre med same namn. I v8 ser ikkje dette ut til å fungere. Er dette berre meg, eller er det skjedd noko her for fleire?

Fleir-registrering
Den nye funksjonen for å registrere fleire personar på same tid, t.d. alle syskena frå ei folketeljing, var etterlengta. Imidlertid finn eg ein stor mangel med denne: Det ser ikkje ut til å vere råd å registrere kjeldekvalitet for registreringa. Om eg skal ha dette med må eg gå over alt som er registert i ettertid og legge dette inn manuelt. Dermed er gevinsten med fleir-registreringa tapt og vel så det. Er det noko eg har oversett her?

dn10375
Innlegg: 685
Registrert: 18 nov 2004 18:09:13
Sted: HAMAR
Kontakt:

Re: TMG 8

Legg inn av dn10375 » 16 mai 2012 08:17:05

Prosjektutforskeren
(project explorer) har samme funksjon som før, høgreklikk og velg "Knytt Prosjektutforskeren til andre vinduer". Høgreklikkmenyen bruker du forøvrig også til å velge og legge personer i ei fokusgruppe, feks alle dine søskenbarn.

Fleir-registrering
Kildekvaliteten skal automatisk bli den kvalitetskode som er lagt inn som standard for kilden i Kilderegisteret, eksempelvis kanskje 2 for Folketelling 1910.
Det kan altså registreres en familie med far+mor+barna fra 1 kilde i et regnearkformat. Seinere kan feks hendelser for hver person suppleres med referanser til andre kilder.

Torleif Haugødegård

dn07176
Innlegg: 478
Registrert: 20 sep 2005 20:19:11
Sted: TRONDHEIM

Re: TMG 8

Legg inn av dn07176 » 16 mai 2012 15:52:21

Da var prosjektutforskaren "på stell" att takk for det. Må vere ei innstilling som vart endra ved oppgraderinga...

Eg får ikkje inn nokon kvalitet på kjeldene ved fleir-registrering, og har heller ikkje funna nokon plass å sette instillingar for dette. Når eg t.d. registrerer to born i ein eksisterande familie med fødselsår og -stad får begge får eg inn kjeldereferansen på alle tags, men ikkje noko kjeldekvalitet. Eg har skrudd på visning av kjeldekvalitet i detaljvindauget, og bruker dette m.a. for å sjå kor eg mangler kjelder. Når det som er registrert med denne fleir-registreringa ikkje gir denne informasjonen ser det dermed ut som eg mangler kjelder.

dn10375
Innlegg: 685
Registrert: 18 nov 2004 18:09:13
Sted: HAMAR
Kontakt:

Re: TMG 8

Legg inn av dn10375 » 20 mai 2012 08:16:18

Eg ser du har rett i at du må åpne t.d. relasjonen Son-biologisk for å registrere kvalitetskode for kjeldereferansen til denne.

Men du kan aktivere kolonna for Kjelde i vindauga Dataljar for å sjå at/om kjelde er registrert.

Torleif H

Svar

Gå tilbake til «Diskuter slektsprogrammer»