Skifte 16.juli 1799 Johanes Engebretsen Breivegen/Bredeveien

Moderatorer: MOD_Slektsfaglig, MOD_Kildereg

Svar
dn27834
Innlegg: 1658
Registrert: 24 nov 2011 21:45:13
Sted: ØVRE SURNADAL

Skifte 16.juli 1799 Johanes Engebretsen Breivegen/Bredeveien

Legg inn av dn27834 » 28 jun 2012 14:29:01

Eg veit ikkje om det er rett stad å leggje inn dette spørsmålet her, men det eg ikkje får til, er å
finne fram til skifter. Det eg har er opplysningar eg fekk om tipp tipp oldefar min, han Johanes Engebretsen på Breivegen i Sør-Fron. Han døde 10 juli 1799, gravlagt 16. juli 1799 54 år gamal
(kyrkjebøkene for Fron fram til 1799 brann i 1806)
Kildeinformasjon: Oppland fylke, Fron, Ministerialbok nr. 1 (1799-1816), Døde og begravede 1799, side 364-365.(10. juli 1799 ca midt ned på sida)
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... _side=-153

I dei opplysningane eg fekk frå skiftet, var berre namn frå 1. og 2. ekteskap teke med, og barna frå dei to ekteskapa, og skiftet var dagsett 16. juli 1799 (same dato som gravferda). Det eg ville hatt var all teksta til skiftet, og korleis eg går fram for å finne skifter i fødebygda mi, Sør-Fron.
Den gongen eg fekk oppgjeve desse namneopplysningane i skiftet, vart eg så glad for å få namn på ektefeller og barn, at eg tenkte ikkje at det kunne vere noko anna av interesse etter denne husmannen. Eg har fått kopi av originalen av husmannakontrakta, og det var for å kunne føre prov for at Johanes Engebretsen var min ane, at eg har nytta skiftet som dokumentasjon.

En tenkte at eg skulle få lagt ved "originalkopien" av husmannskontrakta som dokumentasjon for at det er "min" Johanes som det er skifta etter i 1799, men det skanna dokumentet ville ikkje la seg kopiere over idag, kun det "omsette" til normalskrift:


No 2 1789 En Shilling

Vi underskrevne Poul Thordsen Stokke og Hans Olsen Brandrud kiendes og herved vitterliggiør at have bøxlet og fæstet, ligesom vi herved bøxler og fæster til Johanes Engebretsen Pladsen Bredvejen underhørende vore paaboende Gaarder Stokke og Brandrud i Froens Præstegield, hvilken Pladsen Bredevejen med paastaaende huuse (hvilke siest er ham selv tilhørende) bemeldte Johanes Engebretsen maa bruge og beholde sin levetid i mod at hand ser at svarer den fastsadte aarlige Afgift, nemlig 2 rd. Aarlig til hver af os, eller efterkommende gaardenes Eiere som dog betales med
smide Arbeide saa meget deraf vi maatte behøve og det overskydende, om noget bliver med penge, ligesom hand øvrigt opfylder de Pligter en Husmand påligger. Skulde Johanes Engebretsen ikke indlade sig i ækteskab da bliver hans nuværende Børn de nærmeste til at tage Pladsen i brug for same afgift. Men skulde hand gifte sig da bliver hans kone berættiget at faae Pladsen i brug og efter hende, som mæld, hans nuhavende Børn. Byxelen er betalt etter Loven og bliver bemældte Johanes Engebretsens Børne eijen Byxel pligtig at betale naar en af dem faar Pladsen i Brug.

Stokke den 24ie Novembr. 1789 -
Poul Thordsen
med paaholden Pen

Hans Olsen
med paaholden Pen


En ligelydende Gienpart heraf er mig meddelt og forbinder jig mig i alle diele denne Byxelseddel at efterkomme.

Datum et supra -
Johanes Engebretsen
med paaholden Pen

Er det nokon som kan seie meg korleis eg finn desse skifta i digitalarkivet, så ville eg bli glad, for da skal eg prøve klare meg sjølv på det feltet.

Beste helsing
Wenche

Brukeravatar
gj03896
Innlegg: 17820
Registrert: 03 nov 2006 09:10:00
Sted: KONGSBERG

Re: Skifte 16.juli 1799 Johanes Engebretsen Breivegen/Bredev

Legg inn av gj03896 » 28 jun 2012 18:34:24

Du finner skiftet etter ham her, høyre side:
Kildeinformasjon: Oppland fylke, Sør-Gudbrandsdal sorenskriveri, Skifteprotokoll 7 , 1792-1800, oppb: Statsarkivet i Hamar.

Merknader: Aut. 17.03.1792. Gårdsnavnsregister bak.

Permanent sidelenke: http://arkivverket.no/URN:sk_read/25176/585/

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1 ... 720585.jpg

Mvh
Else B.

dn27834
Innlegg: 1658
Registrert: 24 nov 2011 21:45:13
Sted: ØVRE SURNADAL

Re: Skifte 16.juli 1799 Johanes Engebretsen Breivegen/Bredev

Legg inn av dn27834 » 28 jun 2012 20:16:48

Tusen takk, Else, du er ein engel.

Skal prøve forstørre teksta og prøve tyde skrifta. Og får eg ikkje til det i morgon, kjem det att
på Tyding av kjelder, veit du.

beste helsing
Wenche

dn27834
Innlegg: 1658
Registrert: 24 nov 2011 21:45:13
Sted: ØVRE SURNADAL

Re: Skifte 16.juli 1799 Johanes Engebretsen Breivegen/Bredev

Legg inn av dn27834 » 16 sep 2013 12:30:19

Utskrift på del av skiftet:
PF997 Sør Gudb.dal
Skifteprotokol Bredeveien 16/7 1799 Folio 570 A (1)
1791 ? 1800 i Fron Søndre
Johannes Engebretsen (underskreiv husmannskontrakt på Breivegen mrk. av WB)
gm 1 Kari Olsdtr
gm 2 Marit Hansdtr,(Brandrud, ca 1758-1818 mrk av WB)
Barn :
1. Erland Johannesen myndig (* 1774 † 1850 mrk av WB) (2)
2. Engebret Johannesen myndig (* 1775 † 1856, mrk av WB) (3)
3. Hans Johannesen 2 ½ år
4. Kari Johannesdtr 8 ½ år (4)
5. Anne Johannesdtr 7 år

Kone 1 Kari Olsdtr har eg ikkje fått dokumentert når født eller død, men det kan være at ho døydde i 1775/1776 rett etter at yngste sonen var født, og da kan det vel vere eit skifte der det kan framgå fleire opplysningar om Kari, feks kven ho var dotter til.

https://slektsforum.slektogdata.no/view ... 405#592405

Svar

Gå tilbake til «Kilder og metode»