Irene Westen skrev:Hei Lars.
Jeg er ikke så godt kjent innenfor DIS enda (nytt medlem) så jeg
vet ikke om dere tidligere har tatt opp dette med oppkalling av barn? Ellers lurer jeg på fadderordningen. Var det slik at man vanligvis valgte faddere fra nær familie - eller var det ikke noen "standard" for dette?
Mvh
Irene

Eg er ikkje Lars..... men, likevel, sidan ingen Lars svarar ....
Oppkalling har vore omtala her og der. Vi veit at det skjer. Nokon meiner det finst "reglar" for oppkalling og vi kan sjå at somme former for oppkalling er ein del brukte (t.d. odelsguten etter bestefar på garden). Men det er heller ikkje vanskeleg å finne "brot" på "reglane". Det ser ikkje ut til at nokon har granska dette statistisk, men at det byggjer på subjektive "inntrykk" frå eit større eller mindre materiale.
Faddrar: Her kjem det an på kva tid du tenkjer på. Etter lova (Christian Vs, 1687) skulle det ikkje vere meir enn fem, og "som ere ærlige og uberygtede Folk". Eg trur (men finn ikkje regelen no) at foreldra ikkje kunne vere mellom faddrane. (Dette må ha vore endra før 1904, då "barnets moder" var fadder til mormor.)
På Sunnmøre var det vanleg at folk frå grannegardane var faddrar (dei kan vere slektningar, men det er ingen regel). Av og til ser vi at den femte er lenger vekk ifrå - og då ser det ofte ut til at det er ein slektning.
Det vi kan seie er at fadderskap ikkje fortel noko om slektskap.