Britha Hansdtr Bjørgen - kva skjedde etter 1864?

For etterlysninger som ikke kan plasseres på ett av undernivåene

Moderator: MOD_Hordaland

Svar
gj14398
Innlegg: 50
Registrert: 12. august 2011 kl. 20.03
Sted: SANDVOLL

Britha Hansdtr Bjørgen - kva skjedde etter 1864?

Legg inn av gj14398 » 21. juli 2016 kl. 22.43

Eg held då på med ein av dei siste puslebrikkene i slektssoga eg arbeider med, og treng litt assistanse, råd og tips.

Det dreier seg om Britha/Brita Hansdtr Bjørgen, fødd 18. nov 1848 på Bjørgjo, Halsnøy, Skånevik kommune/prestegjeld (no Kvinnherad). Ho var uekte barn av Siri Bjørgen og Hans Nilsson, og flytta med mora til Husnes i Kvinnherad sokn.

Ho er skriven konfirmert her på Husnes i 1864, men derifrå veit eg ingenting. Iflg. Skånevikssoga Bind 1 drog ho til Bergen, men eg har ikkje klart å finne ho der, iallefall ikkje direkte.

Det eg då lurer på er: Kva skjedde med Brita?

Takkar på førehand for all hjelp, anten det er svar, tips eller råd! :)

--

Eg har hatt eit par teoriar/idear som eg tar med under:

Teori 1: Flytta til Lindås, seinare gift med Johan O Syslak. Lite truleg, men mogleg, sidan eg ikkje finn noko Brita Hansdtr fødd i Lindås når ho hevdar å vere fødd der. Lenkje:
http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01037329002976

Teori 2: Tenestepike på Stord i 1865 med feil alder. Oppgir fødestad som Kvinnherad, det er ikkje usannsynleg sidan ho var konfirmert på Husnes. Men det fortel lite om kva som skjedde etter 1865. Lenkje: http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01038228001809

Teori 3: Gift Løgre/Lygre og innlagt ved spedalsk heim i Bergen i 1891. Lite truleg, sidan fødestad er oppgitt som Strandvik. Kan det vere Brita Lægreid som døydde i 1905? Lenkje:
http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01052994000848

Teori 4: Døydde etter konfirmasjonen men før folketellinga. Det er derimot ingen Britha på den alderen som døydde verken i Skånevik eller Kvinnherad i 1864/65.

Teori 5: Står skriven med særs merkeleg namnevariant.

Brukeravatar
Paul Johan Hals
Innlegg: 13026
Registrert: 17. oktober 2007 kl. 20.33

Re: Britha Hansdtr Bjørgen - kva skjedde etter 1864?

Legg inn av Paul Johan Hals » 22. juli 2016 kl. 0.01

Legger inn en link til konfirmasjonen siden den er det siste sikre sporet du har. Nr 15

SAB, Kvinnherad Sokneprestembete, H/Haa: Ministerialbok nr. A 8, 1854-1872, s. 178
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb20070222620478

Mvh Paul

Brukeravatar
Paul Johan Hals
Innlegg: 13026
Registrert: 17. oktober 2007 kl. 20.33

Re: Britha Hansdtr Bjørgen - kva skjedde etter 1864?

Legg inn av Paul Johan Hals » 22. juli 2016 kl. 0.11

Er det ikke hun som flytter ut som nr 1 (i første spalte) her?

SAB, Kvinnherad Sokneprestembete, H/Haa: Ministerialbok nr. A 8, 1854-1872, s. 277
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb20070222620577

Litt usikker på hvor hun flytter, men det står muligens Stordøen

NB! Kan også stå Averdøen, men jeg tror ikke det.

Mvh Paul

gj14398
Innlegg: 50
Registrert: 12. august 2011 kl. 20.03
Sted: SANDVOLL

Re: Britha Hansdtr Bjørgen - kva skjedde etter 1864?

Legg inn av gj14398 » 22. juli 2016 kl. 13.09

Takk for svar og god hjelp!

Stemmer nok at det er ho som flytter til Stord der ja - det er tross alt naboøya, og då er det nok ho som er skriven som tenestepike der i 1865. Då gjenstår det berre å finne ut kva som skjedde vidare :-)

Svar

Gå tilbake til «Hordaland - ukjent sted»