Det dreier seg om Britha/Brita Hansdtr Bjørgen, fødd 18. nov 1848 på Bjørgjo, Halsnøy, Skånevik kommune/prestegjeld (no Kvinnherad). Ho var uekte barn av Siri Bjørgen og Hans Nilsson, og flytta med mora til Husnes i Kvinnherad sokn.
Ho er skriven konfirmert her på Husnes i 1864, men derifrå veit eg ingenting. Iflg. Skånevikssoga Bind 1 drog ho til Bergen, men eg har ikkje klart å finne ho der, iallefall ikkje direkte.
Det eg då lurer på er: Kva skjedde med Brita?
Takkar på førehand for all hjelp, anten det er svar, tips eller råd!

--
Eg har hatt eit par teoriar/idear som eg tar med under:
Teori 1: Flytta til Lindås, seinare gift med Johan O Syslak. Lite truleg, men mogleg, sidan eg ikkje finn noko Brita Hansdtr fødd i Lindås når ho hevdar å vere fødd der. Lenkje:
http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01037329002976
Teori 2: Tenestepike på Stord i 1865 med feil alder. Oppgir fødestad som Kvinnherad, det er ikkje usannsynleg sidan ho var konfirmert på Husnes. Men det fortel lite om kva som skjedde etter 1865. Lenkje: http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01038228001809
Teori 3: Gift Løgre/Lygre og innlagt ved spedalsk heim i Bergen i 1891. Lite truleg, sidan fødestad er oppgitt som Strandvik. Kan det vere Brita Lægreid som døydde i 1905? Lenkje:
http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01052994000848
Teori 4: Døydde etter konfirmasjonen men før folketellinga. Det er derimot ingen Britha på den alderen som døydde verken i Skånevik eller Kvinnherad i 1864/65.
Teori 5: Står skriven med særs merkeleg namnevariant.