
Eg såg nettopp ei melding om eit professoralt hjertesukk i 1900-tellinga, av ein Johan Storm f. 1836, som det synte seg var fødd i Lom (der eg redigerer bygdeboka). Men kven var han?
Nå er det slik at vi har kyrkjebøkene for Lom i form av registreringar gjennom det gamle Ættesoge-programmet, og det hadde ikkje felt for detaljert registrering, m.a. ikkje slektsnamn.
Så det vi hadde, var berre fornamna på far, mor og Johan (som var døypt Johannes Fredrik for alle tilfelels skyld). Faren, Ole Johan, var kapellan i Lom da sonen vart fødd.
Med etternamnet kunne eg kome eit skriftt vidare, og eg fann att mora her: http://digitalarkivet.uib.no/cgi-win/We ... unnenr=495
Men som ein kan sjå, var ho enkje, så eg kjem ikkje lenger med Ole Johan på lettvint måte.
Og dermed går det med han som andre i same situasjon - han blir ikkje prioritert i trange (bygdebok-)tider - viss da ingen på Slektsforum kan supplere med fødsels- og dødsår, og evt. kvar han kom frå (ikkje heile slekta, det er det ikkje plass til i boka).
Mvh,
Arnfinn