Karoline Dorthea Larsen vart bortsett til Alette Grip på Langfjordøya i Gamvik for å føde i 1923

Moderator: MOD_Finnmark

Svar
Ivar Svein Mo
Innlegg: 7
Registrert: 1. mars 2022 kl. 21.24

Karoline Dorthea Larsen vart bortsett til Alette Grip på Langfjordøya i Gamvik for å føde i 1923

Legg inn av Ivar Svein Mo » 29. desember 2022 kl. 14.18

Hei.
Vi har i ca. 30 år prøvd å finne historia til min mor i Gamvik i Finnmark og ville være svært takknemeleg om nokon kunne bidra med opplysningar til oss. Vi har ikkje funne dåpsopplysningar i den Norske kirke eller kva kirke som ho er døpt i. Der med er vi ikkje sikre på om fødseldato er riktig eller kven som er faren. Mor var svært interessert i å finne sitt opphav og vi kom langt, men manglar desse små, men viktige fakta. Ho fekk aldri bli kjent med sin mor. Mor døde i 2020, 96 år gammal. Min mor var fødd i Gamvik 2.1.1924, Liv Lydia Larsen, står det på fødsel opplysningane. Namnet fekk ho etter ho kom til Korsfjord barnehjem og det opprinnelege fødselnamnet kan være eit anna.
Ho kom til Sunnmøre i 1926 frå Korsfjord barnehjem. Rett etter fødselen kom ho først til Kåfjord barnehjem. Begge desse institusjonane var dreve av Frikirken.

Mor hennar var:
Karoline Dorthea Larsen  (kirkeboka vert namnet skreve Karoline Dorothea)Fødd i Finnkongkeila : 15.08.01, heimedåp av16.08.01 stadfesta i kirka 15.09.01Død i Vardø: 08.09.84 (Kirkeboka i Vardø står der 05.08.04 som fødselår og feil namn)Foreldre: Anders Larsen fødd 1860 og Hanna Isaksen fødd 1868 - begge busett Finnkongkeila.

 I 1922/23 vart Dorthea gravid med min mor, og kommuna sette ho vekk på legd til Alette Grip i Langfjorden, på kommuna si rekning.

LANGFJORDØYA I TANAFJORDEN, ELLER STORØYA, SOM DET STÅR I DAG PÅ KARTET. (I Kirkebok står Langfjordøen)
På Langfjordøya hadde Alette Karine Dageborg Grip (f. 1869) eit gardsbruk i lag med mannen og familie og Dorthea skulle hjelpe til med det ho greidde. Alette hadde betaling frå kommuna (fattig understøtta) for å hjelpe jenter som hadde kome i denne situasjonen, og tok også over ansvaret som verge for ho.  Familien hadde 4 barn sjølve, 3 gutar og ei jente. Jenta, Astrid Grip, seinare gift Halvorsen, var eit år eldre enn Dorthea og vart ei god venninne å støtte for ho seinare i livet. Etter det vi høyrde frå kjentfolk i Gamvik, så budde Dorthea på Langfjordøya i over 10 år. Her hadde ho det sikkert trygt og godt, men det var i fattigdom ilag med den øvrige familie. I 1934 skjedde det verste som kunne skje for ein familie utan veg og kommunikasjon. Mannen til Alette, Peder Olai Grip f.1864, drukna i Tanafjorden. Den aldrande Alette måtte selge og forlate garden, og ta med seg Dorthea og reise til Gamvik. Dorthea kom til Gamvik ilag med Alette Grip og var der til 1944, høyrde vi av kilder der. Ho vart overført til Vardø og seinare fekk ho plass på Kiberg etter krigen.Dattera til Alette, som no var gift Astrid Halvorsen budde no i Langfjordbotn. Ho og mannen Håkon flytte også seinare til Gamvik.

Det vi ønsker å belyse og å få hjelp til er følgende opplysningar:
Vi har ikkje funne dåp eller registrering i fødsellister i kirkebøkene, men etter det vi har fått av opplysningar frå folk som kjente Dorthea, så var det på Langfjordøya Dorthea fødde mor, Liv Lydia 2.1.1924? Kunne det være Tana kirke som var dåpskirka?

Alette Grip eigde også ein gard på Skjånes som kanskje kan være eit alternativ fødeplass. Det ville være interessant å få høyre litt om korleis dei budde på denne tida og om det vart veksla å bu mellom Langfjorden og Skjånes.Om denne datoen er eg svært i tvil om det kan stemme. Korleis kunne dei transportere eit
nyfødd barn 30-40 mil midt i januar til Kåfjorden i Alta? Var det kommuna som frakta eit lite nyfødt barn denne lange vegen, eller var det Frikirken som henta barnet? Gjekk reisa med båt eller på landområde?
Tusen takk til alle som kan kome med litt opplysningar til oss. Det ser ut som det er svært lite å hente i dei offentlege registera. Vi har ikkje fått sett i kirkeboka for Gamvik, men vi har hatt god hjelp leite i den boka.
 Ivar Svein Mo
 

Brukeravatar
Astrid Mollan
Innlegg: 6436
Registrert: 1. mars 2009 kl. 18.46
Sted: KRISTIANSUND N

Re: Karoline Dorthea Larsen vart bortsett til Alette Grip på Langfjordøya i Gamvik for å føde i 1923

Legg inn av Astrid Mollan » 29. desember 2022 kl. 16.39

Skriv til Statsforvalteren i Finnmark og be om opplysninger de har om din mor. Hvis hun fikk navnet på barnehjemmet finnes det nok opplysninger om dåp der, og en journal.(Om dokumentene ikke ble ødelagt under krigen). Vi får navn ved dåpen. Hvis hun hadde et annet navn før barnehjemmet, må hun ha vært døpt tidligere. Oppgi alle opplysninger du har om din mor. Legg ved kopi av din fødsels/dåpsattest evt. kopi av pass. 

Det var vel dette barnehjemmet det var rettssaker om for noen år siden. Da vet nok Statsforvalteren hvor dokumentene om din mor finnes. Som barn av din mor går jeg ut i fra at du har rett til kopi av hennes dokumenter. 
 
Astrid M

Bent Roger Ødegaard
Innlegg: 2545
Registrert: 24. mars 2010 kl. 13.38
Sted: VESTMARKA
Kontakt:

Re: Karoline Dorthea Larsen vart bortsett til Alette Grip på Langfjordøya i Gamvik for å føde i 1923

Legg inn av Bent Roger Ødegaard » 29. desember 2022 kl. 18.35

I Møre-Nytt fredag 30.10.2020: 

DØDSFALL Liv Lydia Mo f. Pettersen Kvistad, 2. januar 1924. (Kilde: Nasjonalbiblioteket https://www.nb.no )

På et slektstre er far til Liv Lydia oppgitt som Peder Kristian Edvin Jørstad, hans far igjen er oppgitt å være Peder Bertaus Pettersen.
- men mor til Liv Lydia er oppgitt å være Inga Karoline f. Skum.
I følge samme nettside er Peder Jørstad født i 1900, mens Inga Karoline er født 1913. (så hun er vel trolig ikke mor i så ung alder)

Peder Kristian Edvin, øverst på siden:
Troms fylke, Kvænangen i Skjervøy, Klokkerbok nr. 16 (1891-1907), Fødte og døpte 1901, Side 74
https://www.digitalarkivet.no/kb20061213660181
Mvh. BentØ

Brukeravatar
Astrid Mollan
Innlegg: 6436
Registrert: 1. mars 2009 kl. 18.46
Sted: KRISTIANSUND N

Re: Karoline Dorthea Larsen vart bortsett til Alette Grip på Langfjordøya i Gamvik for å føde i 1923

Legg inn av Astrid Mollan » 29. desember 2022 kl. 19.59

Tar med dette til hjelp for de som vil lete.

Dette er vel moren? https://www.digitalarkivet.no/census/pe ... 4334000719

https://www.digitalarkivet.no/census/pe ... 6986001739

Tana sokneprestkontor, SATØ/S-1334/H/Ha/L0006kirke: Ministerialbok nr. 6, 1892-1908, s. 21
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20060505030464
Dåp neders.

 Det ser ut til at foreldrene var gift på hver sin kant.Hanna  Isaksen(usikker) og Anders Larsen. Karoline brukte sin fars etternavn, Larsen.
 
 Mulig far til Liv. Dette er meget tynt.  https://media.digitalarkivet.no/view/6751/76 Peter Kristian Edvin Pettersen. Født 1900 kan han ha brukt farens patronym som etternavn. Eller er det faren?
 
 
 
 
 
 
 
Astrid M

Brukeravatar
Brit Sæther
Innlegg: 1055
Registrert: 7. juni 2016 kl. 20.09
Sted: SKEDSMOKORSET

Re: Karoline Dorthea Larsen vart bortsett til Alette Grip på Langfjordøya i Gamvik for å føde i 1923

Legg inn av Brit Sæther » 29. desember 2022 kl. 20.28

Her er familien Jørstad i 1920 i Kvænangen:

https://www.digitalarkivet.no/census/pe ... 4318001037

Faren Peder Pettersen døde i 1901 (nr 12) :

Skjervøy sokneprestkontor, SATØ/S-1300/H/Ha/Hab/L0016klokker: Klokkerbok nr. 16, 1891-1907, s. 226
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20061213660315

Brit
 
 

Brukeravatar
Astrid Mollan
Innlegg: 6436
Registrert: 1. mars 2009 kl. 18.46
Sted: KRISTIANSUND N

Re: Karoline Dorthea Larsen vart bortsett til Alette Grip på Langfjordøya i Gamvik for å føde i 1923

Legg inn av Astrid Mollan » 30. desember 2022 kl. 10.23

Fedre måtte betale barnebidrag. Siden hun kom til Sunnmøre kan «mappa» hennes finnes på IKA Møre og Romsdal. De har et stort arkiv med gamle dokumenter fra kommunene i M&R. Spør dem. https://www.ikamr.no

Var fosterforeldrene også frikirkelige? I tilfelle kan de vite noe om lokale arkiv her. https://frikirken.no/alesund
Astrid M

Brukeravatar
Brit Sæther
Innlegg: 1055
Registrert: 7. juni 2016 kl. 20.09
Sted: SKEDSMOKORSET

Re: Karoline Dorthea Larsen vart bortsett til Alette Grip på Langfjordøya i Gamvik for å føde i 1923

Legg inn av Brit Sæther » 30. desember 2022 kl. 10.30

Hvor ble hun konfirmert? 

Brit
 

Ivar Svein Mo
Innlegg: 7
Registrert: 1. mars 2022 kl. 21.24

Re: Karoline Dorthea Larsen vart bortsett til Alette Grip på Langfjordøya i Gamvik for å føde i 1923

Legg inn av Ivar Svein Mo » 30. desember 2022 kl. 10.42

Takk for interesse.
 Karoline Dorothea var eit uekte barn og eit problem fordi begge foreldrene var gift på kvar sin kant. Familien prøvde å verte kvitt henne ved å stenge henne ute så ho skulle fryse i hjel.
Dette skulle ho ha fortalt sjølv til styrarinna på aldersheimen. Ein slektning av Remso familien kunne også bekrefte dette.
Mor til Dorothea, eller ein slektning, tok ho med til Tanamarkedet på Langfjordnes i Tana, som i den tid var årleg, og baud ho fram for ”sal” som ei anna vare. Dette reagerte enkja
Sigrid Remso på at det gjekk alt for langt, og fekk overta jenta. Ho hadde sjølv born bl.a. ei jente som var like gammal som Dorthea og som hadde namnet Marie og ei anna som heitte
Anna.
Dorthea vaks då opp i Gulbokjok.

Dorothea hadde lese og skrivevanskar, eller problem med synet, og vart teken ut av skulen som 12-13 åring og dermed fekk ho aldri lære skikkeleg å lese å skrive, heller ikkje vart ho konfirmert, men måtte ut i teneste.
Etter ho vart gravid vart ho sett vekk til Alette Grip og fødde mi mor. Etter det vi forstår så vart det farskapssak og i protokollen på Korsfjord barnehjem var Peder Edvin Kristian Pettersen Jørstad som vart peikt ut som barnefar.
Den 18. mai 1925 vart ho sett under vergemål og umyndiggjorde og måtte skrive frå seg barnet.Alt tyder på at det her har vore ei farskapssak og der skal være ein rettsprotokoll eller eit kopi.  

Vi har undersøkt i arkiva og fått svar frå Arkivet:

"Vi har fortatt søk i arkivet etter Sorenskriveren i Tana, men det viser seg desverre at en del arkivmateriale i forbindelse med rettergang i 1920-tallet er gått tapt. Materialet er ikke levert inn til statsarkivet i sin tid, og vi kan beklageligvis ikke gjøre nødvendige oppslag for deg."
  
DET ER FØLGANDE REGISTRERT I KIRKEBOKA I GAMVIK:

Epost frå kirkeverge i Gamvik:

«Eg fant din mors navn under utmeldte av statskirken i 1929
Som nr 1 15/11 1929, Liv Lydia, fødselsår 2/1 1924, datter av pike Dortea Larsen, Gamvik.
Utmeldt til Den ev. lutherske frimenighet, moren tilhører statskirken.
Som anmerkning står det: Moren har i skrivelse av 15/9-25 fraskrevet seg all rett til barnet.
Overført etter anmodning frå pleiefar Ivar Kvistad, Bopæl Ørstavik Sunnmøre.»


 Dette kan tyder på at mor har vorte døypt rett etter fødsel, kanskje i Tana kirke, sidan ho vart registrert og utskreva frå kirkeboka i Gamvik. 
I protokollen for barnehjemmet var mor døpt på ny i Frikirkenen av Forstander Laurits Dyb og kona Lydia Dyb og fekk namnet sitt etter dei. Dette er det som står i dåpsattesten for frikirken. Døpt 22.9.1924 

Vi hadde eit håp å kunne finne kirkeboka si innskriving av fødsel og dåp slik det kunne skrivast ein dåpsattest frå Statskirka med namnet til barnets far. Håper vi ein dag kan få studere kirkeboka sjølve og kanskje finne fødselopplysningane. Kanskje det er innskreve i kirkeboka etter farskapssaka var over. Det ser ut som alle rettspapira er borte og det var snakk om ein båt som var torpedert under krigen som hadde mykje papir ombord som skulle til statsarkivet. 

Vi vart kjent med namnet Jørstad gjennom protokollen på Korsfjord barnehjem, men noke meir bevis for at det er rett, har vi ikkje. Protokollen og dokumenta frå barnehjemmet ligg no i Riksarkivet i Oslo. Alle dokument frå Kåfjord barnehjem brann opp i ein brann i 1937.

Dei opplysningane som ligg i eit slektre på nettet, om at kona til Jørstad, Inga Karoline f. Skum er mor til min mor, stemmer ikkje. Årsaka til at dette er skreve inn kjenner eg ikkje til, men veit at dette er kona hans seinare i livet. 

Det vi håpte på var at ein eller annan kunne fortelle oss om tida i Tana i 1920 -åra og korleis dei kunne frakte eit lite barn til Kåfjord i den mørkaste vinteren. Eg har tru på at fødselen har vore tidleg på hausten fordi vi har eit samlingsbilde frå eit juleselskap i 1922 på Kåfjord barnehjem, der det ser ut som mor er nokre månader gammal. 

Håper at dette er avklarande og vi kan håpe på eit funn i kirkeboka i Gamvik når den vert digtalisert og ligg på nett. Setter stor pris på alle som har vist interesse for min henvendelse. 

Ivar Svein Mo
  
 
 
 
 
 

Brukeravatar
Brit Sæther
Innlegg: 1055
Registrert: 7. juni 2016 kl. 20.09
Sted: SKEDSMOKORSET

Re: Karoline Dorthea Larsen vart bortsett til Alette Grip på Langfjordøya i Gamvik for å føde i 1923

Legg inn av Brit Sæther » 30. desember 2022 kl. 11.04

Du kan søke om innsyn i kirkeboka i Gamvik. Det kom en ny lov for noen få år siden som gir etterkommere etter adopterte tilgang til fødselsopplysninger. Du behøver ikke å vente til den blir digitalisert..

Brit

Ivar Svein Mo
Innlegg: 7
Registrert: 1. mars 2022 kl. 21.24

Re: Karoline Dorthea Larsen vart bortsett til Alette Grip på Langfjordøya i Gamvik for å føde i 1923

Legg inn av Ivar Svein Mo » 30. desember 2022 kl. 11.09

76326 skrev: 30. desember 2022 kl. 10.30 Hvor ble hun konfirmert? 

Brit
 
Mor mi vart konfirmert i Ørsta Frikirke 3.7.1938.  Det vart kalla kunskapsprøve den tida. Ho hadde ønske om å konfirmere seg i Statskirka, men kunne ikkje det sidan pleieforeldra ikkje kunne legge fram dåpsattest frå Statskirka.

Ivar Svein


 
 
 
 

Ivar Svein Mo
Innlegg: 7
Registrert: 1. mars 2022 kl. 21.24

Re: Karoline Dorthea Larsen vart bortsett til Alette Grip på Langfjordøya i Gamvik for å føde i 1923

Legg inn av Ivar Svein Mo » 30. desember 2022 kl. 11.15

76326 skrev: 30. desember 2022 kl. 11.04 Du kan søke om innsyn i kirkeboka i Gamvik. Det kom en ny lov for noen få år siden som gir etterkommere etter adopterte tilgang til fødselsopplysninger. Du behøver ikke å vente til den blir digitalisert..

Brit

Men kirkeboka har dei fortsatt ved kirkekontoret i Gamvik. Då må eg oppsøke kirkekontoret då?
 
 

Brukeravatar
Brit Sæther
Innlegg: 1055
Registrert: 7. juni 2016 kl. 20.09
Sted: SKEDSMOKORSET

Re: Karoline Dorthea Larsen vart bortsett til Alette Grip på Langfjordøya i Gamvik for å føde i 1923

Legg inn av Brit Sæther » 30. desember 2022 kl. 11.17

Nei det trenger du ikke. Du må fylle ut en søknad. Jeg skal prøve å finne ut dette. Har vært bort i det før.

Brit

Brukeravatar
Brit Sæther
Innlegg: 1055
Registrert: 7. juni 2016 kl. 20.09
Sted: SKEDSMOKORSET

Re: Karoline Dorthea Larsen vart bortsett til Alette Grip på Langfjordøya i Gamvik for å føde i 1923

Legg inn av Brit Sæther » 30. desember 2022 kl. 11.20

Her er veiledningen og søknadsskjema.

Du må vel be om innsyn både i Gamvik og Tana..

https://ny.bufdir.no/adopsjon/opprinnelse-og-innsyn/


Brit

Ivar Svein Mo
Innlegg: 7
Registrert: 1. mars 2022 kl. 21.24

Re: Karoline Dorthea Larsen vart bortsett til Alette Grip på Langfjordøya i Gamvik for å føde i 1923

Legg inn av Ivar Svein Mo » 30. desember 2022 kl. 12.27

22177 skrev: 30. desember 2022 kl. 10.23 Fedre måtte betale barnebidrag. Siden hun kom til Sunnmøre kan «mappa» hennes finnes på IKA Møre og Romsdal. De har et stort arkiv med gamle dokumenter fra kommunene i M&R. Spør dem. https://www.ikamr.no

Var fosterforeldrene også frikirkelige? I tilfelle kan de vite noe om lokale arkiv her. https://frikirken.no/alesund

Takk for tips, der har vi ikkje undersøkt. Ja, det var gjennom frikirken alt vart ordna og fosterforeldra var aktive i Frikirken.

Mvh Ivar Svein

 
 

Brukeravatar
Astrid Mollan
Innlegg: 6436
Registrert: 1. mars 2009 kl. 18.46
Sted: KRISTIANSUND N

Re: Karoline Dorthea Larsen vart bortsett til Alette Grip på Langfjordøya i Gamvik for å føde i 1923

Legg inn av Astrid Mollan » 30. desember 2022 kl. 12.44

Var hun ikke adoptert er sperrefristen 1930. Da er det bare å sende en e post, ringe kirkekontoren og be dem sende deg en kopi, foto av innførselen av dåpen. Vi har et kirkekontor her på Nordmøre som tviholder på kirkeboka og ikke vil sende den inn til skanning. Men de oppgir alltid opplysningene inntil 1930 når noen ringer dem. Du får nok ikke bla selv i kirkeboka om du oppsøker dem. Det kan stå noe om adopsjon av andre i boka med sperrefrist 100 år.
Astrid M

Leo Leonhardsen
Innlegg: 2
Registrert: 31. januar 2023 kl. 19.15

Re: Karoline Dorthea Larsen vart bortsett til Alette Grip på Langfjordøya i Gamvik for å føde i 1923

Legg inn av Leo Leonhardsen » 31. januar 2023 kl. 19.30

Karoline Dorothea Larsen var datter til Hanna Ulrikke (født Isaksen) og Anders Larsen
De bodde en kort stund i Gamvik eller Omgang. Hanna Ulrikke forlot sin mann og ble med Anders. De fikk Karoline i 1901.
Anders døde i 1906. Hanna Ulrikke levde til 1936. Karoline var da halvsøster til min bestemor. Det er det jeg foreløpig har funnet ut.
Leo

Ivar Svein Mo
Innlegg: 7
Registrert: 1. mars 2022 kl. 21.24

Re: Karoline Dorthea Larsen vart bortsett til Alette Grip på Langfjordøya i Gamvik for å føde i 1923

Legg inn av Ivar Svein Mo » 10. februar 2023 kl. 20.42

Karoline Dorthea vaks opp i Gulbokjok.  Veit du om det var nokon kontakt mellom dei to søstrene? I konfirmasjonsalderen så måtte ho ut i tjeneste og kom til Gamvik og var med Helmansen som hadde handelsstasjon der.

Ivar Svein
 

Leo Leonhardsen
Innlegg: 2
Registrert: 31. januar 2023 kl. 19.15

Re: Karoline Dorthea Larsen vart bortsett til Alette Grip på Langfjordøya i Gamvik for å føde i 1923

Legg inn av Leo Leonhardsen » 13. februar 2023 kl. 10.47

Det er ei dramatisk historie. Og sørgelig.
Jeg tror ikke noen i familien min visste om dette. Ingen av mine tanter og onkler har fortalt noe om dette.
Min bestemor døde i 1937 i Skjøtningberg og da reiste min bestefar til Rossfjord. De yngste barna ble satt bort til de eldste.

Jeg har ikke fått klarlagt Hanna Ulrikkes bevegelser ennå. De gamle fortalte at hun gikk fra mannen på et tidspunkt, men at de kom sammen igjen på gamle dager. 
Min bestemor, Kristine, har vært bare ti år når Hanna Ulrikke nedkom med Karoline i Gamvik. Det er nok derfor at hun ikke har visst noe om moras bevegelser.

Jeg skal høre mer om det er noen andre i slekta i Gjesvær som vet noe mer om dette.
MVH
Leo

Svar

Gå tilbake til «Gamvik»