Eg prøvar å finne forfedrene hennar. Eg trur ho er dotter av Ane Margrethe Heggelund og Henrik Johannessen Jaklin f ca 1825. Vidare trur eg at han kom til norge frå sverige, øvre Torneå saman med familien som barn. Far hans kan ha vore Johannes Jaklin, som omkom på Lyngsfjorden i 1833. Desse opplysningane har eg funne på nettet når eg har googla navna deira, men eg kan ikkje oppgje noko eksakte kjelder.
I slektspapira til familien står det oppført: Kathrine Magdalene Henriksdatter Jaklind f. 21.11.1848-Karnes i Lyngen, gift 13.03.1874, død 11.03.1941-Hammerfest.
Ho var gift med Johan Edvard Iversen Holand f. 08.08.1845 Vega i Helgeland, død 23.07.1918 Hammerfest