Ragnhild Hansdtr (Bjørnvollen) Sel>Gjessøya>Selvaagen

Moderator: MOD_Nordland

Svar
dn27834
Innlegg: 1658
Registrert: 24. november 2011 kl. 21.45
Sted: ØVRE SURNADAL

Ragnhild Hansdtr (Bjørnvollen) Sel>Gjessøya>Selvaagen

Legg inn av dn27834 » 20. august 2011 kl. 12.15

Eg veit ikkje om dette er rette fora å ta opp slike spørsmål. Det er lagt inn både i Rødøy og Meløy.

Tippoldemor mi vart født i Sel i Gudbrandsdalen 11.12.1828 døpt 27.12.1828 og døydde på Øra, Øysund i Meløy 06.03.1917. Ho og oldefar Amund Amundsen fløtte nordover til barna sine i 1880-åra. Dei budde først hos dottera Anne og svigersonen Zakarias Lindor Olsen på Gjessøya. Da dottera døydde i 1882, og Amund i 1888, (begge gravlagd på Rødøy) fløtte Ragnhild til sønene Knut (1859-1916) og Mathias (1866-1948) Amundsen i Selvaagen, og fløtte derifrå med dei og familiane deira ca.1904 til garden Øysund=Øra i Meløy kommune.

Der levde Ragnhild til 1917, gravlagd på Fore Gamle (gravstad sletta). Eg reknar med at fløttinga frå Gjessøya kom av at svigersonen Zakarias gifte seg opp att 27.09.1889 med Antonie Laurine Edvardsdtr. Larsen, og det derved kom ei ny "mor" i huset til å ta seg av dottera Othelia Johanne og dei nye barna som kom.

Eg var i sommar så heldig at eg fekk reise i fotefara til desse tippoldeforeldra og etterslekta deira der nord. Og kom i kontakt med mange etterkommarar (firmenningar), og har fått bilder av dei fleste i tidlegare slektsledd, men ikkje av Ragnhild d.e. altså tippoldemor mi.

Er det nokon av etterkommarane eller andre som eg ikkje har kome i kontakt med, som kan ha eit bilde av Ragnhild, så ville eg bli så glad. Dei eg møtte på turen og andre eg har hatt kontakt med i ettertid, har spurt sine "gamle", utan å kunne spore opp bilde av Ragnhild.

På førehand takk. *

dn27834
Innlegg: 1658
Registrert: 24. november 2011 kl. 21.45
Sted: ØVRE SURNADAL

Re: Ragnhild Hansdtr (Bjørnvollen) Sel>Gjessøya>Selvaa

Legg inn av dn27834 » 21. juli 2012 kl. 10.03

Sjå svar kome til Meløy om slekta til dei innvandra til Rødøy/Meløy frå Gudbrandsdalen:
https://slektsforum.slektogdata.no/view ... hp?t=99179

Mvh
Wenche

Svar

Gå tilbake til «Rødøy»