Elen Anna Jonsdotter + sønn Johannes f. 1852 *

Moderator: MOD_Nordland

Svar
7870
Innlegg: 121
Registrert: 21 feb 2005 23:26:58
Sted: SANDSTAD

Elen Anna Jonsdotter + sønn Johannes f. 1852 *

Legg inn av 7870 » 20 apr 2020 22:24:02

Johannes Olsen Molde var sjømann, fødd på Inderøya i Trøndelag i 1817, vaks opp i eit solid jektefartmiljø og vart tidlig sjømann, mest i innanriksfart på fartøy langs kysten. Han reiste ofte nordover frå Trøndelag, og vart etter kvart brukt som kjentmann langs kysten mellom Trondheim og Hammerfest. Han segla også sjølv som jekteskipper, slik far hans hadde gjort før han, og som far sin var han kjent som ein kjempe av ein kar, som ikkje gjekk av vegen for eit basketak.

Han hadde fleire barn, både reint "privat" og i eksteskapet sitt. I februar 1851 vart han enkemann, men i april same året segla han nordover til Finnmarka igjen med skipper Johan Paasche på "Petronella" av Inderøya.

Det må ha vore på denne reisa han møtte Elen Anna Jonsdotter frå Alstahaug. Såpass sterkt vart det møtet at Elen Anna vart med Johannes sørover til Trondheim, og hit kom dei i september 1851.

I januar 1852 omkom Johannes Molde på sjøen. Da var Elen Anna langt på veg med barnet deira, og den 10.mai 1852 fødde ho ein gut. Han vart døypt i Bakke kyrkje i Trondheim 23.mai 1852 og fekk namnet Johannes, etter far sin. Og så står det i ministerialboka for Bakke: "Moderen er med Barnet senere reist tilbage til sit Hjem".

Er det nokon som har peiling på Elen Anna og sonen Johannes? Berre eit lite hint hadde vore fint.

20148
Innlegg: 1378
Registrert: 25 mar 2006 18:30:01
Sted: KJERRINGØY

Re: Elen Anna Jonsdotter

Legg inn av 20148 » 20 apr 2020 22:51:40


20148
Innlegg: 1378
Registrert: 25 mar 2006 18:30:01
Sted: KJERRINGØY

Re: Elen Anna Jonsdotter

Legg inn av 20148 » 20 apr 2020 23:07:18


Brukeravatar
15077
Innlegg: 800
Registrert: 14 mar 2005 21:24:44
Sted: TRONDHEIM

Re: Elen Anna Jonsdotter

Legg inn av 15077 » 21 apr 2020 00:05:24

Johannes døde senere samme år:
https://media.digitalarkivet.no/view/2579/214

7870
Innlegg: 121
Registrert: 21 feb 2005 23:26:58
Sted: SANDSTAD

Re: Elen Anna Jonsdotter

Legg inn av 7870 » 21 apr 2020 14:04:49

Takk!
Dette er rette person, stadfesta gjennom at barnet Johannes døde i Gårdsvika 26.september 1852.

7870
Innlegg: 121
Registrert: 21 feb 2005 23:26:58
Sted: SANDSTAD

Re: Elen Anna Jonsdotter

Legg inn av 7870 » 21 apr 2020 14:06:36

Takk!
Dette stadfestar at det er rette person. Dermed fall bitane på plass på grunn av god hjelp.

20148
Innlegg: 1378
Registrert: 25 mar 2006 18:30:01
Sted: KJERRINGØY

Re: Elen Anna Jonsdotter

Legg inn av 20148 » 21 apr 2020 15:27:29

Trolig Elen Ana sin dåp (den siste i 1828) https://media.digitalarkivet.no/view/16576/79

Svar

Gå tilbake til «Alstahaug»