Oppslag i gards- og slektshistoria for Klæbu, garden Brøttem

Moderator: MOD_Sør-Trøndelag

Svar
Knut Sæther
Innlegg: 2978
Registrert: 23. januar 2007 kl. 11.36
Sted: Øksendal

Oppslag i gards- og slektshistoria for Klæbu, garden Brøttem

Legg inn av Knut Sæther » 8. februar 2014 kl. 20.49

I FT 1865 finn vi i Øksendal prestegjeld på Nordmøre ei kårenkje Eli Bersvendsdotter 80 år gammal som det står var fødd i Klæbu:

http://www.digitalarkivet.no/cgi-win/we ... =1094#ovre

I FT 1801 for Klæbu er registrert ei 14 år gammal jente Elen Bergsvendsdotter på garden Brøttem, og denne personen kan vere ein muleg kandidat til denne Eli i 1865:

http://www.digitalarkivet.no/cgi-win/we ... k=549#ovre

Om nokon som har tilgang til gards- og slektshistoria for Klæbu kan tenkje seg å slå opp og sjå kva som eventuelt står om skjebnen til denne Elen, ville eg setje pris på det.

Mvh. Knut

Gunnar Husby Gundersen
Innlegg: 392
Registrert: 29. desember 2004 kl. 21.27
Sted: LODDEFJORD

Re: Oppslag i gards og slekt for Klæbu, garden Brøttem

Legg inn av Gunnar Husby Gundersen » 9. februar 2014 kl. 17.10

Hei

I Klæbuboka (rev. utgave) side 271-272:

Bersvend Ingebrigtsen Brøttem f. 1734, d. 1804, g. m. Kjersti Ellingsdatter Heggdal fra Strinda, f. 1742, d. 1803.

Bersvend og Kjersti hadde i alt 12 barn, 2 døde som spebarn. I Klæbuboka er det bare listet opp 10.

Barn nr 9 (7) Lars f. 1781, bodde på Valset, Nordmøre.

Barn nr 11 (9) Eli, f. 1787

Det kan vel være naturlig at hun i voksen alder flyttet til sin bror Lars på Valset.

Mvh
Gunnar

Knut Sæther
Innlegg: 2978
Registrert: 23. januar 2007 kl. 11.36
Sted: Øksendal

Re: Oppslag i gards og slekt for Klæbu, garden Brøttem

Legg inn av Knut Sæther » 9. februar 2014 kl. 21.53

Takk for hjelpa! Etter det som her kjem fram, er nok sjansen stor for at det var denne Eli som hamna på Nordmøre, ja. Ho var for øvrig gift med ein husmann her (vigselen skjedde i 1818).

Samtidig synest ei anna sak å vere oppklart. I 1817 var det ein Lars Bersvendsson Valset som fekk eit barn i Øksendal, og denne faren har eg ikkje kjent identiteten til. Men alt talar no for at han var bror til Eli.

Mvh. Knut

Gunnar Husby Gundersen
Innlegg: 392
Registrert: 29. desember 2004 kl. 21.27
Sted: LODDEFJORD

Re: Oppslag i gards og slekt for Klæbu, garden Brøttem

Legg inn av Gunnar Husby Gundersen » 9. februar 2014 kl. 22.37

Hei igjen

Det hadde vært fint å få de utfyllende opplysninger som du har vedrørende Eli og Lars.

Mvh
Gunnar

Knut Sæther
Innlegg: 2978
Registrert: 23. januar 2007 kl. 11.36
Sted: Øksendal

Re: Oppslag i gards og slekt for Klæbu, garden Brøttem

Legg inn av Knut Sæther » 10. februar 2014 kl. 11.32

Hei Gunnar – her er litt informasjon.

Eli Bersvendsdotter og mannen hennar Erik Andersson var husmannsfolk på plassen Litlbørset under Børset på Ålvundeidet, og er omtala i bind 5 s. 305 i gards- og slektshistoria for Sunndal (Sunndalsboka). Dei hadde ikkje barn. Paret vart altså gift i 1818, og her er lenkje til vigselen (nr. 4 i høgre spalte på venstre side):

Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Sunndal, Ministerialbok nr. 590A02 (1794-1820), Ekteviede 1818, side 110.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... x_side=-85

Erik Andersson var frå Valset bruk nr. 2 (Sunndalsboka bind 5 s. 282), og han døydde i 1859. Eli levde heilt til 1883. Dødsfallet er her (nr. 20):

Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Øksendal, Ministerialbok nr. 588A02 (1871-1885), Døde og begravede 1883, side 150.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... _side=-117

Så over til Lars Bersvendsson Valset. Barnet han fekk i 1817 heitte Beret, og mora var Maria Larsdotter Graven – sjå dåp nr. 1 på venstre side:

Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Sunndal, Ministerialbok nr. 590A02 (1794-1820), Fødte og døpte 1817, side 58.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... x_side=-42

Mora var dotter til Lars Halvorsson på garden Grova i Jordalsgrenda (Sunndalsboka bind 5 s. 49 – barnet hennar er ikkje nemnt der).

Beret (Berit) vart konfirmert i 1833 med namnet Børset (nr. 9):

Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Sunndal, Ministerialbok nr. 590A04 (1832-1846), Konfirmerte 1834, side 102.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... _side=-108

Beret Larsdotter Børset utdanna seg til jordmor, og i 1842 gifta ho seg med Halvor Hansson, som kom frå garden Åsen i Nesset prestegjeld. Lenkje til vigselen (nr. 1):

Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Sunndal, Ministerialbok nr. 590A04 (1832-1846), Ekteviede 1842, side 178.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... _side=-162

Denne Halvor var i mange år gjestgjevar på Øksendalsøra (Husby bruk nr. 6 – jf. Sunndalsboka bind 4 s. 160). Han og Beret hadde desse barna: Erik f. 1842; Marit f. 1843 – død 1858; Lars f. 1848 – vart husmann utan jord på Naustbøen under Oppdøl (Sunndalsboka bind 5 s. 157); Hans f. 1850 – død 1880, Maria f. 1853 – flytta i 1895 til Tingvoll prestegjeld, der ho vart gift; Henrik f. 1855 – utvandra i 1881 til Amerika.

Lars Bersvendsson Valset kjenner eg foreløpig ikkje skjebnen til.

Elles ser det ut til at det var enda ei frå Brøttem i Klæbu som hamna i Øksendal. På Valset bruk nr. 1 finn vi i åra 1812-1818 gardfolka Jonas Olsson og Randi Bersvendsdotter. Ifølgje bygdeboka var mannen fødd i Klæbu ca. 1780, og om kvinna står det berre at ho var f. ca. 1770. Det kan vere dette paret som blir trulova i Klæbu i 1800 (nr 1):

Kildeinformasjon: Sør-Trøndelag fylke, Klæbu, Ministerialbok nr. 618A03 (1783-1815), Lysninger 1799-1801, side 224.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... _side=-122

Vi ser at kvinna er kalla Brøttem, så da lurte eg på om du kunne gjere meg ei teneste til, nemleg å slå opp i Klæbuboka og sjå om dette kan vere ei søster til Eli og Lars. (Ved dåpen til Beret i 1817 finn vi ei Randi Bersvendsdotter mellom fadrane.) Kanskje du kan finne ut om Jonas Olsson er omtala nokon stad òg. Ved vigselen ser det ut til at han har namnet Giellien. Her er nok dei to i 1801:

http://digitalarkivet.uib.no/cgi-win/we ... k=394#ovre

Jonas Olsson og Randi Bersvendsdotter flytta seinare til Øksendalen der dei overtok Husby bruk nr. 5 (Sunndalsboka bind 4 s. 154-155).

Mvh. Knut

Gunnar Husby Gundersen
Innlegg: 392
Registrert: 29. desember 2004 kl. 21.27
Sted: LODDEFJORD

Re: Oppslag i gards og slekt for Klæbu, garden Brøttem

Legg inn av Gunnar Husby Gundersen » 10. februar 2014 kl. 14.39

Hei igjen

Takk for all informasjon.

Randi Bersvensdtr. Brøttem var født 1774 og gift med Jonas Olsen Gjellien, f. 1775, husmann på Mo-odden.
Barn: 1. Karen, f. 1805; 2. Ole, f. 1807.

Jonas Olsen var født på Gjellien i Klæbu, far Ole Jonsen, f. 1731, d. 1788. Tradisjonen sier at Ole kom fra Sunndalen. Ole ble gift i 1756 med Karen Olsdtr. Løkkaunet, f. 1731, d. 1811.

Mvh
Gunnar

Knut Sæther
Innlegg: 2978
Registrert: 23. januar 2007 kl. 11.36
Sted: Øksendal

Re: Oppslag i gards og slekt for Klæbu, garden Brøttem

Legg inn av Knut Sæther » 10. februar 2014 kl. 17.31

Takk skal du ha, da vart mykje avklart.

Kven denne Ole Jonsson kan vere veit eg ikkje, men ei interessant opplysning var det iallfall.


Mvh. Knut

Svar

Gå tilbake til «Klæbu»