Husmannskona Rogjer Evensdatter på Hammerbekken under Ishoel

Moderator: MOD_Sør-Trøndelag

Svar
19725
Innlegg: 547
Registrert: 25 mar 2009 21:03:36
Sted: ELNESVÅGEN

Husmannskona Rogjer Evensdatter på Hammerbekken under Ishoel

Legg inn av 19725 » 11 jan 2017 18:41:14

https://media.digitalarkivet.no/view/24705/48 Skiftet etter Rogjer (Raagjerd) begynner nedst på sida her.
Arvingane er søstre og halvsøstre og etterkomarane deira. Ei søster Sigrid er død, men har vore gift med sersjant Jens Norset i Sunndalen og hadde tre døtre med henne. I Sunndalen finn ein ikkje noko om Jens Norset, og andre stader står det at døtrene var fødde i Oppdal. Ei anna søster er gift med Peder Jetmundsen i Ångarden i Oppdal. Kvar kom desse tre Evensdøtrene frå? Dei tre har og i eldre halvsøster Gjertrud 80 år. Står det noko i Oppdalsbøkene som kan plassere denne sersjant Jens Norset (Nordset står det og)?
Ei av døtrene til Sigrid, Gjertrud Jensdotter gift med Ingebrigt Halvorson, hadde sjølv ei dotter Sigrid i Sunndalen i 1759. Da dukkar det opp ein fadder Jens Krog. Om det er same Jens'en vitast ikkje, men det treng det jo ikkje vere.

Svar

Gå tilbake til «Oppdal»