Johan Roan, emigrert til Canada

Moderator: MOD_Sør-Trøndelag

Svar
dn27834
Innlegg: 1658
Registrert: 24. november 2011 kl. 21.45
Sted: ØVRE SURNADAL

Johan Roan, emigrert til Canada

Legg inn av dn27834 » 17. september 2011 kl. 11.41

Eg set inn dette både under Roan, der Johan var født og emigrasjon til Canada.

Søster til bessfar min, Thea (Tomasdtr) Ringstad, f 17. jan 1897 på Andersplassen, Nord-Fron i Oppland, vart morlaus i 1899, voks opp med nokre av søstrene sine hos bessmor si,
Berete Bergum, Hovevangen i Sør-Fron, emigrerte 20 nov.1915 til New York, seinare til
Alberta, Canada. Gifte seg med farmaren Georg Gordon, 13. jan. 1889-8. juni 1957. Dei fekk fleire barn.
Etter at tante Thea vart enke levde ho åleine, men så møtte ho norskcanadieren og ungkaren Johan Roan, som også utvandra frå Roan i unge år. Meir veit eg ikkje om han, var vel omlag på alder som Thea. Dei var saman i gamlelandet fleire gonger, besøkte både Gudbrandsdalen og Sør-Trønderlag, og dei endte livet saman i deira nye heimland i 1970-åra ? i ei møteulukke med bil.

Eg har vore i kontakt med barnebarn av Thea, men dei har ikkje nokre fleire opplysningar dei heller.

I håp om hjelp
beste helsing Wenche

dn21993
Innlegg: 1933
Registrert: 17. november 2007 kl. 12.17
Sted: TOLVSRØD

Re: Johan Roan, emigrert til Canada

Legg inn av dn21993 » 17. september 2011 kl. 12.58

Hei

Kan dette være din Johan ?


--------------------------------------------------------------------------------


Johan Andersen Roan Pedigree
Male


--------------------------------------------------------------------------------
Event(s):
Birth: 03 NOV 1894 Roan, Sor Trondelag, Norway

Christening:
Death:
Burial:


--------------------------------------------------------------------------------
Parents:
Father: Anders Olsen Roan Family
Mother: Beret Gulliksdtr Hofstad



Hilsen
Grethe Aud

dn27834
Innlegg: 1658
Registrert: 24. november 2011 kl. 21.45
Sted: ØVRE SURNADAL

Re: Johan Roan, emigrert til Canada

Legg inn av dn27834 » 17. september 2011 kl. 13.51

Grete Aud

Det trur eg gjerne at det er, men kor finn ein kyrkjebøkene for Roan i 1894? Prøvde meg på Ørlandet, men fann ingen Johan der som passa til opplysningane dine.
Er det nokon som kan hjelpe meg vidare med eit prestegjeld som omfattar Roan i 1894?

På førehand takk
Mvh
Wenche

Knut Ragnar Ansnes
Innlegg: 2192
Registrert: 8. november 2013 kl. 20.26
Sted: Hitra

Re: Johan Roan, emigrert til Canada

Legg inn av Knut Ragnar Ansnes » 17. september 2011 kl. 14.55

Prøv Roan kommune. Den eksisterer fortsatt. I tidligere tider var Roan og Osen en del av Bjørnør, sammen med Stokksund, ( som ikke lenger er en egen kommune men inngår i Åfjord. )

Knut

dn27834
Innlegg: 1658
Registrert: 24. november 2011 kl. 21.45
Sted: ØVRE SURNADAL

Re: Johan Roan, emigrert til Canada

Legg inn av dn27834 » 17. september 2011 kl. 17.46

Knut Ragnar

Takk for tipset med Roan kommune. Men det er nå slik da at du finn ikkje Roan på dei skanna kyrkjebøkene, men Bjørnør/Roan har skanna kyrkjebøker, den siste 1905-1919.
Ingen passeleg Johan var døpt 1894/1895. Så ville eg prøve konfirmasjon, las gjennom
(1894+ 15-16år) frå 1908 til 1919, ingen Johan passa.
Han må ha hatt eit anna namn her i Norge, som var vanskeleg å bruke i Canada, og teke kommunenamnet sitt frå Noreg borti der, eller kva ???

Mvh
Wenche

dn27834
Innlegg: 1658
Registrert: 24. november 2011 kl. 21.45
Sted: ØVRE SURNADAL

Re: Johan Roan, emigrert til Canada LØYST FOR LIVET I NOREG

Legg inn av dn27834 » 17. september 2011 kl. 18.54

Hei alle gode hjelparar

Det var riktig person Aud Grethe fann fram til, ja, riktige foreldre også, men kommunen var feil Eg hadde trudd han kom frå Roan kommune, men han kom frå Stjørdal frå garden
RØEN, eg har ikkje tenkt over at han kunne heite noko her i Noreg som ikkje var skrivbart på amerikansk, og at han difor bytte ut Ø'n med ein O.

http://www.digitalarkivet.no/cgi-win/we ... =5511#ovre

Som eg skreiv innledningsvis så la eg dette ut på Emigrasjon Canada også, og det er dei dyktige mennene der som har kome fram mykje til av dette. Da reknar eg med at biten av livet til Johan er løyst her i Noreg, og at evt. tillegg av kva han gjorde i Canada, blir lagt inn på Emigrasjon USA Canada. det er så tullete med innlegg om same person to stader, men i utgangspunktet fann eg inga anna løysing, med så llite som eg hadde av opplysningar på han.

TUSEN TAKK TIL ALLE DE SOM HAR HJELPT TIL MED LØYSING AV LIVET HANS I NOREG
BÅDE PÅ DENNE KOMMUNESTADEN OG PÅ EMIGRASJON; MEN VELKOMEN MED TILLEGG HVIS DE HAR NOKO TILLEGG FRÅ CANADA, PÅ STADEN EMIGRASJON USA/CANADA

Mvh
Wenche

Svar

Gå tilbake til «Roan»