"Monsr. Parelii"

Moderator: MOD_Sør-Trøndelag

Svar
gj20316
Innlegg: 5
Registrert: 5. oktober 2013 kl. 18.10
Sted: Ulset

"Monsr. Parelii"

Legg inn av gj20316 » 1. november 2013 kl. 13.21

Eg lurar på om nokon kan hjelpa meg med ein person ved namn Fredrik Parelius (ca. 1735-1820) og kona hans Olava (ca 1732-1812). Eg fekk god hjelp då eg ettersøkte han her på slektsforumet under Haram i Møre og Romsdal, og spora eg fekk der, førte til Bjugn. Døtrene hans, Else Henrica (1768) og Inger Helene (1770) vart nemleg døypte i Bjugn.

Det eg veit om Fredrik, kjem frå ei liste over tollbetjentar: "Forpaktnings-sosietetsbetjent i Magerøen og Kristiansund. Tollbetjent i Molde (stasjonert Nogvafjorden-Rogne) 25. mai 1770, overtollbetjent sammesteds 1816. Avskjed 27. desember 1819." Han budde altså store delar av livet på Rogne i Haram, men han døydde i Molde og vart gravlagd der 22. juni 1820. Eg har ikkje klart å finna ut kor han kom frå, og eg har heller ikkje noko farsnamn på han. Om kona veit eg endå mindre, berre namnet Olava og at ho vart gravlagd i Haram i november 1812, ca 80 år gammal. Eg har ikkje funne giftarmålet deira.

Då eg etterlyste han på slektsforumet under Haram vart eg tipsa om to treff i kyrkjeboka frå Bjugn: Døtrene hans, Else Henrica (1768) og Inger Helene (1770) vart døypte i Bjugn. Foreldra er då berre oppført som "Monsr. Parelii og qv." Dette må vera "min" Parelius.

Eg har sett i ei slektsbok for Parelius-slekta, men har ikkje funna noko spor etter denne Fredrik Parelius der. Er det nokon som veit noko om desse folka, eller har tips til kor eg kan leita?

Eventuelt meir generelt: Har nokon ei formeining om kva det tyder når han blir kalla "Monsr" [altså Monsignor, går eg ut frå] ? Var Parelius-slekta ei slags øvrigheit i Bjugn på denne tida?

dn14369
Innlegg: 369
Registrert: 6. februar 2005 kl. 20.46
Sted: TRONDHEIM
Kontakt:

Re: "Monsr. Parelii"

Legg inn av dn14369 » 26. november 2013 kl. 21.35

Hei Øystein,

Du nemner Magerøya i Hemne, ikkje langt frå Bjugn. På Hemneslekt http://www.hemneslekt.net/search.php?my ... mybool=AND er det flust med Parelius, men ingen Fredrik, såvidt eg kan sjå.

gj20415
Innlegg: 56
Registrert: 24. oktober 2013 kl. 19.04
Sted: Meisingset

Re: "Monsr. Parelii"

Legg inn av gj20415 » 27. november 2013 kl. 21.58

mulig jeg er på en bi side av denne, så du kan jo prøve deg på hemne, ( Hevne før) eller Fyn. Navnet Johan Fredrik går igjen hos meg.

Brukeravatar
Gry Onarheim Dahlmo
Innlegg: 4605
Registrert: 18. november 2004 kl. 16.52

Re: "Monsr. Parelii"

Legg inn av Gry Onarheim Dahlmo » 28. november 2013 kl. 15.38

Vennlig hilsen Gry

Svar

Gå tilbake til «Bjugn»