Henrik Olsen Hovset f ca 1756

Moderator: MOD_Sør-Trøndelag

Svar
dn14369
Innlegg: 369
Registrert: 6. februar 2005 kl. 20.46
Sted: TRONDHEIM
Kontakt:

Henrik Olsen Hovset f ca 1756

Legg inn av dn14369 » 4. mai 2008 kl. 22.36

I 1801-teljinga er han i sitt 2. ekteskap gift med Marit Larsd (36), i hennar 1. ekteskap, med 'Deres barn' Giertrue (12) og Ildrie (8). (For dei uinnvidde: dette er eit åttetal som har slukt ein høgreparentes)

I Hemne kyrkjebok 1788, blir ungkarl Hendrich Olsen Hovsæt gift med pigen Marit Andersd. Høgvig.

Ved søk i Leif Kvernhusviks database ove døypte i Hemne fann eg Marit døypt 1758, med foreldre Anders og Ildri. Det er vel nærliggande å tru at ho er mor til Giertru og Ildrie, på 'Haucvigen'

Om Henrik var oppattgift med ei anna Marit i 1801 skulle det vel ha stått 'Hans barn'? Dessuten finn eg inga Marit Larsd. i passe alder døypt i Hemne. Er det nokon som kan greie opp i dette?

dn14369
Innlegg: 369
Registrert: 6. februar 2005 kl. 20.46
Sted: TRONDHEIM
Kontakt:

Re: Henrik Olsen Hovset f ca 1756

Legg inn av dn14369 » 4. mai 2008 kl. 22.45

Presisering: Det var foreldra til Marit, Anders og Ildri, som var på Haucvigen! Giertru og Ildrie var sjølsagt på Hovset. Eg vart så fascinert av 8-talet at eg oversåg denne feilen!

Svar

Gå tilbake til «Hemne»