Anders Todal skriv i Gardtales i Aure, band 2 s.576
For vel så to hundre år sidan kom det folk frå Rognskog til Vinsternes, og det gjekk således til: Ei dotter av lensmann Hans Hallvardson Todal vart gift med Ivar Rognskog. Ho heitte Gjertrud, og fekk både jordegods og anna verdsage med seg til Rognskog. Mellom det jordegods Gjertrud fekk, var også ein part av Vinsternes.
Videre
Det ser ut til at ein Daniel, son til Gjertrud og Ivar Rognskog, hadde tenkt å ta over Vinsternes-parten, og kanskje busette seg der.*) Men Daniel døydde i ung alder, og i 1754 skøyta brørne Augustinus Rognskog og Ola Ivarson Øydegård til ein tredje bror som hette Nils, det dei åtte av Vinsternes
*) Det finns et skøyte, datera Rognskog 3.mai 1751, frå brødrene til Daniel.
Nils Ivarson kjøpte eit halvt marklag av Øystein Jonson Henna OG i 1773 fekk han hos Lars Larson Henna skøte på 11 1/2 marklag av Vinsternes.
Eg er usikker på kven av Lars Larson Henna`ene dette er, - det var vel tre i rekkja så vidt eg hugsar.
I Gardtales i Valsøyfjords.84 står det at lensmann Lars Larson Henna
, og at bror hennar Hallvard Hanson Todal som busette seg på Vinsternes, gifta seg med Dordi Larsdtr Henna."førstpå i 1720-åra gifta seg med Gjertrud Hansdtr Todal"
Far hennar, Hans Hallvardson, var lensmann i Vik tinglag.""Så Lars Larsson og Hallvard Vinsternes gjorde "søsterbyte" dei kalla."
Det står og at ho døydde i 1734.
"Ho let etter seg sonen Lars, døtterne Marit, Guri, Doret (Dordi) og Gjertrud. Fødsla av den siste kosta mora livet. Skifte etter Gjertrud Hansdtr viste velstand i lensmannsheimen på Henna. Avlidne hadde ført inn i buet bra med lausøre, mellom anna ikkje lite sølv, og dertil landskyldpartar av gardane Vinsteres, Eines, Engdal, Gåsvik, og Indre Torset."
Eg meiner å ha lest i eit skrift av Anders Todal at kor Gjertrud egentlig heldt til truleg vert ei uløyst gåte, - eg tolka han slik. Men mykje kan ha skjedd sidan A. Todal skreiv Gardtales.
Er det mogleg at nye opplysningar er komne fram
Todalskarrain fra 1600-talet "sett fortsatt" på Vinsternes, Lensmann Hans Hallvardson gjennom oppkjøp av gardpartar og broren Hovlik gjennom etterkommar som gifta seg med jordtausa i Mettigarden.
Det "store spørsmålet" er om eg ikkje kan legge til et fruentimmer Todal også
mvh
Aase Todal
Mettigarden på Vinsternes