Oppslag i "Gardtales i Aure"

Moderator: MOD_Møre_og_Romsdal

Svar
gj04325
Innlegg: 2565
Registrert: 23 jan 2007 11:36:49
Sted: FØRDE

Oppslag i "Gardtales i Aure"

Legg inn av gj04325 » 19 jan 2008 13:20:10

Ei som heitte Sara Margrethe Matthisen fekk ein uektefødd son Jacob i Øksendalen i 1787 (nr. 10 s. 55): lenke. I FT 1801 ser eg at lensmannen Peder Ween i Aure var gift med ei med dette namnet. Kan nokon som har tilgang til verket "Gardtales i Aure" slå opp og sjå om det finst informasjon om denne lensmannskona der? Det kan vere same kvinna som var fødd i Melhus i 1755: lenke.

Eg seier på førehand takk.

Helsing Knut Sæther

Brukeravatar
5627
Innlegg: 12
Registrert: 02 des 2004 21:32:08
Sted: HASLUM
Kontakt:

Re: Oppslag i "Gardtales i Aure"

Legg inn av 5627 » 19 jan 2008 18:48:23

I Gardtales i Aure, band I side 307-308 står det om lensmannen Peder Vean som

"styrde både bygd og grend nærast eineveldig i mesta 55 år. Han blei enkjemann i 1798 og gifta seg oppatt året etter med Sara Margrethe Matheson, dotter til oberstløytnant Statius Fredrik Jakob Matheson og kona Anne Fredrikke, fødd Klingenberg. Sara tok med seg ein "ekstra son", Nils Nilsson (Arentz), inn i ekteskapet med "Sr. Peder Wean", som lensmannen nå blei heitande. Det kan godt vera at "madame Sara" hadde eit barn til før ho kom i ekteskap. Det har mindre å segja, og ein nemner det som forklåring på det fenomenet at ein bondelensmann kunne verta så overhendig fint gift som herr Vean bli i 1799."

Vidare står det at Sara Vean døydde i 1841. Det står og litt om sonen Nils som skifteretten rekna for å vera "til en viss grad tosset eller fjantet", så han trong verje. Peder Vean døydde i 1815 står det i bygdeboka.

Eg vonar dette kan vera til litt hjelp.

Med venleg helsing

John Sundsby

gj04325
Innlegg: 2565
Registrert: 23 jan 2007 11:36:49
Sted: FØRDE

Re: Oppslag i "Gardtales i Aure"

Legg inn av gj04325 » 20 jan 2008 12:44:14

Takk til deg for desse opplysningane! Eg merkar meg antydninga i boka om at Sara Margrethe kunne ha hatt eit barn til før ho vart gift.

Helsing Knut.

Svar

Gå tilbake til «Aure»