Oppslag i "Gardtales i Aure"

Moderator: MOD_Møre_og_Romsdal

Svar
gj04325
Innlegg: 2565
Registrert: 23 jan 2007 11:36:49
Sted: FØRDE

Oppslag i "Gardtales i Aure"

Legg inn av gj04325 » 16 jan 2012 17:33:37

I juni 1841 vart ei Christiane Torp konfirmert i Øksendal sokn i Sunndal (nr. 20):

Møre og Romsdal fylke, Sunndal, Ministerialbok nr. 590A04 (1832-1846), Konfirmerte 1841, side 122.
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... _side=-129

Som foreldre er oppført Andreas Torp og Ane Cathrine Torp. Det ser ut til at Christane og mor hennar budde i Aure i 1865. Christiane var da gift med ein husmann Johannes Larsson på Stranden:

http://www.digitalarkivet.no/cgi-win/we ... =1777#ovre

Eg skulle gjerne ha visst kva som eventuelt står skrive om desse personane i "Gardtales i Aure." Kan nokon som har tilgang til dette bygdebokverket tenkje seg å slå opp og sjå?

Helsing Knut

Brukeravatar
Aud Mari Kalland Sterten
Innlegg: 1250
Registrert: 31 mai 2006 13:40:18
Sted: TRONDHEIM

Re: Oppslag i "Gardtales i Aure"

Legg inn av Aud Mari Kalland Sterten » 17 jan 2012 00:47:41

Stranden er omtalt under Lurvik i bind I av "Gardtales i Aure".

Mvh Aud
Du har ikke de nødvendige tillatelsene for å vise filene som er tilknyttet dette innlegget.

gj04325
Innlegg: 2565
Registrert: 23 jan 2007 11:36:49
Sted: FØRDE

Re: Oppslag i "Gardtales i Aure"

Legg inn av gj04325 » 17 jan 2012 08:58:41

Mange takk til deg, Aud!

Knut.

dn21758
Innlegg: 694
Registrert: 10 jun 2008 08:28:00
Sted: SMØLA

Re: Oppslag i "Gardtales i Aure"

Legg inn av dn21758 » 18 jan 2012 15:18:52

Hei!

På side 71 i bind 1 av "Gardtales" står det slik: "Same året (1852) fekk Johannes Larsson feste på eit plassrom i Lurvikutmarka. Det fekk namnet Stranden. Festaren var barnefødd i Halsa (Hitra?). Kona hans heitte Kristianna Torp og var frå Lom. Hos dei budde i 1865 pensjonera jordmor Ane Katrine Torp, fødd i Fron og 65 år i 1865. Ho var vermor til husbonden. Desse folka budde på plassen også i 1875. Romet vart då kalla Langstrand. Folketeljingslista for 1900 nemner det derimot for Strand. Både Johannes og Kristianna var då borte. Men dottera til den sistnemnde, Kristianna Fredriksdotter, var gift med Peder Strand, og dei hadde romet og 6 born heime hos seg. Kristianna Torp levde ennå. "

Dette er det som står ang. denne familien under Strand, Lurvik.

Mvh. Kjell

gj04325
Innlegg: 2565
Registrert: 23 jan 2007 11:36:49
Sted: FØRDE

Re: Oppslag i "Gardtales i Aure"

Legg inn av gj04325 » 18 jan 2012 20:36:42

Hei Kjell - takk til deg òg.

Knut.

Svar

Gå tilbake til «Aure»