Mali Olsdotter Seter på Nedre Seter i Surnadal

Moderator: MOD_Møre_og_Romsdal

Svar
Magnar Husby
Innlegg: 556
Registrert: 25. mars 2009 kl. 21.03
Sted: ELNESVÅGEN

Mali Olsdotter Seter på Nedre Seter i Surnadal

Legg inn av Magnar Husby » 12. april 2015 kl. 16.11

Magne Holten skriv i "Amerikafeber" side 400: "Guri Nilsdtr. Sæterøy, f. 19. Mar 1857. Dtr. til Nils Toreson Sæterøy og Mali Olsdtr. Sæterøy. Utv. 1881. Gift med Anders Jonasson Grønn. Sjå Sagbakken, Nordvik. Brit Nilsdtr. Sæterøy, f. 9. juni 1861. Utv. ?. Dtr. til Nils Toreson Sæterøy/Polden og Guri Toresdtr. Moen, Mo-Furuhaugen. Gift med Petter Jonasson Grønn. Sjå Sagbakken, Nordvik." (Eg trur dei er nemnt hos Hyldbakk og, men han har fått feil årstal på dei).

I folketeljinga 1865 er Guri oppført som dotter til Nils og Guri. Men i dåpenen hennar i 1857 og konfirmasjonen står det at mora heitte Mali Olsdotter Sæter. I dåpenen hennar er Ole Andersson Sæter (Sæterøya, Nedre Sæter) første fadder. Men det er ikkje ført opp noko dotter Mali blant ungane hans hos Hyldbakk, Heimar i Surnadal bind 2 side 127 (og eg har ikkje funne nokon Mali Olsdotter Sæter blant konfirmantane). Kven var så denne mora Mali Olsdotter Sæter? Ei tenestejente? Ei dotter som eg ikkje har klart å finne? Eller er det oppført feil mor?

Er det nokon som har kjennskap til dette?

Svar

Gå tilbake til «Surnadal»