Anders Olson 2 på Furu. Kven var andre kona hans?
Moderator: MOD_Møre_og_Romsdal
-
- Innlegg: 562
- Registrert: 25. mars 2009 kl. 21.03
- Sted: ELNESVÅGEN
Anders Olson 2 på Furu. Kven var andre kona hans?
I Sunndalsboka bind 3 side 135 står det om brukaren Anders Olsen II at han "antagelig" giftet seg igjen omkring 1744 og hadde sonen Ole fødd ca 1745 med henne. (Ole vart seinare brukar på garden og har etterslekt). Men kva heitte mora? Eg tenkte ekstraskatten 1762 kunne gje svaret. Der er både Ole og foreldra nemnt, men om foreldra står det berre "Inderst Anders Olsen og kone". Altså var eg like langt. Men kanskje andre har vore borti materiell som viser kven ho var? (Etter namninga på Ole sine barn å døme heitte ho kanskje Magnhild.)
-
- Innlegg: 4188
- Registrert: 18. november 2004 kl. 9.47
- Sted: KRISTIANSUND N
Re: Anders Olson 2 på Furu. Kven var andre kona hans?
Hun står bare som hustruen i ekstraskattemanntallet fra 1764 også.
Tore
Tore
-
- Innlegg: 562
- Registrert: 25. mars 2009 kl. 21.03
- Sted: ELNESVÅGEN
Re: Anders Olson 2 på Furu. Kven var andre kona hans?
Ja, og dette at ho er omtala berre som kona er vel grunnen til at bygdebokforfattaren ikkje har fått namnet på plass. Takk for arbeidet med skatten 1764!
-
- Innlegg: 2984
- Registrert: 23. januar 2007 kl. 11.36
- Sted: Øksendal
Re: Anders Olson 2 på Furu. Kven var andre kona hans?
Anders Olsson sin son Ole var gift med Brit Jonsdotter, og med henne hadde han barna Magnhild f. 1769 og Ole f. 1771. Ole Andersson døydde i 1771. Det var skifte etter han same året, og så sant eg les rett, er det kona til Anders Olsson som er nemnt med namn der. Sjå venstre spalte på venstre side.
Permanent sidelenke: http://arkivverket.no/URN:sk_read/24648/707/
Det er enkja etter Ole Andersson som får utlagt «udi St.boet efter den afdødes Moder Randi Lars Datter Furue anamer hun af de tilgode havende 4 Rd den halve Sum» ...
I den høgre spalta på same sida er òg Randi Larsdotter nemnt i samband med det sonen til Ole Andersson får utlagt. Eg synest det står Formoderen framfor namnet hennar, men er litt i tvil. Trudde ikkje det omgrepet vart brukt så langt tilbake i tid ...
Randi Larsdotter var altså død på dette tidspunktet. Kanskje er ho den Randi Furu som vart gravlagt den 5. mai 1771, 70 år gammal (nr. 5):
Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Sunndal, Ministerialbok nr. 590A01 (1752-1793), Døde og begravede 1770-1777, side 133.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... _side=-103
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1 ... 630035.jpg
Mvh. Knut.
Permanent sidelenke: http://arkivverket.no/URN:sk_read/24648/707/
Det er enkja etter Ole Andersson som får utlagt «udi St.boet efter den afdødes Moder Randi Lars Datter Furue anamer hun af de tilgode havende 4 Rd den halve Sum» ...
I den høgre spalta på same sida er òg Randi Larsdotter nemnt i samband med det sonen til Ole Andersson får utlagt. Eg synest det står Formoderen framfor namnet hennar, men er litt i tvil. Trudde ikkje det omgrepet vart brukt så langt tilbake i tid ...
Randi Larsdotter var altså død på dette tidspunktet. Kanskje er ho den Randi Furu som vart gravlagt den 5. mai 1771, 70 år gammal (nr. 5):
Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Sunndal, Ministerialbok nr. 590A01 (1752-1793), Døde og begravede 1770-1777, side 133.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... _side=-103
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1 ... 630035.jpg
Mvh. Knut.
-
- Innlegg: 562
- Registrert: 25. mars 2009 kl. 21.03
- Sted: ELNESVÅGEN
Re: Anders Olson 2 på Furu. Kven var andre kona hans?
Takkar for dette utmerka arbeidet! Det tek oss iallfall eit steg vidare!
-
- Innlegg: 2984
- Registrert: 23. januar 2007 kl. 11.36
- Sted: Øksendal
Re: Anders Olson 2 på Furu. Kven var andre kona hans?
Kven var så denne Randi Larsdotter?
Svaret synest å kome fram i eit skifte etter innersten Jakob Larsson Flatvad 12. juni 1778 - sjå venstre side (folio 260b):
Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Nordmøre sorenskriveri, Skifteprotokoll 3A 17 , 1776-1781, oppb: Statsarkivet i Trondheim.
Merknader: Nytt register.
Permanent sidelenke: http://arkivverket.no/URN:sk_read/24650/278/
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1 ... 700278.jpg
Skiftet viser at denne Jakob hadde ei søster Randi, og om henne står det mellom anna dette:
Søsteren Randie Larsdatter Furrue, ligeledes døed og efterladt sig 2 Børn som ere 1 Søn og 1 Datter: A Sønnen Ole Andersen Furrue døed, men efterladt sig 2 Børn 1 Søn og en Datter: a Sønnen Ole Olsen gl 6 aar med forhen beskikket Formynder Anders Andersen Giellen, fraværende, b Datteren Magnild Olsdatter gammel 10 aar, med Formynder Peder Johnsen Hoven fraværende.
Opplysningane her skulle i grove trekk stemme med det vi frå før veit om den familien du presenterer i det første innlegget. Du får sjå nærare på dette, Magnar.
Jakob Flatvad var tidlegare brukar på Utigard Flatvad (Sunndalsboka bind 2 s. 252). Han var son til Lars Estensson Jenstad – jf. Sunndalsboka bind 1 s. 212 (søstera Randi er ikkje nemnt der).

Dette var storveges! Takk!
-
- Innlegg: 562
- Registrert: 25. mars 2009 kl. 21.03
- Sted: ELNESVÅGEN
Re: Anders Olson 2 på Furu. Kven var andre kona hans?
Dette var litt av eit skifte! Det avslørte at Randi Larsdotter og var mor til mi 5xtippoldemor, Marit Davidsotter, og at faren David vart 6xtippoldefar tilliks med broren Ottar som var min 6xtippoldefar frå før. Far til Marit var David Semmingson Viken frå Oppdal, som etter kvart slo seg til på Neråsen under Hafsås. Og han hadde broren Ottar Semmingson Viken som slo seg ned på Grensen. Dessverre er det smått me bevisa mine akkurat no. I Suunndalsboka bind 1 under Neråsen Hafsås, er han kalla berre David og med Andersen som patronym med spørjeteikn. Men det var nok heller faren til kona som heitte Anders?
-
- Innlegg: 2984
- Registrert: 23. januar 2007 kl. 11.36
- Sted: Øksendal
Re: Anders Olson 2 på Furu. Kven var andre kona hans?
Magnar skrev:Far til Marit var David Semmingson Viken frå Oppdal, som etter kvart slo seg til på Neråsen under Hafsås. Og han hadde broren Ottar Semmingson Viken som slo seg ned på Grensen. Dessverre er det smått me bevisa mine akkurat no. I Suunndalsboka bind 1 under Neråsen Hafsås, er han kalla berre David og med Andersen som patronym med spørjeteikn. Men det var nok heller faren til kona som heitte Anders?
Når det gjeld husmannen David på Neråsen, er han ført opp som ein Hansson i ekstraskattmanntalet frå 1762:
Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Nordmøre fogderi, Ekstraskatt 3841 (RA/EA-4092/R56/L3841), 1762-1763, oppb: Riksarkivet.
Merknader: Ekstraskatt 1762-1772, se også kat. nr. 1145/51.
Permanent sidelenke: http://arkivverket.no/URN:db_read/db/47939/17/
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1 ... 250022.jpg
Og kona hans heitte Lusi. Men farsnamnet hennar kjem ikkje fram i denne kjelda.
Mvh. Knut.
-
- Innlegg: 562
- Registrert: 25. mars 2009 kl. 21.03
- Sted: ELNESVÅGEN
Re: Anders Olson 2 på Furu. Kven var andre kona hans?
Da har eg nok ein bevisbyrde liggjande her! Eg hadde David Semmingson Viken som far til Marit Davidsdotter frå før, men ikkje at han var identisk med far til Anders Davidson på Neråsen. Men Sigmund Rise frå Oppdal har denne identifikasjonen. Han operer med at David var f 1696 og døydde i Sunndal 1794.Ein David vert gravlagd 12. januar 1794, men noko patronym står det ikkje. Det står at han var 96 år
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... x_side=-88
Eg sjekka alle barnedåpane til Anders Davidson sine barn, men faren var ikkje fadder ein einaste gong (og patronym var lite bruka på den tida). Den einaste fadderen som tyder på slektskap til Ottar Semmingson på Grensen, var at Semund Grends. var fadder til David i 1768, men dei andre fadrane har eg ikkje sjekka.