Garder i Sunndal ,Øksendal og Ålvundeid

Moderator: MOD_Møre_og_Romsdal

Svar
Erik Hov
Innlegg: 1115
Registrert: 19. desember 2005 kl. 13.02
Sted: GJØVIK

Garder i Sunndal ,Øksendal og Ålvundeid

Legg inn av Erik Hov » 7. juni 2012 kl. 12.24

Driver å registrerer litt slektninger i Sunndalsområdet.
Jeg lurer i den forbindelse på hvilke garder som ligger i Sunndal ,Ålvundeid og Øksendal??
eller......hvilke av de 5 Sunndalsbøkene (Ivar Seljedal) omhandler disse forskjellige 3??

mvh Erik

Knut Sæther
Innlegg: 2820
Registrert: 23. januar 2007 kl. 11.36
Sted: Øksendal

Re: Garder i Sunndal ,Øksendal og Ålvundeid

Legg inn av Knut Sæther » 7. juni 2012 kl. 13.21

Denne oversikta skulle vere til hjelp:

http://www.disnorge.no/genress/index.ph ... kid=104201

Innhaldet i grove trekk: Dei tre første binda omhandlar gardane og plassane i sjølve Sunndalen. Bind 4 tek for seg Litldalen og Øksendalen. Bind 5 omfattar Jordalsgrenda, Ålvundeidet og Viromdalen.

Helsing Knut.

Erik Hov
Innlegg: 1115
Registrert: 19. desember 2005 kl. 13.02
Sted: GJØVIK

Re: Garder i Sunndal ,Øksendal og Ålvundeid

Legg inn av Erik Hov » 10. juni 2012 kl. 23.05

Takk for oversikten.
Ser greit i forhold til de 3 første bindene nå ,de blir Sunndal.
Det står jo ikke hvilke garder som er i Lilledalen/Øksendal og hvilke som er i Jordalsgrenda ,Ålvundeid og Virumdalen. Noen lokalkjente som vet det?

Har vel rotet litt med plaseringen av gardene da jeg nogenlunde har fulgt det som står i bygdeboka mht om gardene er i Sunndal eller Øksendal tinglag ,men jeg får det vel neppe helt riktig om jeg slavisk følger det heller?.

mvh Erik

Knut Sæther
Innlegg: 2820
Registrert: 23. januar 2007 kl. 11.36
Sted: Øksendal

Re: Garder i Sunndal ,Øksendal og Ålvundeid

Legg inn av Knut Sæther » 11. juni 2012 kl. 1.10

Dei gardane som ligg i Litldalen er Hårstad, Linset og Dalen (Litldalen).

Gardane Mannvika, Ura, Børstølen, Innvikan og Storvikan ligg på Viklandet på vestsida av Sunndalsfjorden eit stykke utanfor (nord for) Sunndalsøra.

Så gjer eg merksam på at Grytneset, som er omtala i bind 5, tilhøyrer Øksendalen.

Gardane på Mjølkill og i Jordalsgrenda er Litlmjølkill, Stormjølkill, Grova (Graven), Åfaret, Lia, Øvre Jordal og Nedre Jordal.

Garden Flå ligg for seg sjølv på nordsida av Sunndalsfjorden omtrent rett overfor Øksendalen.

Gardane i Viromdalen er Virom, Holtan, Dalsbøen og Dalen (også kalla Nerdalen). Innerdalen ligg i eit dalføre med same namn lenger søraust. Dei øvrige gardane i bind 5 ligg på Ålvundeidet.

Elles kan vel soknehistorikken for Sunndal og Øksendal vere nyttig å ha kjennskap til. Den finst på denne nettsida:

http://www.arkivverket.no/arkivverket/T ... og-Romsdal

Helsing Knut.

Erik Hov
Innlegg: 1115
Registrert: 19. desember 2005 kl. 13.02
Sted: GJØVIK

Re: Garder i Sunndal ,Øksendal og Ålvundeid

Legg inn av Erik Hov » 15. juni 2012 kl. 11.40

Hei Knut.

Takk så mye for informasjon om hvor gardene i Sunndal etc er!!. Veldig informativ oversikt!.

Dersom jeg har dette rett nå skulle vel det følgende være ganske riktig. ....o bare rett på meg om noe av dette er feil!!:
Bind 1-3 Sunndal
Bind 4: Garder i Litldalen: Hårstad ,Linset og Lilledalen (Gnr 55-57)
Garder i Viklandet: Mannviken ,Ora ,Børstølen ,Innviken og Storviken. (Gnr 58-62)
Garder i Øksendal: Grytnes og Flå i bind 5 og Tredal ,Sjølseng ,Husby ,Smistad
Seter ,Øyen ,Hjellen ,Hjellbøen ,Mosbøen ,Skrondal ,Brandstad ,
Jønstad ,Engan,Furset ,Rydningen ,Simonhjell ,Børset ,Sjølset ,
Sandbrekken og Erstad i bind 4. (Gnr 20 ,28 ,53,54 ,2-19)
Bind 5: Garder i Jordalsgrenda: Litlmjølkill ,Stormjølkill ,Graven ,Åfar ,Lien ,Øvre Jordal og
Nedre Jordal (Gnr 21-27)
Garder i Virumdalen: Virum ,Holten ,Dalsbø ,Dalen og Innerdalen (Gnr 39-43)
Garder i Ålvundeid: Opdøl ,Gjersvold ,Mo ,Storbråten ,Lillebråten ,Røset ,Åram
Viset ,Valset og Børset (Gnr 29-38)


Skulle vel være riktig det meste av dette vel?
mvh Erik

Knut Sæther
Innlegg: 2820
Registrert: 23. januar 2007 kl. 11.36
Sted: Øksendal

Re: Garder i Sunndal ,Øksendal og Ålvundeid

Legg inn av Knut Sæther » 15. juni 2012 kl. 16.04

Ja, stort sett er dette rett, bortsett frå at gardane Tredalen og Sjølsenga (omtala i bind 4) ikkje ligg i Øksendalen, men like vest for Sunndalsøra sentrum ved munningen av Litldalen. (Dette vart ikkje presisert i det forrige innlegget mitt.)

Garden Flå ligg heller ikkje i Øksendalen, men tilhøyrde i si tid Øksendal sokn. Iallfall før ålvundeidingane fekk si eiga kyrkje midt på 1800-talet måtte folket på Flå ro eller segle over fjorden til Øksendalen for å delta i gudstenester og for å få utført kyrkjelege handlingar. I dag er det vel rettast (ikkje minst kommunikasjonsmessig) å knyte garden til Ålvundeidet. Derfor er da også Flå omtala i den nye bygdeboka for Ålvundeidet (og Viromdalen) som har kome ut.

Har du behov for meir detaljert informasjon om den geografiske plasseringa av gardar i Sunndal, kan du jo nytte deg av nettsidene til for eksempel Statens kartverk:

http://www.norgeskart.no/adaptive2/defa ... i=1&lang=2

Helsing Knut

Erik Hov
Innlegg: 1115
Registrert: 19. desember 2005 kl. 13.02
Sted: GJØVIK

Re: Garder i Sunndal ,Øksendal og Ålvundeid

Legg inn av Erik Hov » 15. juni 2012 kl. 20.20

OK!. Da er Flå i Ålvundeid og det er kanskje bedre å knytte Tredal og Sjølseng til gardene i Litldalen??
Takk for all hjelp!!!.
mvh Erik

Magnar Husby
Innlegg: 558
Registrert: 25. mars 2009 kl. 21.03
Sted: ELNESVÅGEN

Re: Garder i Sunndal ,Øksendal og Ålvundeid

Legg inn av Magnar Husby » 28. august 2012 kl. 23.19

Garden Almskår er ikkje nemnd. Det var opphavleg ein husmannsplass under Flå, men ligg tvers over fjorden frå Jordalsgrenda og var i seinare tider knytt nærare til Tingvoll over Havdal enn til Sunndal. Det er ikkje veg frå Almskår mot Flå og Ålvundeidet/Sunndal.

Svar

Gå tilbake til «Sunndal»