Johanne Larsdatter født 30. mai 1843

Moderator: MOD_Møre_og_Romsdal

Svar
gj15682
Innlegg: 6
Registrert: 2. februar 2012 kl. 21.07
Sted: Stokmarknes

Johanne Larsdatter født 30. mai 1843

Legg inn av gj15682 » 2. februar 2012 kl. 21.29

Hei... Er det noen som kan hjelpe meg?

Søker å få vite mer om min oldemor Johanne Larsdatter født 30. mai 1843 i Kvemsbrekka (muligens Moansbrokka eller Hoaasbrækka) i Sunndal. Døpt 12. juni 1843 i Hof. Foreldre: Lars Johnsen, Torskeløkken og Dordi Johnsdatter, Hoaasbrækka eller noe sånt :)
Dette er det eneste jeg vet. Kan noen hjelpe meg ? Takknemlig for svar. Mvh. Unni Annie

Borgny Aakvik Vorpbukt
Innlegg: 285
Registrert: 8. februar 2005 kl. 9.03
Sted: AVERØY

Re: Johanne Larsdatter født 30. mai 1843

Legg inn av Borgny Aakvik Vorpbukt » 2. februar 2012 kl. 22.52

Hei


Nr 21 her er vel hennes dåp

http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... x_side=-70

mvh Borgny

Knut Sæther
Innlegg: 2820
Registrert: 23. januar 2007 kl. 11.36
Sted: Øksendal

Re: Johanne Larsdatter født 30. mai 1843

Legg inn av Knut Sæther » 2. februar 2012 kl. 23.06

Lars Jonsson og Dordi Jonsdotter er omtala under plassen Torskelykkja i Sunndalsboka bind 2 s. 351, men dottera Johanne har ikkje kome med der. Lars var visstnok son til dei forrige brukarane av plassen, som var Jon Larsson og Brit Johansdotter. Dordi er nemnt som ukjent i bygdeboka, men det står at ho var f. ca. 1810. Eg har notert at ho må ha vore f. 1811 som dotter til Jon Ivarsson, husmann på Skrøo under Tredalen (Sunndalsboka bind 4 s. 35), og ei enkje Dordi på Hoåsbrekka som eg manglar fleire opplysningar om.

Den einaste informasjonen eg elles har om Johanne, er at ho flytta til Tromsø, og at ho vart gift med ein gardbrukar Ole K. Stefanusson i Lenvik.

Helsing Knut.
Sist redigert av Knut Sæther den 3. februar 2012 kl. 0.14, redigert 1 gang totalt.

gj15682
Innlegg: 6
Registrert: 2. februar 2012 kl. 21.07
Sted: Stokmarknes

Re: Johanne Larsdatter født 30. mai 1843

Legg inn av gj15682 » 3. februar 2012 kl. 0.06

Tusen takk Knut :)

Dette var virkelig artig lesing siden Johanne (min oldemor) fra Sunndal, har man visst lite om. Ja min oldefar het Ole Christian Stefanussen født 1823 fra Lenvik i Troms. Så det virker som du er inne på riktig spor :)
Jeg har alltid lurt på om hun hadde flere søsken etc. siden det ikke har vært så mye snakk om henne bortsett fra at hun kom fra Sunndalen. Har spurt min mor, men hun visste ikke. Har ingen erfaring med slektsforskning, men det hadde vært morro å visst om man hadde slekt i Sunndalen. Mvh. Unni Annie

gj15682
Innlegg: 6
Registrert: 2. februar 2012 kl. 21.07
Sted: Stokmarknes

Re: Johanne Larsdatter født 30. mai 1843

Legg inn av gj15682 » 3. februar 2012 kl. 0.18

Tusen takk Borgny :)

Ja det stemmer..... den fant jeg også. Bortsett fra det er det lite jeg vet. Hun giftet seg med min oldefar Ole Christian Stefanussen fra Lenvik i Troms og fikk min bestemor Andrea. Siden det aldri har vært særlig snakk i familien bortsett fra at min oldemor kom fra Sunndal, har jeg alltid lurt på om jeg har slekt i Sunndal. Mvh. Unni Annie

Knut Sæther
Innlegg: 2820
Registrert: 23. januar 2007 kl. 11.36
Sted: Øksendal

Re: Johanne Larsdatter født 30. mai 1843

Legg inn av Knut Sæther » 3. februar 2012 kl. 0.41

Johanne hadde ei søster Rennei f. 1846, men ho døydde på plassen i 1878 ifølgje bygdeboka.
Det ser ikkje ut til at denne Rennei hadde barn etter seg.

Her er dåpen hennar (nr. 94):

Møre og Romsdal fylke, Sunndal, Ministerialbok nr. 590A04 (1832-1846), Fødte og døpte 1846, side 98.
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... _side=-104

I det forrige innlegget mitt skulle det stå bind 4 s. 35 (ikkje bind 2), og det har eg no retta opp.

Helsing Knut.

gj15682
Innlegg: 6
Registrert: 2. februar 2012 kl. 21.07
Sted: Stokmarknes

Re: Johanne Larsdatter født 30. mai 1843

Legg inn av gj15682 » 3. februar 2012 kl. 9.44

Oi.... Det var synd dersom Rennei var den eneste søsken hun hadde. Da forstår jeg litt mer.
Står det noe i bygdeboka om nårtid Johanne flytta til Tromsø? Ellers for jeg prøve å finne ut mer om mine tippoldeforeldre.

Mvh. Unni Annie

Knut Sæther
Innlegg: 2820
Registrert: 23. januar 2007 kl. 11.36
Sted: Øksendal

Re: Johanne Larsdatter født 30. mai 1843

Legg inn av Knut Sæther » 3. februar 2012 kl. 20.39

Johanne er utegløymt i bygdeboka, men ho er registrert utflytta frå Sunndal i 1871 (nr. 7):

Møre og Romsdal fylke, Sunndal, Ministerialbok nr. 590A05 (1847-1877), Inn- og utflyttede 1872, side 407.
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... _side=-423

Det står nokre fleire opplysningar om foreldra og to av besteforeldra til Johanne i Sunndalsboka, så du vil nok ha nytte av å fjernlåne dette bygdebokverket om du har høve til det. I første omgang vil du ha bruk for bind 2, men dersom du vil prøve å finne meir informasjon vidare bakover, treng du nok òg bind 3 og 4. Han som må ha vore morfaren til Johanne, Jon Ivarsson, står det til dømes meir om i bind 4. Som tidlegare nemnt meiner eg han var identisk med ein husmann under garden Tredalen. Iallfall fann eg ikkje nokon alternativ kandidat den gongen eg dreiv og granska denne familien. Men her kan du jo gjere dine eigne undersøkingar.

Når det gjeld han som truleg var farfaren til Johanne, Jon Larsson (f. ca. 1763), står det i bygdeboka at han vart gift med Brit Johansdotter i 1806. Det eg gløymde å leggje til i går, var at han gifta seg på nytt i 1824 med ei Rannei Evensdotter, f. ca. 1781 og kanskje dotter til soldat Even Anfinnsson og pike Mari Olsdotter (jf. Sunndalsboka). Eg er nokså sikker på at det var denne kvinna Jon (mange år tidlegare) hadde fått sonen Lars med. Mor til Lars var altså ikkje Brit Johansdotter som eg kom i skade for å skrive i går (slik kan det gå når ein skriv innlegg alt for seint på kvelden...). Fødselsåret til Lars er ikkje oppgjeve i bygdeboka, og heller ikkje kven mor hans var, men det må vere han som blir døypt her i 1804 (nr. 35, venstre side):

Møre og Romsdal fylke, Sunndal, Ministerialbok nr. 590A02 (1794-1820), Fødte og døpte 1805, side 35.
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... x_side=-19

Lars Jonsson døydde i 1865, og den oppgjevne alderen på 62 år stemmer godt med dette fødselsåret.

Om du ønskjer det, kan eg nok hjelpe deg med å prøve å finne avstamminga til Jon Larsson og Even Anfinnsson. Men det må eg i så fall få kome tilbake til seinare. Elles er det ikkje meininga mi å ta frå deg gleda av å finne ut ting sjølv.

Knut.

Knut Sæther
Innlegg: 2820
Registrert: 23. januar 2007 kl. 11.36
Sted: Øksendal

Re: Johanne Larsdatter født 30. mai 1843

Legg inn av Knut Sæther » 5. februar 2012 kl. 10.49

I Sunndalsboka skriv forfattaren at avstamminga til Jon Larsson på Torskelykkja er ukjent.

For ei tid sidan kom eg over eit skifte der ein husmann Jon Larsson på Torske er nemnt. Skiftet er frå 1825, og er etter ei Marit Olsdotter og mannen hennar Ivar Kristoffersson på Flatvad bruk nr. 3 (Sunndalsboka bind 2 s. 245). Bygdebokforfattaren antydar at denne Marit (f. ca. 1747) kan ha vore ei dotter til brukaren Ole Olsson I på Leangen, og funn eg har gjort i kjeldene støttar opp om den hypotesen (dette kan eg kome tilbake til).

Her er lenkje til skiftet:

http://arkivverket.no/URN:sk_read/24660 ... ull&mode=0

Dei viktige opplysningane er å finne i venstre spalte på den høgre sida (fol. 306, litt ovanfor midten). Her står det at Marit Olsdotter utanfor ekteskap hadde avla ein son "ved Navn John Larsen, gift paa en Plads under Gaarden Torsche og myndig". Eg kan ikkje forstå anna enn at dette er han på Torskelykkja som etter alle solemerke er tipptippoldefaren din, Unni Annie.

Jon Larsson døydde i 1831, og ifølgje kyrkjeboka var han da 68 år gammel:

Møre og Romsdal fylke, Hov i Sunndal, Ministerialbok nr. 590A03 /1 (1819-1832), Døde og begravede 1830-1832, side 194-195.
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... x_side=-38

Det betyr at han var f. ca. 1763, og vi finn han døypt i 1765 (nr. 20, høgre side):

Møre og Romsdal fylke, Sunndal, Ministerialbok nr. 590A01 (1752-1793), Fødte og døpte 1766, side 35.
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... x_side=-18

Vi ser at Marit Olsdotter Leangen står oppført som mor. Faren var Lars Larsson Torske, men han har eg ikkje greidd å fastslå identiteten til så langt.

Familien som Marit Olsdotter etter alt å dømme kom frå, er omtala i Sunndalsboka bind 3 s. 41. Men Marit er ikkje nemnt der.

Knut.

Borgny Aakvik Vorpbukt
Innlegg: 285
Registrert: 8. februar 2005 kl. 9.03
Sted: AVERØY

Re: Johanne Larsdatter født 30. mai 1843

Legg inn av Borgny Aakvik Vorpbukt » 5. februar 2012 kl. 11.39

Hei

Johanne Larsdatter må også ha halvsøsken som er eldre enn henne. Står nevnt 2 gangs leiermål ved dåpen hennes.

mvh Borgny

Knut Sæther
Innlegg: 2820
Registrert: 23. januar 2007 kl. 11.36
Sted: Øksendal

Re: Johanne Larsdatter født 30. mai 1843

Legg inn av Knut Sæther » 5. februar 2012 kl. 12.59

Hei Borgny - det var fint du gjorde merksam på denne notisen i kyrkjeboka, for dette betyr gode nyheiter for Unni Annie. Resultatet av det første leiermålet til Dordi Jonsdotter ser ut til å vere denne Asbjørg som vart døypt i 1836 (nr. 14):

Møre og Romsdal fylke, Sunndal, Ministerialbok nr. 590A04 (1832-1846), Fødte og døpte 1836, side 16.
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... x_side=-19

Mora er som vi ser Dordi Jonsdotter Torskeløkken. Presten har først skrive at ho var ei Andersdotter, men korrigert dette etterpå. (Denne korreksjonen har eg sjølv oversett i notata mine!) Som far er oppført Hans Taraldsson Musgjerd. Asbjørg vart gift med ein innerst og dagarbeidar Hågen Toresson, og dei fekk etter det eg har notert fem barn. Så vidt eg kan sjå har ikkje denne familien kome med i Sunndalsboka, men eg har kartlagt han, så eg kjem tilbake med meir informasjon om ikkje så lenge.

Knut.
Sist redigert av Knut Sæther den 5. februar 2012 kl. 14.28, redigert 1 gang totalt.

Knut Sæther
Innlegg: 2820
Registrert: 23. januar 2007 kl. 11.36
Sted: Øksendal

Re: Johanne Larsdatter født 30. mai 1843

Legg inn av Knut Sæther » 5. februar 2012 kl. 14.27

Asbjørg Hansdotter og Hågen Toresson fekk det første barnet sitt Ingebrigt i 1857 (nr. 47):

Møre og Romsdal fylke, Sunndal, Ministerialbok nr. 590A05 (1847-1877), Fødte og døpte 1857, side 77.
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... x_side=-82

Dei gifta seg i 1858 (nr. 5):

Møre og Romsdal fylke, Sunndal, Ministerialbok nr. 590A05 (1847-1877), Ekteviede 1858, side 275.
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... _side=-287

I 1859 blir dottera Brit døypt (nr. 34):

Møre og Romsdal fylke, Sunndal, Ministerialbok nr. 590A05 (1847-1877), Fødte og døpte 1859, side 88.
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... x_side=-93

I 1861 sonen Jon (nr. 3):

Møre og Romsdal fylke, Sunndal, Ministerialbok nr. 590A05 (1847-1877), Fødte og døpte 1862, side 106.
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... _side=-112

I 1865 sonen Lars (nr. 1):

Møre og Romsdal fylke, Sunndal, Ministerialbok nr. 590A05 (1847-1877), Fødte og døpte 1866, side 129.
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... _side=-135

Og i 1873 "attpåklatten" Dordi (nr. 3):

Møre og Romsdal fylke, Sunndal, Ministerialbok nr. 590A05 (1847-1877), Fødte og døpte 1873, side 169.
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... _side=-175

Her er familien i 1865:

http://www.digitalarkivet.no/cgi-win/we ... =1271#ovre

Eg kjenner ikkje skjebnen til alle desse barna, men har fått samla ein del opplysningar om to av dei. Det går an å kome tilbake til desse seinare (kan ikkje ta alt på ein gong).

Knut.

Knut Sæther
Innlegg: 2820
Registrert: 23. januar 2007 kl. 11.36
Sted: Øksendal

Re: Johanne Larsdatter født 30. mai 1843

Legg inn av Knut Sæther » 6. februar 2012 kl. 23.25

Av barna til Asbjørg Hansdotter og Hågen Toresson er det berre Brit og Dordi eg veit litt om frå før. (Kanskje andre har opplysningar om desse to eller om dei øvrige i søskenflokken.)

Dottera Brit finn vi med eigen familie her i 1900:

http://www.digitalarkivet.no/cgi-win/we ... =1057#ovre

Vi ser at mor til Brit budde hos familien. Brit og Peder Andersson vart vigd i 1895:

Møre og Romsdal fylke, Hov i Sunndal, Klokkerbok nr. 590C02 (1869-1931), Ekteviede 1893-1898, uten sidenr.
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... _side=-113

Det kjem fram at paret budde på Leangsøya på dette tidspunktet. Brit Hågensdotter fekk elles ei dotter Helga med Ole Henriksson Kaasen i 1887 (da òg budde ho på Leangsøya) (nr. 5):

Møre og Romsdal fylke, Hov i Sunndal, Klokkerbok nr. 590C02 (1869-1931), Fødte og døpte 1887, uten sidenr.
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... x_side=-25

Og sjølv om opplysningane i denne klokkarboka er sparsame, var det nok same kvinna som fem år tidlegare, i 1882, hadde fått ei dotter Anna med Steingrim Eriksson Torske. (Både i 1865 og i 1900 var det berre ei kvinne med namnet Brit Hågensdotter i Sunndal.) Her blir Anna døypt (nr. 1):

Møre og Romsdal fylke, Hov i Sunndal, Klokkerbok nr. 590C02 (1869-1931), Fødte og døpte 1882, uten sidenr.
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... x_side=-19

Så over til Dordi. I 1895 gifta ho seg med Halvor (Halvard) Nilsson Tredal (viser til lenkja til Brit sin vigsel). Her er ho med mann og barn på Vinnavollhjellen i 1900:

http://www.digitalarkivet.no/cgi-win/we ... =1092#ovre

Eg har ikkje funne familiane til Brit og Dordi nemnde i Sunndalsboka. Rett nok står det i bind 4 s. 37 (under Krokshamnbukta) at Halvor Nilsson døydde som gift innerst på Vinnavoll i 1901.

Knut.

gj15682
Innlegg: 6
Registrert: 2. februar 2012 kl. 21.07
Sted: Stokmarknes

Re: Johanne Larsdatter født 30. mai 1843

Legg inn av gj15682 » 7. februar 2012 kl. 23.00

Hei Knut

Har ikke hadd anleding til å fulgt opp så mye siste uken, så dette var virkelig morro å lese :)
Hadde nok ikke greid å finne fram til alt dette selv så tusen takk for all hjelp.
At Johanne også hadde en halvsøster var virkelig artig å lese.
Det betyr at jeg kanskje har slekt i Møre og Romsdal :)

Mvh. Unni Annie

gj15682
Innlegg: 6
Registrert: 2. februar 2012 kl. 21.07
Sted: Stokmarknes

Re: Johanne Larsdatter født 30. mai 1843

Legg inn av gj15682 » 7. februar 2012 kl. 23.04

Hei Borgny

Tusen takk ! Har vært inne på tanken selv men ikke visst hvor jeg skulle lete.

Mvh. Unni Annie

Svar

Gå tilbake til «Sunndal»