Er Peder på Hoem og Berit på Hol søsken? Jfr FT 1801

Moderator: MOD_Møre_og_Romsdal

Svar
10730
Innlegg: 187
Registrert: 13. oktober 2007 kl. 16.00
Sted: TORNES I ROMSDAL

Er Peder på Hoem og Berit på Hol søsken? Jfr FT 1801

Legg inn av 10730 » 22. september 2017 kl. 9.56

Berit Knudsdotter Malme gifta seg med Knud Pedersen Hol i 1795.

https://digitalarkivet.no/view/327/pv00000001469265

I FT 1801 finn vi paret på Hol, med ei dotter Marit 3 år, og husbondens svigerfar, altså far til Berit, Knud Knudsen, 58 år , beregnet fødselsår ca 1743.

https://www.digitalarkivet.no/census/ru ... 8425002360

Marit sin konfirmasjon er truleg her, nr 28, ho er 16 år i 1794

https://media.digitalarkivet.no/view/16064/49803/49

På Hoem Indre finn vi ved FT 1801 ein Peder Knudsen, ugift husbonde 23 år gammel. Han gifter seg i 1801 med enka Zezil Larsdtr, ho var tidlegare kona til forrige eigar Jon Olsen Hoem.

https://www.digitalarkivet.no/census/ru ... 8425002623

https://digitalarkivet.no/view/327/pv00000001469546

Her ser vi i giftemålet at det er skrive Peder Knudsen Malme, som fortel oss kvar han kjem frå. Peder sin konfirmasjon er truleg her, han bur då på Hol (hjå søster og far?) Han er 18 år i 1796.

https://media.digitalarkivet.no/view/16064/49803/61

Peder får sonen Lars i 1801, legg merke til fadder Knud Pedersen Hoel (svoger?)

https://media.digitalarkivet.no/view/16 ... ?indexing=

(Nemner at Peder Knudsen Hoem indre blir enkemann ca 1809, og gifter seg 1811 i Kleive krk med ei Sigri Knudsdtr Strande, dei får 2 born.)

Paret Berit og Knut på Hol får 7 born etter det eg har funne. Peder Knudsen på Hoem (onkelen?) er fadder til Siri fødd 1805, og til Anemarta fødd 25.11 1821.

Mitt hovudfokus er den moglege relasjon mellom Knud Knudsen Malme og Berit Knudsdtr Hol og Peder Knudsen Hoem. Denne Knud Knudsen Malme, seinare Hol, fødd ca 1743, meiner eg å kjenne opphavet til. Eg viser til dette arveskiftet i januar 1774.

https://media.digitalarkivet.no/view/24618/746

Dei to avdøde er Knud Knudsen Malme og kona Guro Ellingsdotter. Den avdøde KK har ein son KK fødd ca 1743 frå eit tidlegare ekteskap på Opsal på Sekken, kona var Berit Einersdtr,som døydde 1744. Eg meiner dette har vore tema i forumet tidlegare.

Eg ser det slik at det er denne Knud Knudsen som er faren til Berit (oppattkalling etter farmor) og Peder. Knud Knudsen må ha gifta seg kring 1775, med ei ukjend kone, og fått borna Berit og Peder, slik som omtala ovafor.

Eg reknar med at andre har sett på desse folka ( stor etterslekt) Kom gjerne med kommentarar og merknader. Det er ei ukjent kone her. Kan nokon ha tankar om kven det kan vere?

gj25781
Innlegg: 87
Registrert: 26. juli 2016 kl. 23.43
Sted: BERGEN

Re: Er Peder på Hoem og Berit på Hol søsken? Jfr FT 1801

Legg inn av gj25781 » 2. oktober 2017 kl. 18.10

Har du sett hva som står om Peder Knudsens opphav i Bygdebok for Fræna? Hvis vi ikke husker feil har den kommet ut for Hoem, men ikke for Hol.

Jeg tror dette er skiftet fra 1831 etter den Knud Pedersen Hoel som er nevnt i tråden: https://media.digitalarkivet.no/sk20090130620571

Arvingene var enka Beret Knutsdatter, samt syv barn. Formynder for barn nummer seks, Siri Knudsdatter, var Peder Knudsen Indre Hoem. Jeg regner med at det er samme karen, og da taler jo det helt klart for et nært slektskap.

10730
Innlegg: 187
Registrert: 13. oktober 2007 kl. 16.00
Sted: TORNES I ROMSDAL

Re: Er Peder på Hoem og Berit på Hol søsken? Jfr FT 1801

Legg inn av 10730 » 2. oktober 2017 kl. 20.13

Hei, takk for svar.

Som du seier viser dette skiftet at det er ein relasjon mellom dei omtala personane. Bygdeboka for Hoem seier at Peder Knudsen kjem frå Malme, og ikkje noko meir enn det. Bygdebokskrivaren hadde nok ikkje tilstrekkelege opplysningar til vidare slutningar i skrivande stund.

Eg har gitt han mitt notat som står ovafor. Han har i eit kort svar sagt seg samd i slutningane.

Svar

Gå tilbake til «Fræna»